Innhold
Innhold
L16.04.1937

Lov om forbud mot frakt av våpen m.m

Lov om fullmakt for Kongen, eller den han gjev fullmakt, til å forby at norske skip blir nytta til å føra folk som eslar seg i krig, våpen, loty, fly eller partar derav til framandland

L16.04.1937 Lov om fullmakt for Kongen, eller den han gjev fullmakt, til å forby at norske skip blir nytta til å føra folk som eslar seg i krig, våpen, loty, fly eller partar derav til framandland.

§ 1.

Kongen eller den som han gjev fullmakt kan forby at norske skip blir nytta til å føra folk som eslar seg i krig, våpen, loty , fly eller partar derav til framandland og kan ferda ut turvande forskrifter til å halda forbodet uppe, derunder forskrifter om rett og skyldnad til å gjera om inkje ein fraktavtale so framt fraktaren nyttar eller har nytta skipet på ein måte som er i strid med forbodet.

§ 2.

Brot på slikt eit forbod eller på dei fyresegnene som er utferda i samsvar med § 1, blir straffa med bot eller med fengsel upp til tri månader.

§ 3.

Denne lova tek straks til å gjelda.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy