Innhold
Innhold
L28.05.1959 nr. 12

Lov om kvalitetskontroll med fiskevarer o.a. [OPPHEVET]

Lov om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a

L28.05.1959 nr. 12 Lov om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a. [OPPHEVET]

§ 1.

Med fisk er i denne loven meint alle saltvass- og ferskvassdyr, og delar av desse, som vert brukt til konsum eller fôr. Unntatt er akvatiske pattedyr, krypdyr og amfibiar. Med fiskevarer er meint produkt der fisk er det einaste eller ein stor del av råstoffet. Loven gjeld òg fisk og fiskevarer med utanlandsk opphav.

Kongen kan ta avgjerd om at heile loven eller ein del av den også skal gjelde for fangstprodukt og tang- og tareprodukt.

§ 2.

For å sikre at fisk og fiskevarer som skal omsetjast her i landet eller førast ut, vert handsama best mogleg og fyller dei krav ein bør sette til kvalitetsvarer kan Kongen gje føresegner om:

  • 1.

    Handsaming, tilverking, oppbevaring, lagring og transport av fisk og fiskevarer, under dette innreiing og utstyr av

    • a)

      fiskefarty og andre transportmidel som vert nytta til fangst og transport av fisk og fiskevarer, og

    • b)

      husrom og anlegg som vert nytta til tilverking, oppbevaring, lagring og omsetning av fisk og fiskevarer.

  • 2.

    Forbod mot å nytte visse slag eller storleikar av fisk, eller produkt av slik fisk i det heile, eller i visse tidbolkar eller frå visse fangstfelt.

  • 3.

    Regulering av omsetninga av fisk og fiskevarer til tilverkar for å hindre at kvaliteten vert ringare ved for sein tilverking.

  • 4.

    Krav til kvalitet og kvalitetsgradering, til sortement, varenemning, pakking, merking og vektinnhald.

  • 5.

    Gransking av fisk og fiskevarer, under dette om forbod mot omsetning og utførsle av fisk og fiskevarer som ikkje er granska eller har fått emballasjen merkt på føreskreven måte.

  • 6.

    Krav til faglege kvalifikasjonar hos den tekniske leiaren av fisketilverkingsanlegg.

  • 7.

    Internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

  • 8.

    Plikt til å underrette til kontrollorgan om avvik frå loven eller føresegner gjevne med heimel i den.

  • 9.

    Forbod mot innførsle av fisk og fiskevarer, under dette om innførsle på nærare vilkår.

  • 10.

    Forbod mot fangst, ilandføring, omsetjing, utførsle og bestemt handsaming av villfanga og oppdretta fisk, dersom det kan medføre fare for folkehelsa.

§ 3.

For å sikre at emballasjen for fisk og fiskevarer som skal omsetjast her i landet eller førast ut, fyller dei krav ein bør sette for at varene kan halde seg godt og få ei tenleg og tevlefør utforming, kan Kongen gje nærare føresegner om tilverking, merking, bruk og kassering av slik emballasje.

§ 3a.

Kongen kan gje føresegner om vern og bruk av produktnemningar og varenemningar samt særskilte saksbehandlingsreglar etter denne føresegna. Kongen kan gje føresegner om at søknad om vern og bruk som nemnt kan behandlast og avgjerast av ikkje offentlege tilsynsorgan, samt gje reglar for erstatning ved urettmessig bruk av slike nemningar. Kongen kan også gje føresegner som innskrenkar adgangen til registrering i medhald av lov 3. mars 1961 nr. 4 om varemerker og lov 3. mars 1961 nr. 5 om fellesmerker, og avgrensar rettar gitt i eller i medhald av dei same lovane, dersom det ikkje har kome inn innvendingar mot at ei nemning blir verna i samsvar med føresegner gitt i medhald av denne loven.

§ 4.

Kongen kan ta avgjerd om at den som har til næring å drive pakking, tilverking, lagring, oppbevaring, transport, innførsle, omsetning eller utførsle av fisk og fiskevarer, eller tilverking eller omsetning av emballasje for slike varer, skal melde verksemda si til offentleg tenestemakt etter nærare reglar som vedkomande departement gjev.

Kontrollorganet kan rette opp dataregister for opplysningar som synest naudsynte for å sikre at loven eller føresegner gjevne med heimel i den, vert overhalde. Kontrollorganet kan innhente opplysningar som nemnd i første punktum frå eksisterande dataregister. Kongen kan gje nærare føresegner om dataregistra, under dette om tiltak for å sikre at opplysningane blir handsama konfidensielt.

Kongen kan ta avgjerd om at verksemd som nemnt i første leden berre kan drivast av den som er godkjend til det etter reglar som Kongen gjev. Slik godkjenning skal ikkje nektast dersom søkjaren provar at verksemda hans fyller krava etter føresegner gjevne med heimel i § 2, nr. 1, nr. 6 og nr. 7. Gjeven godkjenning kan dragast inn att dersom verksemda ikkje lenger fyller krava. Vedtak om å nekte godkjenning eller om å draga inn att gjeven godkjenning skal grunngjevast og grunnane skal gjerast kjent for parten samstundes med at han får melding om vedtaket.

§ 5.

Kontrollverksemd etter denne lova skal leiast av Fiskeridirektøren. Kongen kan ta avgjerd om at leiinga av kontrollen på eit nærare fastsett saksområde skal liggje hos kommunen, det kommunale næringsmiddeltilsyn eller andre offentlege tilsynsorgan. Dette organ skal då ha dei same rettar som Fiskeridirektøren etter §§ 6 og 8. Kontrollarbeidet skal gjerast av serlege kontrollørar, politiet og tollstedet.

Den som skal gjere kontrollarbeid etter denne loven, må ikkje stå i tenesthøve til eller ta mot noko slag vederlag frå person eller verksemd som tilverkar eller omset fisk eller fiskevarer. Han må heller ikkje på annan måte vere økonomisk interessert i slik verksemd.

Vedkomande departement gjev nærare instruks for kontrollverksemd.

§ 6.

Den som tilverkar fiskevarer som er under kontroll med heimel i denne loven, har plikt til å gje dei opplysningar Fiskeridirektøren krev for å kunne utføre dei oppdrag denne loven legg på han. Dette gjeld òg opplysningar om tilverking, lager, flytting og reklamasjonar på kvaliteten av fisk og fiskevarer.

Den som har kontrollrett etter denne loven kan kreve å få kontrollere fiskefarty eller anna transportmidel som vert nytta til fangst eller transport av fisk eller fiskevarer. Dette gjeld òg anlegg, husrom o.a. som vert nytta til tilverking, oppbevaring, lagring eller omsetning av fisk og fiskevarer eller emballasje for slike varer. Han kan uten vederlag ta ut prøver til gransking. Den som er leiar av eller er tilsett i verksemd som kan kontrollerast etter denne loven har plikt til å gje kontrollmakta den hjelp og dei opplysningar ho treng til gjeremåla sine etter denne loven.

Utanlandske inspektørar kan delta i inspeksjonar m.v. når dette er føresett i internasjonale bindande avtaler som Noreg har slutta seg til. Som ledd i slike avtaler kan kontrollorganet gje opplysningar som det er teieplikt for til utanlandske styresmakter som er underlagt reglar om teieplikt tilsvarande norske styresmakter.

Den det er kravt opplysningar av etter første eller andre leden, kan kreve at melding om løynde tekniske innretningar eller framgangsmåtar berre skal gjevast til Fiskeridirektøren personleg eller til den han nemner opp serskilt til å ta imot meldinga.

§ 7.

(Opphevd med lov 16 mai 1986 nr. 21.)

§ 8.

Det kontrollorgan som Kongen fastset, kan sette forbod mot tilverking, pakking, transport, innførsle, omsetning eller utførsle av fisk og fiskevarer og mot tilverking og omsetning av emballasje til slike varer. Slikt forbod kan gjelde serskilte vareparti som ikkje fyller eller openbert ikkje vil kome til å fylle dei krav som er sette med heimel i denne loven. Forbod kan gjelde for heile verksemda ved eit serskilt anlegg eller for ein viss del av det, dersom anlegget trass i skriftleg åtvaring ikkje fylgjer dei føresegnene som er gjevne i medhald av denne loven. Det kan gjevast påbod om kassering, serleg stell eller merking av fisk og fiskevarer og emballasje for fisk og fiskevarer, når det trengst for å sikre at forbodet vert etterkome.

Er det sett forbod som gjeld eit visst vareparti, skal kontrollorganet gje løyve til å få partiet i samsvar med gjeldande krav såframt det er mogeleg, eller til å nytte det til anna føremål som vara er skikka til. Forbod som gjeld eit visst anlegg, skal takast bort når gjeldande føresegner er etterkome.

§ 9.

Til å greie utgiftene til kontroll etter denne loven kan Kongen gje føresegner om at den som driv næring som nemnt i § 4 første leden skal betale ei avgift eller kostnadene for kontroll i det einskilde tilfelle. Kongen kan også gje føresegner om betaling for særlege ytingar og ekspedisjonar, under dette for ekstraordinære tiltak. Kongen kan gje nærare føresegner om innkrevinga, såleis og om tilleggsavgift ved for sein betaling. Avgifta og krav om betaling er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 10.

Denne loven skal ikkje vere til hinder for at det vert gjeve føresegner om fisk og fiskevarer med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer eller lov 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler m.v. Føresegner med heimel i desse lovane gjeld likevel berre så langt dei ikkje er i strid med føresegner etter denne loven.

§ 11.

Om det i verksemda kjem opp tilhøve som fører med seg eller kan føre med seg fare for helseskade, kan heile eller delar av verksemda stengjast inntil tilhøva er retta. Stenging kan om naudsynt gjennomførast med hjelp frå politiet.

Dersom eit pålegg ikkje vert innfridd innan fastsett frist i loven eller føresegner gjevne med heimel i den, kan verksemda eller eigaren av verksemda ileggjast tvangsmulkt som dagsmulkt eller eingongsmulkt. Ved fastsetting av storleiken av tvangsmulkta skal det takast omsyn til kor viktig det er at pålegget blir gjennomført, og kva ein må rekne med det vil koste. Tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg.

Den som med vilje eller i aktløyse bryt denne loven, eller føresegner gjeve med heimel i den, vert straffa med bøter. Det same gjeld medverking og freistnad. Aktlaus bruk av ei nemning i strid med føresegner gitt i medhald av § 3a, eller freistnad på dette, vert ikkje straffa.

I føresegnene som vert gjevne med heimel i loven kan det fastsetjast at brot på dei ikkje fører med seg straff.

§ 12.

Denne loven gjeld frå den tid Kongen fastset.

Frå same tid held etternemnde lovar opp å gjelde:

– – –

Føresegner som er gjevne med heimel i dei nemnde lovane gjeld framleis til dei vert tekne bort eller avløyste med føresegner gjevne med heimel i denne loven.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy