Innhold
Innhold
L13.06.1997 nr. 56

Lov om tilsette i NSB og Luftfartsverket [OPPHEVET]

Lov om at tilsette i NSB og Luftfartsverket mellombels skal behalde visse rettar etter tenestemannslova ved overgang til respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS

L13.06.1997 nr. 56 Lov om at tilsette i NSB og Luftfartsverket mellombels skal behalde visse rettar etter tenestemannslova ved overgang til respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS. [OPPHEVET]

§ 1. Virkeområde

Lova gjeld:

  • a.

    tilsette i NSB som, ved utskillinga av NSB Reisebyrå til eiget aksjeselskap, vert tilsette i selskapet,

  • b.

    tilsette i NSB som, ved utskillinga av NSB Biltrafikk til eiget aksjeselskap, vert tilsette i selskapet,

  • c.

    tilsette i NSB som, ved opprettinga av Malmtrafikk AS, vert tilsette i selskapet og

  • d.

    tilsette i Luftfartsverket som, ved integreringa av region Fornebu og region Gardermoen med Oslo Lufthavn AS, vert tilsette i selskapet.

§ 2. Rettar

Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal i tilfelle som nemnd i § 1 framleis gjelde for arbeidstakarar som vert sagt opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 a, b og c, og som var omfatta av desse føresegnene før overgangen. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum gjeld i tre år etter overgangen.

§ 3. Sluttføresegner

Denne lova tek til å gjelde straks og held opp å gjelde 31. desember 2000.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy