Innhold
Innhold
L13.06.1969 nr. 24

Grunnskoleloven [OPPHEVET]

Lov om grunnskolen

L13.06.1969 nr. 24 Lov om grunnskolen. [OPPHEVET]

Kapitel I. Føremål og skipnad.

§ 1. Føremål.

Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Skolen skal fremje åndsfridom og toleranse, og leggje vinn på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim.

§ 2. Skoleskipnad.

1. Obligatorisk opplæring er 10-årig.

Til ungdomssteget kan det leggjast eit 11. år med friviljug undervisning.

2. Til vanleg bør det ikkje skipast skolar med meir enn 450 elevar. Ein skole med årgangstal mellom 20 og 60 elevar bør til vanleg ha alle 10 (11) årskulla. Dersom det elles ville bli urimeleg lang eller hard skyss, kan skolen ha ungdomssteg med mindre enn 20 elevar i årskullet.

3. I tilknytning til grunnskolen kan det skipast friviljug undervisning i førskole i medhald av § 8 nr. 6.

§ 3. Krinsskipnad.

1. Det området som soknar til ein skole, er ein skolekrins. Ein krins kan femne om ulike steg eller årskull.

2. Kommunen fastset krinsskipnaden, krinsgrensene, skolestader og namn på skolar, og kan og gjere vedtak om å sløyfe krinsgrensene i heile kommunen eller i delar av han.

3. Vil ei endring i krinsskipnaden føre til at ein krins blir nedlagd eller slått saman med ein eller fleire andre krinsar, skal krinsen få seie si meining dersom kommunen gjer vedtak om det. Det same gjeld i spørsmål om ny skolestad i ein krins.

4. Etter at det er innhenta fråsegn frå heimen, kan kommunen i særhøve føre elevar mellombels over frå ein krins til grannekrinsen.

5. To eller fleire kommunar kan skipa skolekrins i lag (interkommunal krins). Føresegnene i nr. 2 og 3 gjeld tilsvarande.

Born frå ein kommune kan gå på skole i ein annan kommune når dette høver betre.

Når foreldre i språkblandingsdistrikt krev det, skal det skipast eigen krins for borna deira. Foreldre kan ikkje krevje eigen krins for færre enn 10 elevar eller at krinsen skal haldast oppe med færre enn 6.

6. For spesialundervisning gjeld reglane i denne paragrafen så langt dei høver.

§ 4. Skyss og innhysing.

1. For elevar i 1. klasse/førskolen som har meir enn 2 km veg frå heimen til skolen eller må nytte båt, skipar fylkeskommunen dagleg skyss i samråd med kommunane. For elevar i 2.-10. klasse er skyssgrensa 4 km. Kvar kommune dekkjer utgifter for sine elevar etter gjeldande persontakst. I særlege tilfelle har kommunen eit sjølvstendig ansvar for å skipe skyss for dei elevane i 1. klasse/førskolen som har skoleveg kortare enn 2 km og for dei elevane i 2.-10. klasse som har skoleveg kortare enn 4 km.

Kommunen har ansvaret for tilsyn med elevane når det vert ventetid, og for at elevar som ikkje kan reise åleine, får følgje.

2. For funksjonshemma elevar skal fylkeskommunen, om det er turvande, syte for skyss utan omsyn til veglengda.

3. For elevar som bur slik til eller har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen, skal kommunen syte for innhysing. Kommunen syter for forsvarleg tilsyn med elevar som er innhyste. Funksjonshemma elevar har rett til innhysing utan vilkår.

4. For elevar ved eigne skolar for spesialundervisning som bur i elevheim på skolen, skal utgiftene til reiser, opphald m.m. berast av dei som driv skolane i samsvar med den utgiftsfordelinga som er fastsett i lov og reglement.

§ 5. Klasseskipnaden.

1. Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel.

Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, m.a. kontakten med heimen.

2. Elevtalet skal ikkje vere over 12 i udelt, 30 i todelt, 50 i tredelt og 84 i firedelt skole. I femdelt og seksdelt skole skal årgangstalet i regelen ikkje vere over 15.

Elevtalet i klassen skal likevel ikkje i noko høve vere høgre enn 12 når det er fire årskull eller meir i klassen, 18 når det er tre årskull i klassen, 24 når det er to årskull i klassen og 28 på barnesteget og 30 på ungdomssteget når det er eitt årskull i klassen.

1. klasse/førskolen med meir enn 18 elevar skal ha to lærarar i kvar undervisningstime. Delar av undervisninga kan likevel gjevast med éin lærar, dersom det blir kompensert i andre delar av undervisninga.

3. Kommunen skal kvart år sende statens utdanningskontor oppgåve over talet på klassar, grupper, elevtalet i desse og timetalet.

§ 6. Undervisningstida.

1. Den årlege undervisningstida for elevane skal vere minst 37 veker.

2. Minste veketimetal på alle steg i grunnskolen vert fastsette av departementet i samsvar med budsjettvedtak i Stortinget.

3. Departementet kan gje nærare reglar om den daglege undervisningstida.

4. – – –

5. – – –

§ 7. Undervisninga.

1. Alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadene dei har.

2. Læreplanen skal til vanleg femne om kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet, naturen og om opplæring estetisk, praktisk og sosialt.

3. Ein del av undervisningstida kan nyttast til valfrie fag eller kurs, til leirskoleundervisning, til opplæring ved andre skolar eller leggjast til ein arbeidsplass utanfor skolen etter reglar som departementet fastset.

4. Departementet fastset ein mønsterplan som skal gje ei nærmare utforming av dei mål som er sette for skolen, fag- og timebyteplanar og undervisningsplanar for alle fag og klassesteg, for vanleg undervisning og spesialundervisning.

Undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering skal:

– gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,

- gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,

- gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,

- fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og

– fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit ordinært skolefag. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

5. Fag- og timebyteplanane i mønsterplanen er bindande for alle skolar som ikkje har undervisning ut over det minstetimetalet som er fastset etter § 6, men på barnesteget kan opp til 5 veketimar av minstetimetalet nyttast til å styrkje einskilde fag etter vedtak av kommunen. Dersom ein kommune har høgre veketimetal enn minstetimetalet, vedtek kommunen korleis dei overskytande timane kan nyttast.

Reglane i første lekken gjeld for spesialundervisninga så langt dei pedagogisk sett høver.

6. I samråd med statens utdanningskontor skal kommunane syte for utbygging av den pedagogiske rettleiingstenesta.

7. Departementet skal syte for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisninga og hjelpemiddel for rådgjevingstenesta.

8. Etter retningsliner frå departementet kan statens utdanningskontor samtykkje i at kommunen gjer avvik frå gjeldande føresegner om fagsamansetjing, stoffval, omfanget og målet for undervisninga i dei einskilde fag, når kravet til heile opplæringa med dette ikkje blir mindre. Før statens utdanningskontor tek stilling til slike søknader skal samarbeidsutvalet seie si meining.

9. – – –

§ 8. Spesialundervisning.

1. For born og ungdom som ut frå ei sakkunnig vurdering treng serleg hjelp, skal det skipast spesialundervisning, i eller utanom skolen.

Slik undervisning kan gjevast i vanleg skole eller i eigne skolar eller spesialklassar eller i medisinske og sosiale institusjonar m.v.

2. Spesialundervisning for elevar i vanleg skole som får ekstra hjelp i eit eller fleire fag for kortare eller lengre tid, skal skipast av kommunen på grunnlag av planar som kommunen arbeider ut.

3. Spesialundervisning i eigne skolar eller i spesialklassar lagde til ein vanleg skole, kan skipast av ein kommune åleine, av fleire kommunar i lag, av ein fylkeskommune eller andre enn kommunar eller fylke. Statens utdanningskontor har tilsyn med denne undervisninga. Departementet kan gje nærare føresegner.

4. Statens utdanningskontor kan, i samarbeid med skole-, sosial- og helsestellet, arbeide ut planar for organiseringa av slik spesialundervisning som er nemnd i pkt. 3 for ein eller fleire kommunar eller for heile fylket.

5. Staten kan drive slike skolar og institusjonar som er nemnde i nr. 3 og 6.

6. Kommunen skal syte for at born under opplæringspliktig alder får høveleg spesialpedagogisk hjelp når det etter sakkunnig tilråding er turvande. Slik hjelp kan knyttast til skolar, daginstitusjonar, medisinske og sosiale institusjonar m.m. eller organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan og gjevast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av annen sakkunnig instans og bør òg femne om foreldrerådgjeving.

7. Departementet fastset nærmare føresegner for dei tiltaka som er nemnde ovanfor.

§ 9. Pedagogisk-psykologisk teneste.

1. Pedagogisk-psykologisk teneste skal skipast i høvelege distrikt og kan organiserast kommunalt eller interkommunalt. Statens utdanningskontor kan gjere framlegg om inndeling av fylket i tenestedistrikt.

Kommunen fastset distriktsgrenser og kontorstader. Vedtaka treng godkjenning av statens utdanningskontor.

2. Departementet fastset nærare føresegner for dei tiltaka som er nemnd ovanfor.

Dersom kommunane ikkje blir samde om korleis spesialundervisninga under § 8 nr. 3 skal organiserast, eller om inndelinga av den pedagogisk-psykologiske tenesta i tenestedistrikt, eller om vilkåra for samarbeid, skal saka leggjast fram for statens utdanningskontor til avgjerd.

§ 10. Skolerom og utstyr.

1. Kommunane skal syte for tenlege skolar.

2. Alle skolar skal ha det innbu og dei læremiddel som trengst. Departementet gjev retningsliner.

Skolane skal ha eit bibliotek og ein som er ansvarleg for bibliotektenesta. Skolebiblioteka skal ha både ein pedagogisk og ein allmennkulturell funksjon og må ha eit fast samarbeid med folkebiblioteka i kommunen.

3. Kommunane skal halde elevane med lære- og lesebøker, skrive- og teiknesaker og anna undervisningsmateriell.

4. Skoleanlegga bør brukast til kulturelle og sosiale føremål utanom skoletida.

Om reinhald gjeld lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane og forskriftar med heimel i den lova.

På grunnskolar og i kombinerte anlegg for skole og andre føremål må det ikkje kunne serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting under arrangement i offentleg som privat regi. I kombinerte anlegg for skole og andre føremål kan det i særlege høve gjerast unntak når desse anlegga vert nytta til kulturelle og sosiale føremål utanom skoletida.

§ 11. Helsetilsyn og tannrøkt.

Om helsetilsyn gjeld føresegnene i lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane.

Om tannhelsetilsyn gjeld føresegnene i lov om tannhelsetjenesten.

Departementet kan gje nærare reglar om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.

§ 12. Reglement og instruksar.

1. Departementet fastset:

  • a)

    føresegner og nærare retningsliner for dei gjeremål og ordningar som denne lova gjev heimel for,

  • b)

    normalinstruksar for stillingar som kan skipast i samsvar med denne lova.

Kapittel II. Opplæringsplikt m.m.

§ 13. Rett og plikt til opplæring.

1. Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning.

Elevar skal til vanleg skrivast inn ved den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Etter søknad kan elevar takast inn på annan skole.

For born og ungdom på sjukehus e.l. skal det skipast undervisning som svarar til den som blir gjeven i grunnskolen.

2. Barnet skal til vanleg starte opplæringa i det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra, kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år.

Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkyndig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

3. Opplæringsplikta varer til eleven har gått tiande skoleåret. I særlege tilfelle kan ein elev bli utskriven tidlegare, men likevel ikkje før han har gått ni år på skolen.

Born og ungdom kan likevel bli fritekne frå opplæringsplikt dersom dei ut frå ei sakkunnig vurdering har så alvorlege funksjonshemningar at opplæringsplikta verkar urimeleg.

4. Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal være i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

5. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld også før opplæringspliktig alder når den einskilde etter sakkunnig vurdering har behov for det.

6. Kommunen skal føre oppgåve over alle som treng spesialpedagogisk hjelp.

7. Nærare reglar om opptaking, oppflytting, flytting til annan skole, års- og avgangsprøver, karakterar og karaktergjeving, utskriving av avgangsvitnemål og om fritaking frå opplæringsplikt etter nr. 3, blir fastsette av departementet.

8. – – –

9. Elevar som høyrer til eit religionssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til å vere borte frå skolen dei dagane samfunnet deira held helg.

10. Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar.

Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå dei delar av undervisninga ved den einskilde skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Dette kan m.a. vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak, så langt det er råd og særleg på småskoletrinnet, søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen.

Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnd i andre leddet.

11. Er ein elev borte frå den pliktige undervisninga, kan foreldra eller dei som er i staden, straffast med bøter dersom dei er skuld i fråværet. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen gjer vedtak om det.

12. Departementet gir forskrifter om plikt for kommunane til å gi særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar.

§ 14. Private skolar.

1. For å kunne setje i gang ein privat skole, trengst det godkjenning frå departementet. Departementet kan ta godkjenninga attende, dersom vilkåra ikkje blir oppfylte.

2. Føresegner om skoletid, undervisningstid, avgangsprøver og avgangsvitnemål etter denne lova, gjeld og for private skolar.

Undervisningsplanane og lærarane må vere godkjende av statens utdanningskontor.

Private skular som er skipa som eit fagleg/pedagogisk alternativ som søkjer tilskot etter lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, blir godkjende etter nemnde lov.

§ 15. Plikt for arbeidsgjevar.

Ingen arbeidsgjevar må la ein elev arbeide i skoletida eller så nær innpå skoletida at eleven ikkje kan kome på skolen utkvild og i rett tid. Heller ikkje må ein arbeidsgjevar setje eleven i arbeid utanfor skoletida på ein slik måte at eleven ikkje får førebu seg til skolen. Arbeidsgjevaren må sjølv syte for at han kjenner skoletida til eleven. Den som bryt desse føresegnene med vilje eller av aktløyse kan ileggjast bot.

Elles gjeld lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. og dei føresegner som er fastsette i medfør av den lova.

§ 16. Om arbeidsmiljøet og om rettar og plikter for elevane.

Det skal leggjast vinn på å skape eit triveleg arbeidsmiljø med gode samarbeidsformer for alle som er knytta til skolen som elevar, lærarar eller anna personale.

Kvar skole skal ha eit reglement som blir godkjent av kommunen. Reglementet kan ha med føresegner om rettar og plikter for elevane, reglar for åtferd, kva tiltak som kan nyttast dersom elevar bryt føresegnene og om framgangsmåten ved behandlinga av slike saker. Bortvisning kan ikkje nyttast for meir enn 3 dagar.

Departementet kan gje nærare føresegner om innhaldet i reglementet.

Kroppsleg refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.

Kapittel III. Undervisningspersonalet m.m.

§ 17. Undervisningsstillingar m.m.

1. Undervisninga i skolen skal i regelen leggjast til heile stillingar. Når det høver, kan det og skipast timelærarstillingar.

Det kan skipast stillingar med undervisning dels i grunnskolen og dels i vidaregåande skole.

2/3 av dei heile stillingane skal vere faste og resten oppseielege.

2. Når det trengst, kan det og nyttast mellombels tilsette lærarar og vikarar.

3. Kommunen kan setje ein lærar til å føre tilsyn med undervisningsrom, innbu og læremiddel.

4. Ved skole for ungdomssteget og ved fulldelt skole for barnesteget skal det vere rektor. Skole som femnar om både barnesteget og ungdomssteget skal til vanleg ha ein rektor sams for dei to stega.

Det kan og vere rektor ved fådelt skole for barnesteget, når kommunestyret samtykkjer.

Når minst to tredelar av dei tilsette og av foreldra ved skolen ønskjer det, og kommunen samtykkjer, kan ansvar og plikter som elles ligg til stillinga som rektor, takast over av lærarar. Departementet gjev nærmare reglar.

5. Departementet tek avgjerd om kva for stillingar og kva for teneste som skal skipast for andre gjeremål. For stillingane gjeld det som er fastsett for undervisningspersonalet m.m. tilsvarande, når ikkje anna er sagt eller går fram av samanhengen.

6. For undervisningsstillingar ved statlege skolar gjeld føresegnene i lov 10. juni 1977 nr. 65 om statens tjenestemenn.

§ 18. Krav til utdanning m.m.

1. Om krav til utdanning for undervisningsstillingar og krav til utdanning og røynsle for rektor gjeld føresegner i lov om lærarutdanning.

2. Departementet kan fastsetje særskilde krav til utdanning og røynsle for personale med særoppgåver i det kommunale skoleverket.

3. Den som skal undervise i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, skal ta utgangspunkt i skolen sin føremålsparagraf og presentera kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.

§ 19. Lønn og lesetid m.m.

1. For stillingar som går inn under denne lova blir lønns- og arbeidsvilkåra fastsette i tariffavtale.

2. Lærar som sluttar i stilling når sommarferien tek til, får lønn ut juli månad. Lærar som tek til i stilling når sommarferien er slutt, får lønn frå 1 august.

3. Lærar som underviser ved meir enn ein skole, skal ha skyssgodtgjersle etter dei føresegner som gjeld for offentlege tenestemenn, for sine reiser til andre skolar enn den som ligg nærmast bustaden hans. Godtgjersle kan berre krevjast for reise med båt eller når avstanden til lands er minst 3 km kvar veg. Avstanden blir rekna frå bustaden, men frå nærmaste skolestad dersom dette er stuttare.

4. Lærar i fast eller oppseieleg stilling får flyttegodtgjersle etter dei reglar som gjeld for statstenestemenn.

5. Under sjukdom får personale i stillingar som går inn under denne lova, lønn etter dei reglar som gjeld for offentlege tenestemenn.

§ 20. Utlysing av stillingar.

1. Ledige stillingar for tenestemenn nemnde i § 21 nr. 1 skal lysast ut av kommunen. I utlysinga skal det seiast frå om vilkår og søknadsfrist. Søknadsfristen skal vere minst 3 veker.

2. Stilling for adjunkt eller lektor med undervisning på barne- og ungdomssteget eller berre på ungdomssteget eller både i grunnskolen og i vidaregående skole, skal lysast ut slik at dei fag det krevst undervisningskompetanse i, er særskildt nemnde.

3. Kommunen må ikkje krevje i utlysinga eller på annan måte at søkjarane skal gje opplysningar om korleis dei ser på politiske og kulturelle spørsmål.

§ 21. Tilsetjing.

1. Skal læraren stå for praktikantopplæring, har rektor ved vedkomande pedagogiske høgskole og/eller seminar rett til å gje tilråding. Blir kommunen og vedkomande ikkje samde, skal statens utdanningskontor ta avgjerd.

2. Den som blir tilsett, må innan 8 dagar frå han får melding, melde skriftleg frå om han tek stillinga. Kommunen kan lengje denne fristen.

3. Kommunen kan gje ein lærar som er tilsett på oppseiing, fast tilsetjing i den same stillinga utan å lyse ho ut på nytt. Er statens utdanningskontor ikkje samd i vedtaket, skal han leggja saka fram for departementet til avgjerd.

4. Departementet gjev føresegner om tilsetjing i stillingar ved faste leirskolestader, i interkommunale stillingar og i stillingar med teneste både i grunnskolen og i vidaregåande skole.

§ 22. Plikter for personalet.

1. Personalet har, einskildsvis og samla, ansvar for at skolen blir driven i samsvar med dei mål som er sette for skolen. Personalet skal hjelpe til å skape eit godt skolesamfunn.

2. Lærarane skal ha plikt til å undervise på dei læresteg og i dei fag som dei har kompetanse til.

3. Personalet har mot fastsett godtgjersle plikt til å rettleie praktikantar fra pedagogisk høgskole, seminar eller andre utdanningsinstitusjonar, dersom desse får si praksistid ved skolen.

4. Undervisningspersonalet skal i samsvar med reglar fastsette i reglement og instruks ha plikt til å møte til etterutdanning, planlegging, samråding m.m., utanom undervisningstida, jfr. § 6.

5. Personalet skal rette seg etter dei lover som gjeld for skolen og dei føresegner som er gjevne i skoleplanar, reglement og instruksar.

6. Lærarane har plikt til å melde frå til rektor om elevar som dei meiner treng spesialundervisning.

§ 23. Oppseiingsfrist m.m.

1. Den som er tilsett, kan seie opp stillinga med 3 månaders varsel, når ikkje anna er avtala.

2. Den som tek imot ny stilling, har plikt til straks å seie opp stilling som han ikkje kan halde fram i når han tek over den nye stillinga. Han har også plikt til straks å kalle attende søknader på slike ledige stillingar.

§ 24. Oppseiing, overføring til annan skole m.m.

1. Kommunen kan med 3 månaders varsel seie opp tenestemann nemnd i § 21 nr. 1 som ikkje er fast tilsett, når ei stilling fell bort ved omskiping av krinsar, ved inndraging av klassar eller av andre tvingande grunnar.

I slike høve kan kommunen like eins krevje at lærar eller rektor som er tilsett fast eller på oppseiing, tek teneste ved ein annan grunnskole i kommunen, når han får noko så nær dei same arbeidsvilkår. Rektor, og lærar med særoppgåver, har likevel ikkje krav på å få tilsvarande stilling. Lønna må ikkje setjast ned.

Dersom ikkje særlege omsyn gjer seg gjeldande skal samla tenestetid vere avgjerande ved oppseiing, slik at den som har stuttare samla tenestetid, må finne seg i oppseiing før ein som har lengre samla tenestetid.

2. Ein lærar eller rektor i interkommunal stilling kan etter dei same reglar som er nemnde i nr. 1, førast over til stilling i berre ein av dei kommunar han arbeider.

3. Syner ein tenestemann i stilling som nemnt i § 21 nr. 1 dugløyse eller er han av andre grunnar ikkje skikka for stillinga, kan kommunestyret gje han avskil. Den det gjeld skal ha hatt høve til fråsegn.

Gjer nokon seg skuldig i grov misferd, kan kommunen straks setje han ut av arbeidet til han kan gjevast avskil eller han blir frådømd stillinga. I mellomtida skal han ha utbetalt lønn som vanleg.

§ 25.

(Opphevd med lov 18. des. 1987 nr. 99.)

Kapittel IV. Styringsskipnaden.

§ 26.

(Opphevet ved lov 11. juni 1993 nr. 85 (i kraft 1. jan. 1994, se dens III).)

§ 27. Oppgåver for kommunen

1. Kommunen syter for at skolen blir styrt i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og læreplan og ser til at undervisningspersonalet er samansett så formålstenleg for fagkrinsen som råd er, og at skolen er på høgd med dei krav som gjeld til kvar tid.

Kommunen skal medverke til at lærarar, skoleleiarar og tenestemenn med særoppgåver i det kommunale skoleverket får høve til å halde kunnskapane sine ved like og følgje med på det faglege området.

2. Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået.

3. Kommunen fører tilsyn med pliktig opplæring for dei som ikkje går i den kommunale skolen og skal, om det er grunn til det, kalle dei inn til særskilde prøver.

§ 28.

(Opphevet ved lov 11. juni 1993 nr. 85 (i kraft 1. jan. 1994, se dens III).)

§ 29.

(Opphevet ved lov 11. juni 1993 nr. 85 (i kraft 1. jan. 1994, se dens III).)

§ 30. Foreldreråd.

1. Ved kvar skole skal det vere foreldreråd der alle foreldre, eller forsytarar som kjem i staden for foreldre, som har born på skolen, er medlemmer. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval som sjølv vel 2 medlemmer med personlege varamenn til samarbeidsutvalet. Leiaren i arbeidsutvalet skal vere den eine av medlemmene.

§ 31. Fråsegn frå krinsen.

1. Når ein krins skal gje fråsegn i saker som er nemnde i § 3 nr. 3 og i § 40 nr. 4, skal kommunen i samråd med leiaren i for eldrerådet fastsetje tid og stad for krinsmøte og syte for kunngjering med minst 4 vekers frist og på ein måte som er vanleg på staden. Så langt råd er, skal møtet haldast på ei tid som høver for alle røysteføre.

2. Røysterett har alle som bur i krinsen, jf. § 3 nr. 1, og fyller krava etter vallova 1. mars 1985 nr. 3 § 11. Røysterett i høve skriftleg opplæringsmål har dessutan foreldre/forsytar til born på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.

3. På møtet kan dei drøfta den saka som krinsen skal gje fråsegn om. Dei frammøtte avgjer når drøftingane skal slutta og røystinga ta til.

Røystinga i saker etter § 40 nr. 4 skal vere skriftleg. Det same gjeld i saker etter § 3 nr. 3 dersom nokon av dei frammøtte krev det.

4. Kommunen styrer møtet, har ansvaret for røysting og skal syte for at det blir sett opp liste over dei som har røysterett etter nr. 2, men som ikkje står i manntalet, og for at det i denne lista og i manntalslista blir merkt tydeleg av kven som har røysta.

5. Departementet kan gje nærmare føresegner om møteskipnaden og røystinga.

§ 32. Samarbeidsutvalet m.m.

1. Ved kvar skole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for elevrådet , og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner kommunen opp ein representant til utvalet. Rektor er sekretær for samarbeidsutvalet.

2. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

3. Dersom Samarbeidsutvalet får styringsoppgåver delegert frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet.

4. Dersom samarbeidsutvalet handsamar saker under teieplikt etter forvaltningslova, skal elevrepresentantane fråtre.

5. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, jf kommunelova § 11, skal minst to representantar for foreldra vere med i styret. Rektor har rett til å vere til stades på møta, til å seie si meining og få henne ført i møteboka.

6. Departementet kan gje nærare retningsliner for råd og utval etter §§ 30, 32 og 33, og kan etter søknad frå kommunen i særskilde høve gjere unntak frå reglane om rådsorgana og fastsetje alternative ordningar.

7. Kommunen kan gjere vedtak om at ein grunnskole og ein kommunal barnehage skal ha felles samarbeidsutval. Kommunen kan gjere avtale med eigar av privat barnehage om tilsvarande ordning, dersom begge partar ønskjer det.

Samarbeidsutvalet skal i slike høve ha ein representant for lærarane, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen, to representantar for foreldrerådet i barnehagen og rektor/styrar for skolen/barnehagen.

§ 33. Elevråd og klasseråd.

1. Ved kvar skole for ungdomssteget skal det vere eit elevråd. Til vanleg vel kvar klasse ein representant til elevrådet. Rådet vel leiar, nestleiar og sekretær. Ein lærar skal hjelpe elevrådet i arbeidet.

2. Ved kvar skole for barnesteget kan det vere eit elevråd.

3. For kvar klasse kan det vere eit klasseråd der alle elevane er medlemmer.

§ 34. Statens utdanningskontor.

1. Statens utdanningskontor skal i samarbeid med kommunen og fylkeskommunen sjå til at grunnskolen er tidhøveleg, og at det elles er tenleg opplæring for born og ungdom som kjem innunder denne lova. Statens utdanningskontor ser til at alle føresegner for skolen blir følgde.

2. Statens utdanningskontor skal syte for at det blir laga planar for spesialpedagogiske tiltak, pedagogisk utviklingsarbeid og etterutdanning, og hjelpe til med å setje planane i verk.

3. Ved klage over enkeltvedtak etter grunnskolelova er Statens utdanningskontor klageinstans.

4. Departementet kan gje nærmare føresegner om gjeremåla til Statens utdanningskontor.

§ 35. Foreldreutvalet.

Departementet oppnemner Foreldreutvalet for grunnskolen. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og 5 andre medlemmer. Funksjonstida er 4 år.

Nærare føresegner om gjeremål, arbeidsordning, bruk av konsulentar o.a. blir fastsette av departementet.

§ 36. Statlege skolar.

1. Departementet står for administrasjonen av dei skolane som staten driv.

2. For kvar skole kan departementet oppnemne eit styre. Departementet gjev nærare føresegner om samansetjing og arbeidsoppgåver for styret.

3. Ved kvar skole skal det vere ein rektor som har den daglege leiinga.

4. Departementet skal gje føresegner om kva for saker skolen, styret for skolen og statens utdanningskontor kan ta avgjerd i.

Kapittel V. Utgiftene til skolen.

§ 37. Plikter for kommunen m.m.

1. Kvar kommune har ansvar for at alle born og all ungdom får høveleg opplæring, og pliktar å syta for at grunnskolen er skipa og blir driven i samsvar med denne lova.

Når fylkeskommunen eig eller ved avtale har økonomisk ansvar for drifta av ein sosial eller medisinsk institusjon, har fylkeskommunen ansvaret for undervisning etter denne lova for klientane ved institusjonen. Ansvaret femner og om skolerom og utstyr.

2. Kommunen ber utgiftene til grunnskolen etter reglane i lova.

For elevar i sosiale og medisinske institusjonar som fylkeskommunen eig, eller ved avtale har driftsansvaret for, vert utgiftene dekte av fylkeskommunen.

3. Kommunen der eleven har heimen sin, betaler for undervisninga i eller utanfor kommunen. For elevar i fylkeskommunal sosial eller medisinsk institusjon vert utgiftene dekte av fylkeskommunen. Departementet gjev nærmare reglar.

4. Undervisninga i grunnskolen er fri for alle som bur i kommunen og etter § 13 har rett til å gå på skolen.

§ 38. Tilskott frå staten.

Staten yter årleg tilskott:

  • 1.

    Til delvis dekning av kommunane sine utgifter. Tilskottet blir gitt som rammetilskott gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane etter reglar gjeve av Kongen.

  • 2.

    Til særlege undervisningstilbod etter nærare regler fastsette av departementet.

Kapittel VI. Ymse føresegner.

§ 39. Lærebøker.

1. Lærebøker som blir nytta i skolen, må vere godkjende av departementet.

Lærebokverk i andre fag enn norsk må liggje føre til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk. Departementet kan gjere unntak frå denne regel.

2. Når det ikkje gjeld lærebokverk i morsmålet, kan foreldra til kvar einskild elev velje om han skal nytte nynorsk- eller bokmålutgåve.

§ 40. Målet i skolen.

I opplæringa skal det nyttast norsk mål etter desse reglane:

1. I den munnlege opplæringa kan elevane bruke det mål dei talar heime, og læraren skal i ordtilfang og uttrykksmåte ta omsyn til talemålet til elevane.

2. Elevane skal lære å lese både nynorsk og bokmål. Derfor skal lesebøkene ha nok tilfang på begge mål.

3. Kommunen fastset for kvar skole om det til skriftleg arbeid skal nyttast nynorsk eller bokmål.

4. Når det gjeld skifte av skriftleg opplæringsmål, skal det haldast røysting i krinsen eller det området som elles soknar til skolen.

Røysting om skriftleg opplæringsmål skal haldast når fleirtalet i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i krinsen krev det.

Resultatet av røystinga kjem fram ved vanleg fleirtal, og skal vere rådgjevande for kommunen.

Nytt vedtak om opplæringsmål kan ikkje gjerast før det er gått minst 5 år.

Når krinsar med ulikt opplæringsmål blir slegne saman, skal det alltid haldast ny røysting.

5. Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet fastset dei nærmare føresegner for slik undervisning. Frå åttande klassesteget avgjer elevane sjølve kva målform dei skal nytte.

Departementet kan gje føresegnar om fritak frå opplæring i sidemålet.

6. Foreldre for minst 10 elevar på eit av klassestega 1-7 som ønskjer at borna deira skal få nytte eit anna skriftleg opplæringsmål enn det som er vedteke for skolen, kan krevje klassedeling dersom det ikkje blir mindre enn 10 elevar i kvar klasse.

Er dei elevane som er nemnde i første ledd spreidde på fleire skolar i kommunen, kan foreldra med vanleg fleirtal velje skole for klassen.

Klasse som er oppretta etter deling, kan halde fram på barnesteget så lenge elevtalet ikkje går under 6.

Gjer krinsskipnaden at elevar etter 3. klasse blir førde over til ein skole med anna opplæringsmål og dette gjeld færre enn 10 elevar på klassesteget, kan foreldra krevje at dei får halde fram med det same skriftlege opplæringsmålet og skal ha undervisning i eiga gruppe i norsktimane.

7. Reglane i denne paragrafen gjeld i spesialundervisninga så langt dei høver.

§ 40 a. Samisk i opplæringa.

1. Born i samiske distrikt har rett til å få opplæring i eller på samisk. Frå og med åttande klassesteget er det elevane sjølve som tek avgjerd.

Elevar med opplæring i eller på samisk blir fritekne for opplæring i ei av dei norske målformene på 9. og 10. klassesteg.

2. Kommunen kan gjere vedtak om at barn med samisk talemål skal ha opplæring i samisk i alle ni år og at dei som har norsk som talemål skal ha samisk som fag.

3. Opplæring i eller på samisk kan òg bli gitt til elevar med samisk bakgrunn utanom samiske distrikt.

Dersom det er minst tre elevar med samisk talemål ved ein skole, kan dei krevje opplæring i samisk.

§ 41. Opplæringa i kristendomskunnskap.

(Opphevd med lov 19. juni 1997 nr. 83 (i kraft 1. juli 1997 iflg. res. 27. juni 1997).

§ 42. Teieplikt.

Alle som gjer teneste eller arbeid etter denne lova har teieplikt etter reglane i forvaltningslova §§ 13 til 13 e.

§ 42 a. Opplysningsplikt til sosialtenesta.

Alle som gjer teneste eller arbeid etter denne lova skal gje råd og rettleiing til sosialtenesta i klientsaker. Dei skal vera merksame på tilhøve som bør føre til tiltak frå sosialtenesta si side, og dei skal av eige tiltak gje sosialtenesta opplysningar om slike tilhøve. Av eige tiltak kan opplysninger berre gjevast med samtykke, eller så langt opplysningane ellers kan gjevast uten hinder av teieplikta.

§ 42 b. Opplysningsplikt til barneverntenesta.

Tilsette som arbeider innafor ramma av denne lova skal vere merksame på høve som kan føre til åtgjerder frå barneverntenesta si side.

Uten hinder av teieplikta skal dei tilsette av eige tiltak gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for alvorleg svikt i omsuta, jf. lov om barneverntenester § 4-10, § 4-11, § 4-12, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege atferdsvanskar, jf. same lov § 4-24. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for gjennomføringa av lov om barneverntenester, plikter dei tilsette å gje slike opplysningar.

§ 42 c.

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk/kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

§ 42 d.

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om:

  • a.

    eigarforhold

  • b.

    kven som er opptaksmyndigheit

  • c.

    opptakskriterium

  • d.

    opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen

  • e.

    foreldrebetaling

  • f.

    leike- og opphaldsareal

  • g.

    dagleg opphaldstid og årleg opningstid

  • h.

    bemanning og leiing.

Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere administrativ og fagleg leiar. Statens utdanningskontor gjer unntak frå kravet.

Tilbodet skal finansierast gjennom statleg og kommunalt tilskott og eigenbetaling frå foreldra.

Statens utdanningskontor fører tilsyn med skolefritidsordninga. Regelen i § 34 nr. 1 gjeld tilsvarande.

Kommunen godkjenner og fører tilsyn med private skolefritidsordningar som får statstilskott.

Departementet gir nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.

Kapittel VII. Overgangsføresegner.

§ 43. Iverksetjing av lova.

Denne lova tek til å gjelde frå den dag Kongen fastset. Frå same tid fell lov frå 10. april 1959 om folkeskolen bort.

Kongen kan fastsetje at reglane i § 25 nr. 2, bokstavane a og b, i lov av 10. april 1959 om folkeskolen førebels skal stå ved lag.

Frå den dag lov om grunnskolen blir sett i verk, blir følgjande lover endra slik: – – –

§§ 44-46.

(Opphevd med lov 13. juni 1975 nr. 42.)

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy