Innhold
Innhold
L17.05.1814

Grunnlova nynorsk

Kongeriket Noregs Grunnlov

L17.05.1814 Kongeriket Noregs Grunnlov

gjeven i riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814,
slik ho lyder etter seinare endringar,
seinast stortingsvedtak av 14. mai 2020.

[ Bokmålsversjon (med lovkommentarer) ] [ Grunnloven slik den lød per 5. mai 2014 ]

Kongeriket Noregs Grunnlov

A. Om statsforma

§ 1.

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.

§ 2.

Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

B. Om den utøvande makta, om kongen og den kongelege familien og om religionen

§ 3.

Den utøvande makta er hos kongen, eller hos dronninga dersom ho har fått krona etter reglane i § 6, § 7 eller § 48 i denne grunnlova. Når den utøvande makta såleis er hos dronninga, har ho alle rettar og plikter som kongen har etter denne grunnlova og lovene i landet.

§ 4.

Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen.

§ 5.

Kongen personleg kan ikkje lastast eller skuldast for noko. Ansvaret ligg på rådet hans.

§ 6.

Arvefølgja er lineal. Berre barn av dronning eller konge, eller av nokon som sjølv har arverett, kan arve, og barnet må vere født i lovleg ekteskap. Den nærare lina går føre den fjernare og den eldre i lina føre den yngre.

Den ufødde har òg arverett, og barnet tek sin plass i arvefølgja så snart det kjem til verda.

Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den sist regjerande dronninga eller kongen.

Når ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone blir fødd, skal namnet og fødselstidspunktet gjerast kjent for Stortinget og førast inn i protokollen der.

For dei som er fødde før 1971, gjeld likevel § 6 slik han vart vedteken den 18. november 1905. For dei som er fødde før 1990, gjeld likevel at mann går føre kvinne.

§ 7.

Finst det ingen prinsesser eller prinsar med arverett, kan kongen gjere framlegg om etterfølgjar for Stortinget, som kan avgjere valet dersom framlegget frå kongen ikkje blir stødd.

§ 8.

Myndig alder for kongen blir fastsett i lov.

Så snart kongen har nådd den lovfeste alderen, lyser han seg myndig.

§ 9.

Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg vil regjere Kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»

Er det ikkje samla noko storting på den tida, blir eiden gjeven skriftleg i statsrådet, og kongen tek han høgtidleg opp att på fyrste storting.

§ 10.

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 14. mars 1908.)

§ 11.

Kongen skal bu i riket og kan ikkje utan samtykke frå Stortinget vere utanfor riket meir enn seks månader om gongen utan at han personleg misser retten til krona.

Kongen må ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå Stortinget, og til det krevst to tredjedelar av røystene.

§ 12.

Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer.

Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik han meiner det er tenleg. Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget.

Ektefolk, foreldre og born eller to sysken må ikkje ha sete i statsrådet samstundes.

§ 13.

For den tida kongen reiser i riket, kan han overlate styringa av riket til statsrådet. Dette skal føre regjeringa i kongens namn og på hans vegner. Det skal ubryteleg følgje så vel føresegnene i denne grunnlova som dei særskilde instruksane som kongen gjev i samsvar med dei.

Sakene blir avgjorde med røysting. Står røystene likt, har statsministeren eller, om han er borte, den fyrste av statsrådane som er til stades, to røyster.

Statsrådet skal gje melding til kongen om dei sakene som blir avgjorde på denne måten.

§ 14.

Kongen kan utnemne statssekretærar til å hjelpe medlemmene av statsrådet med gjeremåla deira utanfor statsrådet. Kvar statssekretær handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet som ho eller han er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.

§ 15.

Kvar medlem av statsrådet har plikt til å levere avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til denne statsråden åleine eller til heile statsrådet.

Kongen skal gje avskil etter ein slik søknad.

Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsførsle.

§ 16.

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

§ 17.

Kongen kan gje og oppheve provisoriske lover om handel, toll, næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må ikkje stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve. Dei gjeld til neste storting.

§ 18.

Kongen lèt i regelen krevje inn dei skattane og avgiftene som Stortinget fastset.

§ 19.

Kongen ser til at eigedommane og regala til staten blir nytta og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er nyttigast for samfunnet.

§ 20.

Kongen har i statsrådet rett til å gje forbrytarar nåde etter at dom er fallen. Forbrytaren kan velje å ta imot kongens nåde eller ta den idømde straffa.

I saker som Stortinget reiser for Riksretten, kan det ikkje gjevast annan nåde enn fritak frå idømd dødsstraff, om ikkje Stortinget har gjeve samtykke til noko anna.

§ 21.

Kongen vel og utnemner alle sivile og militære embetsmenn etter å ha høyrt statsrådet. Dei har plikt til å vere lydige og tru mot konstitusjonen og kongen. Dei kongelege prinsessene og prinsane kan ikkje ha sivile embete.

§ 22.

Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane kan utan dom avsetjast av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet meiner om det. Det same gjeld for dei embetsmennene som er tilsette ved statsrådskontora eller i utanrikstenesta, sivile overøvrigheitspersonar, sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar og høgstbefalande på krigsskip. Om embetsmenn som såleis er avsette, skal få pensjon, blir avgjort av det neste stortinget. I mellomtida får dei to tredjedelar av løna dei hadde før.

Andre embetsmenn kan berre suspenderast av kongen og skal då straks stemnast for domstolane. Dei kan ikkje avsetjast utan etter dom eller overflyttast mot sin vilje.

Alle embetsmenn kan gjevast avskil utan dom når dei har nådd ei aldersgrense fastsett i lov. Det kan fastsetjast i lov at visse embetsmenn, men ikkje dommarar, kan utnemnast på åremål.

§ 23.

Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå gagnsverk, som må kunngjerast offentleg. Kongen kan ikkje tildele annan rang og tittel enn den eit embete fører med seg. Ordenen fritek ingen for dei plikter og bører som er sams for statsborgarane, og gjev heller ikkje førerett til statlege embete. Embetsmenn som får avskil i nåde, får ha den tittelen og rangen dei hadde i embetet. Dette gjeld ikkje medlemmene av statsrådet eller statssekretærane.

Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.

§ 24.

Kongen vel og avset etter eige skjøn hoffstaten sin og hoffbetjentane sine.

§ 25.

Kongen har høgste befalinga over forsvarsmakta til riket. Denne makta må ikkje aukast eller minkast utan samtykke frå Stortinget. Ho må ikkje overlatast i framande makters teneste, og ingen krigsfolk frå framande makter, så nær som troppar til hjelp mot fiendsleg overfall, må dragast inn i riket utan samtykke frå Stortinget.

Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar, må aldri brukast utanfor grensene til riket utan samtykke frå Stortinget.

Regjeringa har ikkje rett til å nytte militær makt mot innbyggjarane utan etter lov, med mindre ei forsamling skiplar den offentlege roa og ikkje skilst åt så snart den sivile styresmakta tre gonger har lese lovføresegnene om opprør høgt og tydeleg for henne.

§ 26.

Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar av landet og slutte fred, inngå og seie opp folkerettslege avtaler og sende og ta imot sendemenn.

Traktatar om særleg viktige saker blir fyrst bindande når Stortinget har gjeve samtykke til det. Det same gjeld alle traktatar som etter konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ei ny lov eller eit nytt stortingsvedtak.

§ 27.

Alle medlemmene av statsrådet skal møte i statsrådet når dei ikkje har lovleg forfall. Inga avgjerd må takast i statsrådet når ikkje over helvta av medlemmene er til stades.

§ 28.

Tilrådingar om embetsutnemningar og andre viktige saker skal målberast i statsrådet av den medlemmen som har det fagområdet dei høyrer til. Ho eller han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda i statsrådet. Det kan likevel gjerast unntak frå behandling i statsråd for eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset.

§ 29.

Hindrar lovleg forfall ein statsråd frå å møte og målbere saker som høyrer til hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det.

Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så mange andre personar som naudsynt konstituerast til å ta sete i statsrådet.

§ 30.

I statsrådet blir det ført protokoll over alle saker som blir behandla der. Dei diplomatiske sakene som statsrådet vedtek å halde løynde, blir førte inn i ein særskild protokoll. Det same gjeld dei militære kommandosakene som statsrådet vedtek å halde løynde.

Kvar den som sit i statsrådet, har plikt til å seie si meining med frimod. Kongen har plikt til å høyre meininga, men kan ta avgjerd etter eige omdømme.

Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir mot statsforma eller lovene i landet, har ho eller han plikt til å ta kraftig til motmæle og skrive si meining i protokollen. Den som ikkje har protestert såleis, blir rekna for å ha vore samd med kongen og er ansvarleg for det, slik som det sidan blir fastsett, og Stortinget kan setje vedkommande under tiltale for Riksretten.

§ 31.

Alle avgjerder kongen ferdar ut, må kontrasignerast for å bli gyldige. I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast av den som har målbore saka, men elles av statsministeren eller, om statsministeren ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste av dei medlemmene som var det.

§ 32.

Dei avgjerdene regjeringa tek når kongen ikkje er til stades, blir utferda i kongens namn og underskrivne av statsrådet.

§ 33.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 14 mai 2020 kunngjort med res. 29 mai 2020 nr. 1088).

§ 34.

Kongen gjev føresegner om titlar for dei som har arverett til krona.

§ 35.

Så snart tronarvingen har fylt 18 år, har ho eller han rett til å ta sete i statsrådet, men utan røyst eller ansvar.

§ 36.

Ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone må ikkje gifte seg utan løyve frå kongen. Ho eller han må heller ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå kongen og Stortinget. Samtykke frå Stortinget krev to tredjedelar av røystene.

Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten til Noregs trone for seg sjølv så vel som for etterkommarane sine.

§ 37.

Dei kongelege prinsessene og prinsane skal for sine personar ikkje svare for andre enn kongen eller den han set til dommar over dei.

§ 38.

(Oppheva ved vedtak 18. november 1905.)

§ 39.

Om kongen døyr og tronfølgjaren enno er umyndig, skal statsrådet straks kalle inn Stortinget.

§ 40.

Til dess Stortinget kjem saman og innrettar regjeringa for den tida kongen er mindreårig, skal statsrådet stå for styringa av riket, i samsvar med Grunnlova.

§ 41.

Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta, så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen. I motsett fall er det statsrådet som står for styringa av riket.

§ 42.

(Oppheva ved vedtak 18. november 1905.)

§ 43.

Stortinget skal velje formyndarar til å stå for regjeringa for den umyndige kongen.

§ 44.

Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg skal stå for regjeringa i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»

Blir det ikkje halde storting på denne tida, skal eiden gjevast skriftleg i statsrådet og sidan sendast til neste storting.

Den prinsessa eller prinsen som har gjort eiden, tek han ikkje opp att seinare.

§ 45.

Dei som mellombels har stått for statsstyringa etter §§ 40, 41, 43 eller 48, skal så snart ho er over, gjere rekneskap for henne til kongen og Stortinget.

§ 46.

Om ikkje statsrådet straks kallar saman Stortinget etter § 39, har Høgsterett så snart det er gått fire veker, ei vilkårslaus plikt til å syte for innkalling.

§ 47.

Stortinget fastset korleis oppsedinga av den umyndige kongen skal styrast dersom begge foreldra er døde og ingen av dei har late etter seg ei skriftleg føresegn om det.

§ 48.

Er kongsætta utdøydd og ingen tronfølgjar kåra, skal Stortinget velje ny dronning eller konge. I mellomtida gjeld § 40 for den utøvande makta.

C. Om borgarretten og den lovgjevande makta

§ 49.

Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget. Stortingsrepresentantane blir valde gjennom frie og hemmelege val.

Innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ. Nærare føresegner om det lokale folkevalde nivået blir fastsette i lov.

§ 50.

Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane som har fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget blir halde.

I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette i utlandet, men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett i lov.

Reglar om røysterett for elles røysteføre personar som på valdagen openbert lir av alvorleg psykisk svekking eller nedsett medvit, kan fastsetjast i lov.

§ 51.

Reglar om manntalsføring og om innføring av dei røysteføre i manntalet blir fastsette i lov.

§ 52.

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 26. oktober 1954.)

§ 53.

Røysteretten misser

  • a)

    den som blir dømd for strafflagde handlingar, i samsvar med føresegner om dette i lov,

  • b)

    den som går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa.

§ 54.

Valtinga blir haldne fjerdekvart år. Dei skal vere avslutta seinast i september.

§ 55.

Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.

§ 56.

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 23. mars 1972.)

§ 57.

Det skal veljast 169 stortingsrepresentantar.

Riket blir inndelt i 19 valdistrikt.

150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar og 19 som utjamningsrepresentantar.

Kvart valdistrikt skal ha 1 utjamningsmandat.

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av høvet mellom innbyggjartalet og flatevidda i distriktet på den eine sida og innbyggjartalet og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar innbyggjar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.

Nærare føresegner om korleis riket skal delast i valdistrikt, og korleis stortingsmandata skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

§ 58.

Valtinga blir haldne særskilt for kvar kommune. På valtinga blir det røysta direkte på stortingsrepresentantar med vararepresentantar for heile valdistriktet.

§ 59.

Valet av distriktsrepresentantar er eit høvestalsval, og mandata blir delte mellom partia etter reglane nedanfor.

Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med 1,4; 3; 5; 7 og så bortetter. Det fyrste mandatet går til det partiet som får den største kvotienten, det neste mandatet går til det partiet som får den nest største kvotienten, og så bortetter til alle mandata er utdelte.

Listesamband er ulovleg.

Med sikte på best mogleg samsvar mellom røystetal og representasjon blir utjamningsmandata delte mellom dei partia som er med i utjamninga, på grunnlag av høvet mellom røystetala deira i heile riket. Kor mange stortingsmandat kvart parti skal ha i alt, finn ein ved å nytte reglane for tildeling av distriktsmandat tilsvarande for heile riket for dei partia som er med i utjamninga. Så får kvart parti tildelt så mange utjamningsmandat attåt distriktsmandata det alt har fått, at det til saman utgjer så mange stortingsmandat som partiet skal ha i alt. Har eit parti alt ved utdelinga av distriktsmandata fått fleire mandat enn det skulle hatt etter framgangsmåten ovanfor, skal utjamningsmandata delast berre mellom dei andre partia, såleis at ein ser bort frå det røystetalet og dei distriktsmandata som det fyrstnemnde partiet har fått.

Ingen parti kan få utjamningsmandat utan å ha fått minst 4 prosent av det samla røystetalet for heile riket.

Nærare føresegner om korleis utjamningsmandata til partia skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

§ 60.

Om og korleis dei røysteføre kan røyste utan å møte personleg på valtinga, blir fastsett i lov.

§ 61.

Ingen kan veljast til representant utan å ha røysterett.

§ 62.

Tenestemenn som er tilsette ved statsrådskontora, bortsett frå statssekretærar og politiske rådgjevarar, kan ikkje veljast til representantar. Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn som er tilsette i utanrikstenesta.

Medlemmer av statsrådet kan ikkje møte på Stortinget som representantar så lenge dei har sete i statsrådet. Heller ikkje statssekretærane kan møte som representantar så lenge dei er i embetet, og dei politiske rådgjevarane ved statsrådskontora kan ikkje møte på Stortinget så lenge dei har stillingane sine.

§ 63.

Den som blir vald til representant, har plikt til å ta imot valet, om vedkommande ikkje

  • a)

    er vald utanfor det valdistriktet der ho eller han har røysterett,

  • b)

    har møtt som representant på alle storting etter førre val,

  • c)

    har gjeve skriftleg fråsegn om at ho eller han ikkje vil stå på ei valliste.

Frist og framgangsmåte for å gjere retten til å nekte val gjeldande blir fastsett i lov.

Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje fråsegn om kva val ho eller han vil ta imot.

§ 64.

Dei valde representantane får tildelt fullmakter. Stortinget avgjer om fullmaktene er lovlege.

§ 65.

Alle representantar og innkalla vararepresentantar får frå statskassa lovfastsett godtgjersle for kostnader til reiser til og frå Stortinget og frå Stortinget til heimen og attende under feriar på minst 14 dagar.

Dessutan får dei lovfastsett godtgjersle for deltaking på Stortinget.

§ 66.

På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane fritekne frå pågriping, om dei ikkje blir gripne i offentlege brotsverk. For meiningar ytra i forsamlingane til Stortinget kan dei ikkje dragast til ansvar utanfor desse forsamlingane. Alle har plikt til å rette seg etter den ordenen som er vedteken av Stortinget.

§ 67.

Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer Kongeriket Noregs Storting.

§ 68.

Stortinget kjem i regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen i oktober kvart år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende, så som fiendsleg åtak eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i riket. Ei slik avgjerd må gjerast kjend i tide.

§ 69.

Når Stortinget ikkje er samla, kan kongen kalle det saman dersom han meiner det trengst.

§ 70.

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 29. mai 1990.)

§ 71.

Dei valde representantane er medlemmer av Stortinget i fire år på rad.

§ 72.

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 29. mai 1990.)

§ 73.

Stortinget utnemner ein president, fem visepresidentar og to sekretærar. Storting kan berre haldast dersom minst helvta av medlemmene er til stades. Grunnlovsframlegg kan berre behandlast dersom minst to tredjedelar av medlemmene er til stades.

§ 74.

Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades.

Når forhandlingane i Stortinget er opna, har statsministeren og statsrådane rett til å møte i Stortinget og til liks med medlemmene der ta del i forhandlingane når dei blir haldne for opne dører, men utan å røyste. I saker som blir behandla for stengde dører, gjeld dette berre når Stortinget gjev løyve til det.

§ 75.

Det høyrer Stortinget til

  • a)

    å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting;

  • b)

    å opne lån på rikets kreditt;

  • c)

    å føre oppsyn med pengestellet i riket;

  • d)

    å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;

  • e)

    å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som ikkje kan vere i fast eigedom;

  • f)

    å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir;

  • g)

    å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten;

  • h)

    å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete;

  • i)

    å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;

  • k)

    å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;

  • l)

    å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;

  • m)

    å gje innføddsrett.

§ 76.

Alle lovframlegg skal fyrst gjerast på Stortinget, anten av ein stortingsrepresentant eller av regjeringa ved ein statsråd.

Etter at framlegget er vedteke der, skal Stortinget ta det opp til ny vurdering og anten godta eller forkaste det. Blir det forkasta, skal framlegget med merknader frå Stortinget takast opp til vurdering endå ein gong av Stortinget, som anten legg framlegget bort eller vedtek det med dei nemnde merknadene.

Mellom kvar slik behandling må det gå minst tre dagar.

§ 77.

Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går vedtaket til kongen med oppmoding om sanksjon.

§ 78.

Godtek kongen lovvedtaket, skriv han under, og dermed blir det til lov.

Godtek han det ikkje, sender han det attende til Stortinget med dei orda at han for tida ikkje meiner det er tenleg å sanksjonere det. I så fall kan ikkje det stortinget som då er samla, leggje dette vedtaket fram for kongen att.

§ 79.

Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje gjev sanksjon før Stortinget skilst.

§ 80.

Stortinget blir verande samla så lenge det sjølv meiner det trengst, og avsluttar forhandlingane når gjeremåla er fullførte.

I samsvar med reglar i den ordenen Stortinget har vedteke, kan forhandlingane takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste kvardagen i september.

Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77-79), med anten å stadfeste eller å forkaste dei. Alle dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner, blir rekna som forkasta av kongen.

§ 81.

Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer kunnig: at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget dagsett dato som lyder slik: (her kjem vedtaket). Vi godkjenner og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet.»

§ 82.

Regjeringa skal gje Stortinget alle dei opplysningane som trengst for behandlinga av dei sakene ho legg fram. Ingen medlemmer av statsrådet må leggje fram urette eller villeiande opplysningar for Stortinget eller eit stortingsorgan.

§ 83.

Stortinget kan hente inn utgreiing frå Høgsterett om juridiske emne.

§ 84.

Stortinget blir halde for opne dører, og forhandlingane blir kunngjorde på prent, så nær som i dei tilfella noko anna blir vedteke med røystefleirtal.

§ 85.

Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.

D. Om den dømmande makta

§ 86.

Riksretten dømmer i fyrste og siste instans i dei sakene som Stortinget reiser mot medlemmer av statsrådet, Høgsterett eller Stortinget for eit strafflagt eller anna rettsstridig tilhøve når dei har brote sine konstitusjonelle plikter.

Dei nærare reglane om påtale som Stortinget reiser etter denne paragrafen, blir fastsette i lov. Det kan likevel ikkje setjast kortare foreldingsfrist enn 15 år for høvet til å gjere ansvar gjeldande ved tiltale for Riksretten.

Dommarar i Riksretten er 6 medlemmer valde av Stortinget og dei 5 etter embetsalder eldste fast utnemnde medlemmene av Høgsterett, mellom dei leiaren av Høgsterett. Stortinget vel medlemmene og varamedlemmer for 6 år. Ein medlem av statsrådet eller Stortinget kan ikkje veljast til medlem av Riksretten. I Riksretten har leiaren av Høgsterett forsetet.

Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir sitjande jamvel om tida dei er valde for, går ut før Riksretten har avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i Riksretten jamvel om dei går av som medlemmer av Høgsterett.

§ 87.

Dei nærare reglane om samansetjinga av Riksretten og om saksbehandlinga blir fastsette i lov.

§ 88.

Høgsterett dømmer i siste instans. Grenser for høvet til å få Høgsteretts avgjerd kan fastsetjast i lov.

Høgsterett skal vere samansett av ein leiar og minst fire andre medlemmer.

§ 89.

I saker som blir reiste for domstolane, har domstolane rett og plikt til å prøve om det strir mot Grunnlova å byggje på ei lovføresegn, og om det strir mot Grunnlova eller lovene i landet å byggje på andre avgjerder tekne med offentleg styringsmakt.

§ 90.

Ein høgsterettsdom kan ikkje i noko tilfelle ankast.

§ 91.

Ingen kan utnemnast til medlem av Høgsterett før ho eller han er 30 år gammal.

E. Menneskerettar

§ 92.

Dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i denne grunnlova og i traktatar om menneskerettar som er bindande for Noreg.

§ 93.

Kvart menneske har rett til liv. Ingen kan dømmast til døden.

Ingen må utsetjast for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid.

Dei statlege styresmaktene skal verne retten til liv og stri mot tortur, slaveri, tvangsarbeid og andre former for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

§ 94.

Ingen må fengslast eller bli fråteken fridommen på anna vis utan i dei tilfella og på den måten som lovene fastset. Fridomstapet må vere naudsynt og ikkje utgjere eit mishøveleg inngrep.

Den pågripne skal snarast råd framstillast for ein domstol. Andre som er fråtekne fridommen, kan få fridomstapet prøvd for domstolane utan grunnlaus dryging.

Dei som utan rett har arrestert nokon eller halde nokon ulovleg fengsla, står til ansvar for vedkommande.

§ 95.

Alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid. Rettargangen skal vere rettvis og offentleg. Retten kan likevel stengje rettsmøtet dersom omsynet til privatlivet til partane eller tungtvegande allmenne interesser krev det.

Dei statlege styresmaktene skal sikre at domstolane og dommarane er uavhengige og upartiske.

§ 96.

Ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom.

Alle har rett til å bli rekna som uskuldige til skuld er prova etter lova.

Ingen kan dømmast til å avstå fast eigedom eller heile eiga si om ikkje verdiane er nytta til eller er utbyte frå ei strafflagd handling.

§ 97.

Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.

§ 98.

Alle er like for lova.

Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling.

§ 99.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.)

§ 100.

Ytringsfridom skal det vere.

Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Det rettslege ansvaret skal vere fastsett i lov.

Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen.

Førehandssensur og andre førebyggjande åtgjerder kan ikkje nyttast om det ikkje trengst for å verne born og unge mot skadeleg påverknad frå levande bilete. Brevsensur kan ikkje setjast i verk, så nær som i anstaltar.

Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern og av andre tungtvegande grunnar.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

§ 101.

Alle har rett til å skipe, melde seg inn i og melde seg ut av foreiningar, medrekna fagforeiningar og politiske parti.

Alle kan møtast i fredelege forsamlingar og demonstrasjonar.

§ 102.

Alle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin. Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle.

Dei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten.

§ 103.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.)

§ 104.

Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.

Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.

Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie.

§ 105.

Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg sin faste eller rørlege eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag av statskassa.

§ 106.

Alle som oppheld seg lovleg i riket, kan fritt ferdast innanfor grensene og velje bustad der.

Ingen kan nektast å forlate riket om det ikkje trengst av omsyn til effektiv rettsforfølging eller fordi dei skal gjere verneplikt. Norske statsborgarar kan ikkje nektast tilgjenge til riket.

§ 107.
§ 108.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

§ 109.

Alle har rett til utdanning. Born har rett til å ta imot grunnleggjande opplæring. Opplæringa skal utvikle evnene til kvart barn og ta omsyn til dei behova det har, og fremje respekt for demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

Dei statlege styresmaktene skal sikre tilgjenge til vidaregåande opplæring og likt høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar.

§ 110.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si. Den som ikkje sjølv kan forsyte seg, har rett til stønad frå det offentlege.

Nærare føresegner om medråderetten til dei tilsette på arbeidsplassen blir fastsette i lov.

§ 111.
§ 112.

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

§ 113.

Styresmaktene må ha grunnlag i lov for å gripe inn overfor einskildmennesket.

F. Allmenne føresegner

§ 114.

Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som talar språket i landet og

  • a)

    anten er fødde i riket av foreldre som då var norske statsborgarar,

  • b)

    eller er fødde i utlandet av norske foreldre som då ikkje var statsborgarar i noko anna land,

  • c)

    eller har opphalde seg i riket i 10 år,

  • d)

    eller får innføddsrett av Stortinget.

Andre kan likevel utnemnast til lærarar ved universitetet og dei lærde skulane, til lækjarar og til konsular på framande stader.

§ 115.

For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje ved deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg.

§ 116.

Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga. Eigedommane til milde stiftingar skal berre nyttast til deira eige gagn.

§ 117.

Odels- og åsetesretten må ikkje opphevast. Dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag til størst mogleg nytte for staten og gagn for landallmugen, blir fastsette av det fyrste eller andre stortinget.

§ 118.

Heretter kan det ikkje skipast grevskap, baroni, stamhus eller fideikommiss.

§ 119.

Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.

Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unntak ho skal ha, blir fastsett i lov.

§ 120.

Forma og fargane på det norske flagget blir fastsette i lov.

§ 120 a.

Noregs Bank er sentralbanken i landet.

§ 121.

Viser røynsla at nokon del av denne grunnlova for Kongeriket Noreg bør endrast, skal framlegget om endring leggjast fram på det fyrste, andre eller tredje stortinget etter eit nytt val og kunngjerast på prent. Men det er fyrst det fyrste, andre eller tredje stortinget etter neste val som avgjer om endringa skal gjerast eller ikkje. Ei slik endring må likevel aldri stri mot prinsippa i denne grunnlova, men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje endrar ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget må vere samde i ei slik endring.

Ei grunnlovsføresegn som er vedteken på denne måten, skal underskrivast av Stortingets president og sekretær og sendast til kongen til kunngjering på prent som gjeldande føresegn i Kongeriket Noregs grunnlov.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy