Innhold
Innhold
L22.12.1999 nr. 105

Brukthandellova

Lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

L22.12.1999 nr. 105 Lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova).

§ 1. Verkeområde, formål m.v.

Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte ting.

Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.

Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.

Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.

§ 2. Krav om løyve frå politiet

Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte ting, medrekna brukte kunstgjenstandar og antikvitetar, krev løyve frå politiet . Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.

Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.

§ 3. Unnatak frå politiløyve

Føresegnene i § 2 gjeld ikkje for auksjonsverksemd som vert driven av advokatar.

§ 4. Forskriftsheimel

Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.

Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.

§ 5. Straff

Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med fengsel i inntil tre månader.

§ 6. Ikraftsetjings- og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt vert lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet oppheva.

Løyve frå politiet gitt med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet gjeld òg etter ikraftsetjinga av lova her.

§ 7. Endringar i andre lover

Frå den tid lova trer i kraft vert det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy