Innhold
Innhold
L25.05.1979 nr. 19

Endringslov til riksborgarrettsloven [OPPHEVET]

Lov om endringer i lov av 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett

L25.05.1979 nr. 19 Lov om endringer i lov av 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett. [OPPHEVET]

I

I lov av 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett blir det gjort følgjande endringar: – – –

II

1. Lova her tar til å gjelde 1. juli 1979.

2. Barn som er født etter 30. juni 1961, men før 1. juli 1979, og som ville ha vore norsk borgar om føresegna i § 1 hadde vore gjeldande då barnet vart født, får norsk borgarrett ved at mora gir inn skriftleg melding til den tenestemakt Kongen fastset om at barnet skal bli norsk borgar, såframt mora på denne tida er norsk borgar og har del i foreldremakta over barnet og barnet er under 18 år. Bur mora og barnet i ein stat der lovgjevinga i staten ikkje gjev ei mor del i foreldremakta over barnet, kan mora likevel gi melding som nemnt her, såframt ho har del i den faktiske omsuta for barnet. Har barnet fylt 15 år på meldingstida, må det samtykkje i at melding blir gitt. For barn som er født i tida 1. juli – 31. desember 1961 kan slik melding bli gitt seinast 31. desember 1979. I særlege høve kan departementet gjere unntak frå kravet om at barnet må vere under 18 år.

Er eit barn blitt norsk borgar i medhald av første leden, skal barnet reknast som norsk frå fødselen ved bruk av føresegnene i § 9 a.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy