Innhold
Innhold
L19.06.2009 nr. 44

Krisesenterlova

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

L19.06.2009 nr. 44 Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

§ 1. Formålet med lova

Formålet med denne lova er å sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner , menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar .

§ 2. Krav til krisesentertilbodet

Kommunen skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar , og som har behov for rådgjeving eller eit trygt og mellombels butilbod .

Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing, hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet og skal omfatte:

  • a)

    eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis , heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod , og

  • b)

    eit gratis dagtilbod , og

  • c)

    eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon , og

  • d)

    oppfølging i reetableringsfasen , jf. § 4.

Enkeltpersonar kan vende seg direkte til krisesentertilbodet som nemnt i andre ledd, utan tilvising eller timeavtale .

Kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet , mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane.

Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde .

Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse hos dei tilsette og krav til fysisk sikring av lokale.

§ 3. Individuell tilrettelegging av tilbod

Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte.

Kommunen skal sørgje for å ta vare på barn på ein god måte som er tilpassa deira særskilte behov, og skal også sørgje for at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk .

Kommunen skal sørgje for at brukarar av bu- og dagtilbodet får tilgang til kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for at dei skal få eit fullgodt tilbod. Kommunen skal sørgje for rutinar for kvalitetssikring, bestilling og betaling av tolketenester .

§ 4. Samordning av tenester

Kommunen skal sørgje for at kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet.

Tilbod og tenester etter denne lova kan inngå som ledd i samordninga av ein individuell plan etter anna lovgiving, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 7-1, pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5, psykisk helsevernloven § 4-1, og lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen §§ 28 og 33.

§ 5. Teieplikt

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, har teieplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13 e. Brot på teieplikta straffast etter straffeloven § 209.

Teieplikta gjeld også fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad, arbeidsstad og andre opplysningar som kan røpe at nokon har vore i kontakt med tilbodet .

Opplysningar til andre forvaltningsorgan, jf. forvaltningsloven § 13 b nr. 5 og 6, kan berre givast når dette er nødvendig for å fremme oppgåvene til kommunen etter denne lova, eller for å førebyggje vesentleg fare for liv eller alvorleg skade på helsa til nokon .

§ 6. Opplysningsplikt til barnevernet

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernte nesta utan ugrunna opphald

  • a)

    når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,

  • b)

    når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,

  • c)

    når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,

  • d)

    når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernloven § 6-4.

§ 7. Politiattest

Den som blir tilsett eller får tildelt oppgåver som inneber kontakt med brukarar av eit krisesenter eller tilsvarande bu- og dagtilbod, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Departementet kan gje nærare forskrift om krav til politiattest.

§ 8. Internkontroll

Kommunen skal føre internkontroll for å sikre at dei verksemdene og tenestene som utgjer krisesentertilbodet, utfører oppgåvene sine i samsvar med krav fastsette i lov eller forskrift. Kommunen må kunne gjere greie for korleis ein oppfyller denne plikta.

§ 9. Statleg tilsyn

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunen oppfyller pliktene pålagde etter §§ 2, 3, 4 og 8.

Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for den tilsynsverksemda som er nemnd i første leddet.

§ 10. Bruk av lova på Svalbard

Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova på Svalbard og har høve til å fastsetje særlege reglar der det blir teke omsyn til forholda på staden.

§ 11. Ikraftsetjing og overgangsreglar

Lova blir sett i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Departementet kan i forskrift gi nærmare overgangsreglar.

§ 12. Endring i anna lovgjeving

Med verknad frå ikraftsetjinga av lova gjer ein denne endringa i anna lovgjeving: Barnevernloven § 6-4 a blir oppheva.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy