Innhold
Innhold
L08.11.1991 nr. 76

Eldrerådsloven

Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

L08.11.1991 nr. 76 Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd. [OPPHEVET]

Kapittel I. Kommunale eldreråd

§ 1. (Skiping av kommunale eldreråd)

I kvar kommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av kommunestyret for valperioden.

Departementet kan gjere unnatak frå regelen i første leden når kommunen vil ha eldreråd for geografisk avgrensa område innan kommunen. I kommunar der oppgåvene som gjeld eldre er overført til kommunedelsutval, skal det vere eldreråd i alle kommunedelar. For slike eldreråd ivaretek kommunedelsutvala dei rettar og plikter som etter denne lov er lagt til kommunestyret. Eldreråd for geografisk avgrensa område skal ha same arbeidsområde som omhandla i § 3. I slike høve skal det og veljast eit sentralt eldreråd.

§ 2. (Val og samansetjing av kommunale eldreråd)

Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.

Pensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vere alderspensjonistar i kommunen.

Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.

§ 3. (Oppgåvene for kommunale eldreråd)

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.

Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene.

Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

§ 4. (Andre føresegner for kommunale eldreråd)

Kommunen skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.

Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.

Reglane i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner gjeld tilsvarande for verksemda i eldrerådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.

Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret.

§ 4 a.

Kommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunestyra vedtek mandatet for og samansetjinga av råda. Ved val av representantar for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal organisasjonane deira ha rett til å kome med framlegg. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av kommunestyret. Elles gjeld reglane i denne lova og lov 17. juni 2005 nr. 58 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. så langt dei høver.

Kapittel II. Fylkeskommunale eldreråd

§ 5. (Skiping av fylkeskommunale eldreråd)

I kvar fylkeskommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av fylkestinget for valperioden.

§ 6. (Val og samansetjing av fylkeskommunale eldreråd)

Fylkestinget avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane i høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.

Fylkespensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vera alderspensjonistar frå fylket.

Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.

§ 7. (Oppgåvene for fylkeskommunale eldreråd)

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen.

Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før fylkestinget handsamar sakene.

Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket.

Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei fylkeskommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

§ 8. (Andre føresegner for fylkeskommunale eldreråd)

Fylket skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.

Eldrerådet har rett til å uttale seg før fylkestinget skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.

Reglane i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner gjeld tilsvarende for verksemda i rådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.

Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for fylkestinget.

§ 8 a.

Fylkeskommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Fylkestinga vedtek mandatet for og samansetjinga av råda. Ved val av representantar for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal organisasjonane deira ha rett til å kome med framlegg. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av fylkestinga. Elles gjeld reglane i denne lova og lov av 17. juni 2005 nr. 58 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. så langt dei høver.

Kapittel III. Ikraftsetjing

§ 9. (Ikraftsetjing)

Denne lova tek til å gjelde frå 1. januar 1992.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy