Innhold
Innhold
L23.03.1973 nr. 18

Fôrvareloven [OPPHEVET]

Lov om tilsyn med fôrvarer

L23.03.1973 nr. 18 Lov om tilsyn med fôrvarer. [OPPHEVET]

§ 1. Kva lova gjeld.

Denne lova gjeld

  • a)

    tilverking,

  • b)

    innførsle og

  • c)

    omsetning

av fôrvare (jfr. § 2) som vert utgjeven for å vera brukeleg til dyrefôr.

Fôrvare som skal utførast eller som vert innførd i transitt, går ikkje inn under lova utan Kongen har gjeve påbod om det.

Kongen kan fastsetja at for sume slag fôrvare eller for fôrvare som vert nytta einast til visse dyreslag eller til vitskapelege føremål, skal ingen eller berre nokre av føresegnene i lova gjelda. Om vareparti som ikkje er over ein viss storleik, gjeld det same.

I einskilde tilfelle kan departementet gjera vedtak om at eit serskilt nemnt vareparti ikkje skal gå inn under lova eller sume av føresegnene.

I tvilstilfelle avgjer departementet om ei vare er fôrvare etter denne lova.

§ 2. Kva sume ord tyder.

Med fôrvare er her i lova meint:

  • a.

    Kraftfôr: Emne eller vare som gjev mykje næring (nettoenergi) og/eller inneheld mykje protein pr. kg i samsvar med reglar som Kongen gjev.

  • b.

    Fôrtilsetning:

    • 1.

      Tilsetning av mineral.

    • 2.

      Tilsetning av vitamin.

    • 3.

      Tilsetningsstoff.

    • 4.

      Tilsetning for surfôr (ensilering).

    • 5.

      Tilsetning av lækjeemne.

  • c.

    Fôrblanding er blanding av fôrvarer.

  • d.

    Kraftfôrblanding: Blanding av to eller fleire fôrvarer med kraftfôr som hovuddel.

  • e.

    Emne eller vare av anna slag som Kongen fastset.

Med tilverking, innførsle og omsetning av fôrvare er meint:

  • a.

    Tilverking: Å framstella, foredla, blanda, pakka eller merka fôrvare, tilverking på leigegrunnlag medrekna.

  • b.

    Innførsle: Å føra eller senda fôrvare som har kome frå utlandet.

  • c.

    Omsetning: Å by fram til sal, handla med, lagra, fordela, byta eller ekspedera fôrvare.

§ 3. Forbod.

Tilverking, innførsle og omsetning av vare som går inn under denne lova, skal stå under tilsyn og regulering etter reglar som Kongen gjev.

Til iverksetjing av tilsyn og regulering kan Kongen m.a.:

  • a.

    Forby tilverking, innførsle eller omsetning av ei fôrvare som verkar skadeleg på dyr eller gjer at husdyrvare verkar skadeleg på folk eller fører med seg vågnad for det.

  • b.

    Forby tilverking, innførsle eller omsetning av fôrvare med misvisande eller lite rettleidande namn eller opplysning.

  • c.

    Forby at det i reklame for fôrvare vert gjeve misvisande opplysning.

  • d.

    Forby at det vert blanda vatn i fôrvare eller setja grenser for kor mykje vatn det kan blandast i slik vare.

  • e.

    Forby at blandingar av fôrvare vert innførd.

  • f.

    Fastsetja kva kvalitet ei fôrvare må ha om ho skal kunna verta innførd eller omsett og likeins gjeva reglar for tilverkingsarbeidet til å tryggja at kvaliteten åt ei vare held mål.

§ 4. Melding, godkjenning og anna.

Kongen kan fastsetja at den som tilverkar, innfører eller omset fôrvare som går inn under denne lova, skal:

  • a.

    melda frå om det til departementet og opplysa kva fôrvarenamn og merke på innpakking han vil nytta i omsetninga,

  • b.

    gjeva dei oppgåvene og vareopplysningane som departementet krev,

  • c.

    føra dei bøkene som departementet meiner trengst, om tilsynet skal vera fullgodt.

Den som tilverkar fôrvareblanding, må nytta blandingsutstyr som departementet har godkjent.

Den som på fyrste hand står føre å by fram lækjeemnehaldig fôrvare, må ha godkjenning til dette frå det departementet som har godkjenningsrett. For godkjenning kan det setjast nærare vilkår.

§ 5. Varekunngjering (deklarasjon) og merking.

Når nokon omset fôrvare som går inn under denne lova, skal han lata kjøparen få oppgåve over innhaldet i vara og samansetninga. Oppgåva skal vera i samsvar med føresegn som Kongen fastset.

Kongen gjev for kvar einskild vare føresegner om analysen, forma på og innhaldet i oppgåva, merking av vareinnpakking o.a.

For den som sel vare han har avla sjølv, gjeld denne paragrafen ikkje, utan han driv handel med fôrvare.

§ 6. Tilsyn.

Departementet gjev reglar om tilsynet med at føresegner, gjevne i eller med heimel i lova her, vert fylgde. Såleis skal det gjevast reglar om korleis prøver av varer må verta uttekne og granska og om anna tilsyn etter lova. Det kan fastsetjast at tilsynsmaktene for å kontrollere har rett til å koma inn i roma og transportvognene til den som tilverkar, innfører eller omset fôrvare. Likeins at dei vederlagsfritt kan taka ut prøver til gransking.

Når det kjem fôrvare frå utlandet, skal tollstellet, i det omfang departementet fastset, straks varsla tilsynsmaktene. Desse avgjer om det skal takast prøve av vara og om ho kan verta utlevert. Uttekne prøver skal prøvetakaren straks senda til analyse.

Tilsynsmaktene kan krevja å få framlagt for seg, dei bøkene som er nemnde i § 4.

Departementet kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

§ 7. Bygdemøller.

Departementet kan fastsetja føresegner for bygdemøller som vik frå §§ 4, 5 og 6 i lova.

§ 8. Styringsorgan.

Departementet kan gje reglar om organiseringa av fôrvaretilsynet.

§ 9. Avgifter.

Kongen i riksråd kan fastsetja at den som tilverkar, innfører eller omset fôrvare som går inn under denne lova, skal svara ei avgift til å greida kostnaden med prøvetaking, analysar og granskingar og med å ha kontroll og tilsyn med at føresegner, gjevne i eller med heimel i lova her, vert etterlevde.

Den som tilverkar, innfører, omset eller brukar fôrvare, har rett til å få vara si analysera mot å svara avgift.

Avgift som nemnt i denne paragrafen, kan verta sett i eller i form av takstar for det einskilde kontrolltiltaket og/eller etter vekt, storleik eller verde på vara som er tilverka, innførd eller omset.

Departementet kan gje føresegner om avgiftsfritaking som kan gjelda heilt ålment eller for det einskilde tilfellet og kan likeins fastsetja at avgiftsgrunnlaget kan finnast ut med skjøn når det ikkje let seg gjera å fastsetja kor stor avgifta skal vera etter oppgåver og opplysningar som ligg føre.

Departementet kan gjeva reglar om korleis avgifta skal reknast ut, krevjast inn og oppgjerast, om tilsynet med dette og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er oppgjord i rett tid. Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 10. Straff og anna.

Om nokon med vilje eller i aktløyse bryt eller freistar bryta føresegn gjeven i eller med heimel i eller halden oppe i denne lova, eller bryt eller freistar bryta påbod eller forbod gjeve med heimel i lova, vert han straffa med bot, når åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.

Om nokon tilverkar eller innfører fôrvare utan å rette seg etter føresegnene om melding og bokførsle i § 4 her i lova, kan departementet for ei viss tid nekta han løyve til å innføra eller omsetja slik vare som forsøminga gjeld.

Departementet kan gje anna tilsynsmakt fullmakt til å leggja beslag på ei fôrvare dersom denne etter gjeldande føresegner inneheld fôrtilsetningar, giftstoff eller smittestoff som kan vera helsefarlege for dyr eller som gjennom husdyrprodukt kan føra til helseskade for folk. Det same gjeld fôrvare som av andre grunnar kan reknast for helsefarleg. Klage over avgjerd om beslag kan skje til departementet. Klage har ikkje oppsetjande verknad.

§ 11. Iverksetjing.

Kongen kan gjeva føresegner som trengst til iverksetjing av lova.

§ 12. Kva tid lova tek til å gjelda.
  • 1.

    Kongen fastset kva tid lova tek til å gjelda.

  • 2.

    – – –

  • 3.

    Føresegner om reglar, gjevne med heimel i lova 27 juni 1924 nr. 3 om handel med kraftfôr, vert ståande ved makt til dess dei vert borttekne eller avløyste av føresegner og reglar gjevne med heimel i lova her.

  • 4.

    Er ei kraftfôrblanding godkjend etter reglar gjevne med heimel i lova 27 juni 1924 nr. 3 om handel med kraftfor, står godkjenninga ved makt til godkjenningsspørsmålet er avgjort etter lova her. Søknad om godkjenning må vera inngjeven innan den fristen som departementet fastset og kunngjer.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy