Innhold
Innhold
L16.06.1961 nr. 7

Lensmannsloven [OPPHEVET]

Lov om lensmenn

L16.06.1961 nr. 7 Lov om lensmenn. [OPPHEVET]

§ 1.

Lensmenn skal vera norske borgarar og må ikkje vera frådømde røysterett i offentlege saker.

§ 2.

Lensmenn vert tilsette av eit tilsettingsråd . Rådet vert leia av politimeisteren og er elles sett saman etter reglane i tenestemannslova § 5.

§ 3.

Vert dei i tilsetjingsrådet ikkje samde, kan kvart einskildmedlem klaga saka inn for departementet. I slike tilfelle kan ikkje nokon annan tilsetjast enn ein av dei det stod mellom i rådet.

Er det mellom søkjarane nokon som etter § 9 i lov om statens tenestemenn er sagt opp frå lensmannsstilling eller nokon som har fått varsel frå departementet om at slik oppseiing kan koma på tale, og vil rådet tilsetja nokon annan, skal saka inn for departementet til endeleg avgjerd.

§ 4.

Lensmenn må ikkje ha nokon attåtpost eller driva attåtverksemd utan samtykke frå politimeisteren.

Kongen gjev nærare reglar om den retten politimeisteren skal ha til å gje samtykke etter fyrste leden og kan fastsetja at visse former for attåtverksemd skal kunne drivast utan slikt samtykke eller ikkje kunne drivast i det heile.

Dei avgjerdene politimeisteren tek etter fyrste leden, kan klagast inn for departementet.

§ 5.

Kongen gjev føresegner om kor langt ein lensmann kan setja tenestemennene ved lensmannskontoret til slike gjeremål som med lov er lagde til lensmennene.

§ 6.
  • 1.

    Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå samme tid held lov 30. juni 1884 om lensmannstilsetjingar opp å gjelda.

    Kongen kan gje nærare reglar om fyrste gongs val til tilsetjingsråda og fastsetja at val etter andre leden i § 2 skal haldast før lova elles tek til å gjelda.

– – –

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy