Innhold
Innhold
L24.06.1994 nr. 44

Lov om tilsette i Televerket [OPPHEVET]

Lov om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket

L24.06.1994 nr. 44 Lov om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket. [OPPHEVET]

§ 1. Virkeområde

Lova gjeld tilsette i Televerket, som ved utskilling av delar av verksemda i Televerket til eigne selskap, vert tilsette i slikt selskap.

§ 2. Rettar

Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal i tilfelle som nemnd i § 1 framleis gjelde for arbeidstakarar som vert sagt opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 a, b og c, og som var omfatta av desse føresegnene før utskillinga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer tre år etter overføringa.

Føresegnene i førre ledd innskrenkar ikkje rettane til arbeidstakarane etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67.

§ 3. Sluttføresegner

Denne lova tek til å gjelde straks.

Lova gjeld, i tillegg til det som vert regulert i § 1, for tilsette som på det tidspunktet lova tek til å gjelde, allereie er overført frå Televerket til eit selskap utskild etter 1. januar 1992.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy