Innhold
Innhold
L08.06.1973 nr. 49

Lærerutdanningsloven [OPPHEVET]

Lov om lærarutdanning

L08.06.1973 nr. 49 Lov om lærarutdanning. [OPPHEVET]

Kapittel I. Innleiing.

§ 1. Området for lova.

Føresegnene i denne lova gjeld:

  • 1.

    – – –.

  • 2.

    Skipnad og verksemd ved offentlige høgskole som tilbyr utdanning som nevnt i § 20.

    Kongen kan fastsetje at føresegner som gjeld desse også skal gjelde for privat lærarutdanningsinstitusjon dersom denne har eksamensrett eller får statstilskott.

Kapittel II. Allmenne føresegner.

§ 2. Siktemålet for lærarutdanninga.

1. Utdanninga skal gje den faglege og pedagogiske kunnskap og praktiske opplæring som trengst for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og oppseding etter ulike føresetnader hos elevane og i samsvar med målet for den skole utdanninga siktar mot.

2. Utdanninga skal fremje den personlege utviklinga hos studentane, vekkje interesse for pedagogisk utviklingsarbeid, og gje grunnlag for forståing av samanhengen mellom lærargjerninga og skolens funksjon i samfunnet.

§ 3. Oppbygging av utdanninga.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 4. Etterutdanning.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 5. Stillingar i skolen.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 5a. Lærarvitnemål.

Ved slutten av ei lærarutdanning skal utdanningsinstitusjonen ta endeleg stilling til om kandidaten er skikka for læraryrket, og i tilfelle gje han lærarvitnemål. Vitnemålet skal gje opplysningar om kva for undervisning eller andre oppgåver i skolen utdanninga særleg høver for. Andre kandidatar får vitnemål for dei studia dei har fullført med godkjent resultat.

Kapittel III. Utdanningskrav.

§ 6. Lærar.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 7. Adjunkt.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 8. Lektor.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 9. Skoleleiar.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 10. Stillingar med pedagogiske særoppgåver i skolen.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 11. Pedagogisk utdanning.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 12. Godkjenning av utdanning.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

Kapittel IV. Utdanningskrav for stillingar i kvart skoleslag.

§ 13. Grunnskole.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 14. Folkehøgskole.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 15. Vidaregåande skole.

(Oppheva med lov 17. juli 1998 nr. 61).

§ 16.

(Opphevd med lov 10 juni 1977 nr. 77.)

§ 17.

(Endra til § 14 med lov 10 juni 1977 nr. 77.)

§ 18.

(Opphevd med lov 10 juni 1977 nr. 77.)

Kapittel V. Høgskole som tilbyr lærarutdanning. Verksemd og skipnad.

§ 19. Oppgåver.

Høgskole som tilbyr utdanning som nevnt i § 20 skal førebu for undervisning og andre pedagogiske og administrative oppgåver i skolen.

Det skal leggjast vekt på å fremje yrkesetisk holdning og allsidig samtids- og kulturorientering. Studentane skal stimulerast til å ta del i sosiale aktivitetar i skole- og lokalsamfunnet.

Høgskole som nevnt i 1. ledd skal drive pedagogisk utviklingsarbeid med sikte på å styrkje lærarutdanninga og fremje den pedagogiske og faglege utviklinga i dei skoleslag dei utdannar lærarar for.

§ 20. Utdanningstilbod.

Etter departementets vedtak kan høgskole gje eit eller fleire av desse tilboda:

  • a.

    Førskolelærarutdanning.

  • b.

    Allmennlærarutdanning.

  • c.

    Faglærarutdanning.

  • d.

    Praktisk pedagogisk utdanning for lærarar i yrkesfag og for studentar som har fagleg utdanning frå universitet eller andre institusjonar.

  • e.

    Utdanning i fag, fagområde eller arbeidsområde, skipa som einingar på 1/2, 1 eller 2 år.

Høgskole som tilbyr utdanning som nemnt i 1. ledd skal til vanleg gje etterutdanning.

§ 21. Studieplanar.

1. Etter fråsegn frå Lærarutdanningsrådet fastset departementet rammeplanar for førskolelærarutdanning, allmennlærarutdanning, faglærarutdanning og praktisk pedagogisk utdanning.

2. Førskolelærarutdanning skal femne om:

  • a)

    Pedagogisk teori og praksis.

  • b)

    Fagleg-pedagogisk studium i fag, fagområde og arbeidsområde som høver for pedagogisk arbeid i barnehage. Studiet av minst eitt fag, fagområde eller arbeidsområde skal til vanleg svare til minst 1/2 års vanleg studietid.

3. Allmennlærarutdanninga skal femne om:

  • a)

    Pedagogisk teori og praksis.

  • b)

    Innføring i føremål, grunnleggjande innhald og arbeidsmåtar i dei fleste obligatoriske fag og emne som er med i gjeldande plan for grunnskolen (fagdidaktisk innføring).

  • c)

    Fag- og emnestudium i fag, fagområde eller arbeidsområde, som i alle høve femner om kristendomskunnskap med livssynsorientering, norsk, matematikk og eit praktisk-estetisk fag. I norsk kan ei av dei offisielle målformene byttast ut med samisk. Fag- og emnestudia kan ha ulikt omfang, men minst eitt av dei skal svare til eit 1/2 års vanlig studietid, eller meir.

4. Faglærarutdanninga skal femne om:

  • a)

    Pedagogisk teori og praksis.

  • b)

    Studium i eitt eller to fag, fagområde eller arbeidsområde og innføring i nærskylde emne som høver for arbeid i skolen.

5. Praktisk pedagogisk utdanning skal femne om pedagogisk teori, fagmetodikk, didaktikk og praksis, som til saman svarar til minst 1/2 års studietid.

§ 22. Praktisk opplæring.

1. Lærarutdanning skal femne om praktisk opplæring. Føremålet med opplæringa er å gje studentane høve til observasjon av elevar og arbeidet i skolen, utprøving av undervisningsopplegg og øving i praktisk lærararbeid.

2. Opplæringa kan etter avtale gjevast ved kommunal, fylkeskommunal, statleg eller privat skole eller institusjon. Den pedagogiske høgskolen avgjer i samråd med styret for vedkomande skole eller institusjon korleis opplæringa skal skipast.

3. Til utdanning som nemnt i § 20 første ledd skal det til vanleg vere knytt særskilde øvingsskolar for praktisk lærarutdanning, forsøks- og demonstrasjonsverksemd.

Føresegnene i lova for det skoleslag der den praktiske opplæringa går føre seg, gjeld så langt dei høver. Departementet fastset nærare føresegner.

§ 23.

(Opphevet ved lov 22. mai 1995 nr. 22)

§ 24. Vurdering og lærarvitnemål.

1. Institusjonen avgjer kva for prøver, skriftlege eller munnlege, som til kvar tid trengst for rettleiing og vurdering av kandidatane.

2. Departementet fastset føresegner om eksamen, sensur og karaktergjeving.

3. Ved slutten av ei lærarutdanning skal utdanningsinstitusjonen ta endeleg stilling til om kandidaten er skikka for læraryrket, og i tilfelle gje han lærarvitnemål. Vitnemålet skal gje opplysningar om kva for undervisning eller andre oppgåver i skolen utdanninga særleg høver for. Andre kandidater får vitnemål for dei studia dei har fullført med godkjent resultat.

§ 25-32.

(Opphevet ved lov 22. mai 1995 nr. 22.)

§ 33. Lærarutdanningsrådet

Eit lærarutdanningsråd skal vere rådgjevande og samordnande organ som arbeider for styrking av lærarutdanninga. Rådet skal gje fråsegner til departementet og kan gje råd og rettleiing til utdanningsinstitusjonar i viktige faglege og organisatoriske spørsmål som gjeld lærarutdanning.

Lærarutdanningsrådet skal ha frå 11 til 15 medlemer, med personlege varamedlemer. Dei skal utpeikast av departementet etter framlegg frå institusjonane som utdannar lærarar, studentane på desse institusjonane og organ e.l. for dei som sysselset lærarar.

Funksjonstida for rådsmedlemene er til vanleg 2 år for studentane, 4 år for dei andre.

Rådet held møte minst to gonger i året.

Departementet fastset nærare føresegner om samansetjing, oppnemning og saksførehaving m.m.

Departementet fastset korleis sekretariatet for rådet skal skipast.

Kapittel VI. Rådgjevande organ.

(Opphevet ved lov 22. mai 1995 nr. 22.)

Kapittel VII. Iverksetjing m.m.

§ 34. Iverksetjing av lova.

Denne lova gjeld frå den dag Kongen fastset. Kongen kan bestemme at § 26 kan setjast i verk inntil to år seinare enn resten av lova. Inntil § 26 kan setjast i verk ligg gjeremåla til styret hos departementet.

Fra den tid lova blir sett i verk fell desse lovene bort: – – –

Den som har lærarprøve etter lov 11 februar 1938 um lærarskular og prøvor for lærarar i grunnskulen eller etter tidlegare lover om lærarutdanning, eller som har fått godkjend lærarutdanning i medhald av mellombels lov 16 juni 1961 nr. 14 om utdanningskrav for lærarar i skolen, skal framleis kunne tilsetjast i undervisningsstillingar etter utdanningskrav som fastsette i sistnemnde lov.

§ 35. Brigde i andre lover.

Frå den dag lova blir sett i verk, blir det gjort følgjande brigde i lov 13 juni 1969 nr. 24 om grunnskolen: – – –

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy