Innhold
Innhold
L03.02.1961

Bilansvarsloven

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova)

L03.02.1961 Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Kapitel I. Kva lova gjeld. Definisjonar.

§ 1. (kva lova gjeld).

Denne lova gjeld skadebot for skade som motorvogner gjer på folk eller eige og likeins trygding mot slik skade.

§ 2. (skade som ikkje går inn under lova).

Reglane i lova gjeld ikkje tilfelle då skaden

  • a)

    kjem av at motorvogna vert nytta til anna enn køyredoning , eller

  • b)

    er gjord medan vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast , eller

  • c)

    er gjord medan vogna er med i motorvognrenn som vert halde på avstengde stader i samhøve med serleg politiløyve , eller

  • d)

    er atomskade som går inn under lov om atomenergivirksomhet, kapittel III om erstatning og forsikring.

Gjer ei uregistrert motorvogn skade og vogna ikkje skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova, går tilfellet inn under lova berre når skaden er gjord på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast eller skaden kjem av at vogna er brukt der. Departementet kan fastsetja at alle eller sume slag uregistrerte motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller fråsegsette på slik stad som er nemnd i fyrste punktum.

§ 3. (kva det er meint med motorvogn).

Med motorvogn er i denne lova meint køyretøy som vert drive med motor og er laga eller esla til å køyrast på bakken , såleis og trådbuss (trolleybuss), men ikkje køyretøy som går på skjener.

Eit luftfartøy eller luftputefartøy er ikkje motorvogn, og det er heller ikkje køyretøy som er så laga at det einast kan styrast av folk til fots .

Tilhengjar og anna vedheng til ei motorvogn vert rekna for ein part av vogna når dei vert køyrde i samband med vogna eller er fest til henne i anna høve . Gjer eller får ein tilhengjar skade i andre tilfelle , vert han halden for serskild motorvogn såframt han er registrert etter vegtrafikklova eller skal vera registrert eller ha eigne kjennemerke .

Kongen kan fastsetja at inkje eller berre sumt av lova skal gjelda for serskilt nemnde motorvogner når han meiner at vognene sjølve eller bruken av dei, er til serleg liten fare i vegferdsla. Reglane i § 8 om samanstøyt og anna gjeld likevel skade som råkar slik vogn eller folk eller gods i henne.

Kapitel II. Skadebot som trafikktrygdaren skal svara.

§ 4. (grunnlaget for skadebot).

Gjer ei motorvogn skade , har skadelidaren krav på skadebot hjå det trygdelaget som vogna er trygda i etter kapitel IV, endå om ingen er skuld i skaden. Oppreising for ikkje økonomisk skade fell likevel berre inn under trygdelaget sitt ansvar når skadevaldaren fyller vilkåra for ansvar etter lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 3-5.

§ 5. (skade som ikkje kan krevjast bøtt).

Ingen kan krevja skadebot etter lova her for:

  • a)

    Skade på motorvogna sjølv med tilhøyrsle , og heller ikkje for skade på gods som vert ført med vogna, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade ,

  • b)

    skade som nokon får på godset sitt medan han køyrer motorvogna eller tilhengjaren eller anna vedheng til dei , frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade,

  • c)

    skade på hund som går laus, når ikkje anten eigaren eller brukaren åt vogna eller nokon som er med i henne, er skuld i skaden eller av andre grunnar har ansvar etter vanlege skadebotreglar.

§ 6. (korleis skadebota vert fastsett).

Skadebota vert fastsett etter vanlege skadebotreglar når ikkje anna er sagt .

Attåt skadebot skal det og svarast rente etter lov om renter ved forsinket betaling m.m. § 3. Melding om skaden til trygdelaget vert rekna som påkrav, jf. likevel skadeserstatningsloven § 3-2 a ellevte ledd om renter ved inntektstaperstatning til barn.

§ 7. (når skadelidaren har medverka til skaden).

Har skadelidaren medverka til skaden med vilje eller i aktløyse , kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort , så nær som når skadelidaren kan leggjast berre lite til last . Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.

Gjer ei motorvogn skade medan ho står still og skaden ikkje vert gjord medan vogna vert sett i gang eller stogga, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, jamvel når skadelidaren kan leggjast berre lite til last.

Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han visste at vogna var fråvend rette innehavaren med brotsverk.

Skadeliden vognførar som køyrde den vogna som gjorde skaden, kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det dersom han visste eller måtte vita at

  • a)

    vogna vart nytta i samband med eit brotsverk, eller

  • b)

    han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder. Særregelen her gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Hadde vognføraren større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alkoholmengd i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utandingslufta enn 0,25 milligram per liter luft, vert han i alle tilfelle rekna for påverka av alkohol i høve til regelen her.

§ 8. (samanstøyt og anna).

Skade som ei motorvogn gjer på ei anna motorvogn eller ei skjenegangsvogn eller på folk eller gods i slike vogner, går inn under trafikktrygdinga åt vogna berre når skaden kjem av

  • a)

    at eigaren, brukaren eller køyraren eller nokon annan som var med i vogna, ikkje bar seg forsvarleg åt, eller

  • b)

    at vogna ikkje var i orden eller svikta, eller

  • c)

    at vogna elles vart køyrd , fråsegsett eller handsama slik at ho kom i strid med gjeldande trafikkreglar .

Var det på skadelidar-sida òg, slike omstende som er nemnde i fyrste leden, avgjer retten om det skal svarast skadebot etter fyrste leden og då kor stor summen skal vera. Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.

§ 9. (ansvarsgrense ved skade på gods)

Når gods vert skadd, kan skadebota vera opptil 10 000 000 kroner for det som vert skadd i same hending . Var det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile summen.

Er skaden på gods større enn 10 000 000 kroner og meir enn ein har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav. Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen som det gjeld, jf § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord. Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det som står att av ansvarssummen (trygdesummen).

Attåt skadebot som er nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.

Departementet kan gje føresegner om indeksregulering av summane som er nemnde i fyrste og andre leden.

§ 10. (motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend).

Når ei motorvogn som skulle vore trygda , men ikkje er det, gjer skade på folk eller gods, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden i lag, som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Dette gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda.

Har ei motorvogn gjort skade på folk eller gods, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. For gods gjeld dette likevel berre når det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg skade på person, skal det leggjast vekt på kor stor og varig skaden er. Regelen i første punktum i leden her gjeld tilsvarande for skade på fast eigedom og dyr med unntak for lause hundar.

Kapitel III. Eige ansvar. Attsøkjingsrett.

§ 11. (ansvar for eigar, brukar, m.m.).

Når den som eig eller brukar ei motorvogn eller er med i vogna, har ansvar etter vanlege skadebotreglar for skade som går inn under lova her, kan retten minka kravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeerstatning § 5-2.

Reglane i § 8 om korleis ansvaret for skade etter samanstøyt og anna skal bytast, gjeld dei som er nemnde i fyrste leden òg, når ein slik har ansvaret for skaden.

Trafikktrygdaren (eller den som er ansvarleg etter § 16) skal bera all skadebot i samsvar med reglane i kapitel II så langt han ikkje kan søkja utlegget att hjå den ansvarlege.

§ 12. (attsøkjingsrett for trygdaren)

Den summen som ein trygdar lyt reide ut for ei trygda motorvogn etter lova her, kan han krevje att hjå den som eig eller bruker vogna eller var med i henne og som

  • a)

    gjorde skaden med vilje eller i grov aktløyse, eller

  • b)

    hadde teke rådvelde over vogna med brotsverk eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste at ho var fråvend rette innehavaren med brotsverk, eller

  • c)

    sjølv hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.

Ingen kan trygde seg mot attsøkjingskrav etter paragrafen her. Avtale om det gjeld ikkje.

Ein trygdar kan ikkje seia frå seg attsøkjingsrett som han har etter paragrafen her. Atterhald om slik attsøkjingsrett i større omfang enn det er sagt her i lova, gjeld ikkje utan det er samhøveleg med reglane i trygdeavtalelova. Atterhald om slik attsøkjingsrett av de ein ansvarleg har gjort skaden i aktløyse, gjeld berre i dei tilfelle aktløysa er grov. Retten kan minka attsøkjingskravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5-2.

§ 13. (attsøkjingsrett når motorvogna skulle vore trygda, men ikkje er det).

Dei trygdelaga som har reidd ut skadebot etter § 10 fyrste leden, kan søkja utlegget att, anten nokon er ansvarleg for skaden etter vanlege skadebotreglar eller ikkje, hjå den som forsømde å trygda motorvogna, eller hjå den som køyrde henne då skaden vart gjord, endå han visste eller måtte vita at vogna ikkje var lovleg trygda. Kjem det til å verka urimeleg i fall heile kravet lyt svarast, og åtferda er orsakande, kan retten minka kravet.

Har nokon annan ansvaret for skade som ei motorvogn gjer, gjeld reglane i § 12 på tilsvarande måte.

§ 14.

(Opphevd med lov 21 juni 1985 nr. 81.)

Kapitel IV. Trafikktrygding.

§ 15. (motorvogner skal vera trygda).

Motorvogn som er registrert eller skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova, skal eigaren trafikktrygda for all skade som går inn under kapitel II . Er ei vogn ikkje trygda så som nemnt i fyrste punktum, og eigaren eller innehavaren let vogna verta brukt, faren med eller fråsegsett på slik vis at det kan koma opp skadebotkrav etter denna lova, skal eigar eller innehavar eller den som brukar eller køyrer vogna såleis, trafikktrygda henne.

§ 16. (kven som ikkje treng om å trygda seg).

Motorvogn som høyrer den norske staten til, treng ikkje vera trygda etter denne lova.

Når departementet samtykkjer, treng heller ikkje motorvogn som høyrer ein framand stat eller ein mellomfolkeleg samskipnad til, vera trygda etter denne lova.

I serhøve kan departementet jamvel samtykkja i at ein kommune eller ein kommunal institusjon let vera å trygda sine motorvogner etter denne lova, anten sume slag motorvogner eller alle slag.

Når ei motorvogn er utrygda etter denne paragrafen, og vogna gjer skade, har staten, eller den kommunen eller den kommunale institusjonen det gjeld, same ansvaret som ein trygdar har etter lovleg trygding og, om inkje anna er avtala, same rett som ein trygdar, til å søkja sine utlegg att hjå andre ansvarlege.

§ 17. (føresegner om trygding mv.)

Departementet kan gje nærare føresegner om trafikktrygding, m a om

  • a)

    godkjenning eller registrering av trygdelag,

  • b)

    krav til trygdelag, trygdeavtalar mv,

  • c)

    plikt for trygdelag til å vera medlem i ein samskipnad av trygdelag (Trafikkforsikringsforeningen) og om samskipnadens verksemd,

  • d)

    i kva grad trygding skal gjelda skade som motorvogn gjer i utlandet, og om utreiing av skadebot for slik skade,

  • e)

    trygding for utanlandske motorvogner som vert nytta her i riket mellombels,

  • f)

    utreiing av skadebot etter § 10, og om korleis slik skadebot skal bytast på trygdelaga,

  • g)

    at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal reknast som utrygda etter reglane i bilansvarslova § 10, og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd ut skadebot for slik skade,

  • h)

    trygding for motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her.

Departementet kan vidare gje nærare føresegner om oppretting og drift av informasjonssenter og erstatningsorgan i samsvar med dei plikter staten har påtatt seg gjennom EØS-avtalen. I den utstrekning departementet finn det tenleg, kan ein leggje oppgåver i samband med dette til Trafikkforsikringsforeningen.

§ 17 a. (gebyr til Trafikkforsikringsforeningen)

Om ei motorvogn ikkje er trygda etter § 15 fyste punktum, skal eigaren betale eit gebyr til Trafikkforsikringsforeningen. Ved eigarskifte skal den nye eigaren betale gebyr sjølv om trygda frå den tidlegare eigaren gjeld etter forsikringsavtaleloven § 7-2.

Trafikkforsikringsforeningen kan etter søknad ettergi gebyret heilt eller delvis dersom brot på plikta til å tinga trafikktrygding må reknast som unnskuldeleg som følgje av tilhøve utanfor den ansvarlege sin kontroll.

Gebyret skal svare til den høgste premie for trafikktrygding i Noreg med eit tillegg som departementet kan fastsetje ved forskrift.

Trafikkforsikringsforeningen ilegg og krev inn gebyret.

Forvaltningsloven gjeld ikkje for avgjerd om gebyr.

Departementet kan gje nærare føresegner om fastsetjing og gjennomføring av gebyr, under dette om sakshandsaming, varigheita og storleiken på gebyret, om rett til å klage på avgjerd i sak om gebyr eller om ettergiving av gebyr.

§ 18. (innsøkjing av trygdepremi og eigen vågnadssum).

Premi for trafikktrygding etter denne lova kan søkjast inn med panting.

Det same gjeld gebyr etter § 17 a og eigen vågnadssum i samsvar med offentleg godkjende trygdevilkår.

§ 19. (når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøvet med trygdeavtalelova).

Om ein trygdeavtale held opp å gjelda, skal Trafikkforsikringsforeningen gi melding til motorvognregisteret om dette. Kjennemerke kan utan vidare varsel dragast inn etter nærare føresegner gitt av departementet. I føresegnene kan departementet og fastsetja at kjennemerke som er dregne inn, ikkje skal leverast ut att før det er betalt ei særleg avgift.

Trygdaren skal i betalingsvarsel eller oppseiing til trygdetingaren gjera han kjend med kva fylgje det kan få etter første leden i paragrafen her eller etter § 20 første leden bokstav a og b om han ikkje betalar eller leverar inn kjennemerke og vognkort av eige tiltak.

Trygdaren er ansvarleg for alle fylgjer av ei skadehending som ber til i trygdetida, såleis og for dei som kjem til syne etter at trygdetida er ute.

Reglane i forsikringsavtalelova del A (skadeforsikringsdelen) og del C (alminnelige bestemmelser) gjeld for trafikktrygding etter denne lova, så framt ikkje anna er sagt her i lova, eller går fram av samanhengen. Mellom trygdar og trygdetingar skal ei trafikktrygding haldast for ansvarstrygding endå om trygdetingaren sjølv ikkje er ansvarleg. Reglane om foraldring i forsikringsavtalelova § 8-5 og § 8-6 første, andre og fjerde leden gjeld ikkje om skadebot eller attsøkjingskrav etter denne lova.

Kapitel V. Straffer. Administrative sanksjonar. Kva tid lova tek til å gjelda og om brigde i andre lover.

§ 20. (straffer).

Om nokon

  • a.

    brukar eller køyrer ei motorvogn endå han veit eller må vita at vogna ikkje er lovleg trygda, eller

  • b.

    let vera å retta seg etter påbod om trygdeprov, gjevne med heimel i § 2 andre leden, vert han straffa med bot.

§ 21. ( administrative sanksjonar).

Kongen utpeiker eit eller fleire organ som skal sjå til at trygdelag, skadebehandlingsrepresentantar, informasjonssenter og erstatningsorgan oppfyller sine plikter etter lover og forskrifter som gjennomfører direktiv 2000/26/EF.

Organet skal ha kompetanse til å gi pålegg om retting ved brot på lover og forskrifter nemnt i første ledd. Dersom pålegg etter første punktum ikkje blir oppfylt, kan organet fastsetje at dei personar eller den institusjonen som skal oppfylle pålegget, skal betale dagleg løpande mulkt til forholdet er retta. Pålegget om mulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Kongen kan fastsetje nærare føresegner i forskrift.

§ 22. (kva tid lova tek til å gjelda).

Kongen fastset kva tid lova skal taka til å gjelda.

Er trygda for ei motorvogn etter § 11 i motorvognlova gjeven med ei trygding når denne lova vert sett i kraft, hefter trygdaren frå då av og til trygdeavtalen held opp å gjelda (jfr. § 19) etter reglane her i lova for all skade som vogna kan koma til å gjera i den tidbolken. For det som er att av trygdetida når lova vert sett i kraft, skal trygdetingaren svara så stor trygdepremi som laget lovleg reknar seg etter denne lova, frårekna premi som alt er utreidd for den tida.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy