Innhold
Innhold
L15.05.1987 nr. 21

Film- og videogramloven

Lov om film og videogram

L15.05.1987 nr. 21 Lov om film og videogram.

Kapittel I. Innleiande reglar

§ 1. Verkeområde og definisjonar

Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje kringkasting slik dette er definert i kringkastingsloven.

Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.

Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.

Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.

Kapittel II. Løyveplikt og avgifter

§ 2. Kommunal løyveordning

Framsyning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt.

Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova §§ 236, 311 eller 317 eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.

Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld.

Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå kravet om løyve.

§ 3. Avgift til staten

Den som driv framsyning av film og videogram i næring, skal betale ei avgift til staten på 2,5 % av bruttoomsetninga. Dei avgiftspliktige skal føre særskild rekneskap for slik framsyning.

Den som vil ha eit videogram registrert for omsetning i næring, skal betale ei avgift til staten per videogram. Stortinget fastset satsane.

Departementet fastset i forskrift nærmare retningsliner om avgiftsgrunnlag, utrekning og innkrevjing av avgifter, bruken av midlane og kan gjere unntak frå kravet om avgift.

Kapittel III.

Kapitlet er opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 4.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 5.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 6.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

Kapittel IV. Merking og registrering av videogram m.m.

§ 7. Registrering av videogram

Videogram som skal omsetjast i næring, må vere registrert i eit videogramregister i Medietilsynet.

Departementet gir i forskrift nærmare reglar om registrering av videogram.

§ 8. Merking av videogram

Videogram som skal omsetjast i næring skal merkast av distributøren.

Departementet fastset i forskrift nærmare reglar for merkinga, og kan i forskrift gjere unntak frå kravet om merking.

§ 9.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 10. Gebyr for registrering og merking m.v.

Det skal betalast gebyr for registrering og merking m.v. Departementet fastset nærmare forskrifter om gebyr og om innkrevjing. Stortinget fastset satsane.

§ 11.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 12. Nekta registrering av videogram

Departementet kan gi forskrift om høve for Medietilsynet til å nekte registrering av videogram frå distributørar som bryt reglane i denne lova eller i forskrifter gitt med heimel i denne lova.

Kapittel V. Strafferettslege sanksjonar

§ 13. Straff

Den som ved vilje eller aktlaust bryt denne lova eller forskrifter givne med heimel i lova, kan straffast med bot eller fengsel i opptil tre månader eller med begge delar. Medverknad blir ikkje straffa.

§ 13a.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 14.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 15.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

§ 16.

Opphevet ved lov 6 feb 2015 nr. 7 (ikr. 1 juli 2015, etter res. 12 juni 2015 nr. 633).

Kapittel VI. Gjennomføring av lova

§ 17. Ikraftsetjing

Lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy