Innhold
Innhold
L27.04.2001 nr. 14

Lov om restriktive tiltak

Lov om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler

L27.04.2001 nr. 14 Lov om iverksetjing av internasjonale, ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler.

§ 1.

Kongen kan treffe dei føresegnene som er naudsynte for at Noreg kan slutte seg til internasjonale , ikkje-militære tiltak i form av avbrot eller avgrensing av økonomisk eller anna samkvem med tredjestatar eller rørsler .

§ 2.

Føresegner som er gjevne i medhald av denne lova , gjeld med dei innskrenkingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.

§ 3.

Den som bryt føresegner som er gjevne i medhald av denne lova, kan straffast med bøter eller fengsel inntil tre år, eller begge delar. Den som aktlaust bryt føresegner som nemnt i første ledd, kan straffast med bøter eller fengsel i seks månader, eller begge delar.

§ 8 i straffelova gjeld ikkje.

§ 4.

Denne lova tek til å gjelde straks.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy