Innhold
Innhold
L08.06.1967 nr. 3

Lov om internasjonale investeringstvister

Lov om å setja i verk avtala 18 mars 1965 om løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar

L08.06.1967 nr. 3 Lov om å setja i verk avtala 18 mars 1965 om løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar.

§ 1.

Med «avtala» er i denne lov meint den avtala som vart gjord i Washington 18 mars 1965 etter opptak frå Den mellomfolkelege banken for atterreising og framvokster, og som gjeld løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar.

Under «skilsdom» går her og avgjerder etter artiklane 50, 51 eller 52 i avtala om at ein skilsdom kan verta tolka, brigda eller gjord om inkje.

§ 2.

Skilsdom som er gjord med heimel i avtala, er bindande her i riket.

Går ein skilsdom ut på at nokon skal reida ut pengar kan skilsdomen fullførast her i riket so framt fullføringa ikkje er utdrygd etter reglane i avtala. Krav om fullføring vert framsett for nåmsmannen. Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-2 fjerde ledd gjeld ikkje for fullføring av skilsdom som er gjord med heimel i avtala.

Vert det opplyst at fullføring er utdrygd etter reglane i avtala, skal ei fullføringssak som går her i riket, likeins utsetjast. Elles kan fullføring her ikkje utdrygjast av di det er kravt at skilsdomen skal verta tolka, brigda eller gjord om inkje etter reglane i avtala.

§ 3.

Det mellomfolkelege sentret for løysing av investeringstvistar, tenestemennene åt senteret og andre som er målsmenn for senteret, skal ha den immunitet og dei privileg som er fastsett i avtala. Det same gjeld om dei som møter i saker etter avtala og er partar, målsmenn, hjelpesmenn, advokatar, vitne eller sakkunnige.

§ 4.

Kongen kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av lova.

§ 5.

Kongen fastsett kva dag lova skal taka til å gjelda.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy