Innhold
Innhold
L23.02.1973 nr. 11

Lov om godkjenning av køyretøyverkstader [OPPHEVET]

Lov om godkjenning av køyretøyverkstader

L23.02.1973 nr. 11 Lov om godkjenning av køyretøyverkstader. [OPPHEVET]

§ 1.

Berre verkstad som er godkjend av regionvegkontoret , har høve til å utføre reparasjons- og vedlikehaldsarbeid samt påbyggingsarbeid på

  • a)

    bil,

  • b)

    motorsykkel, unnateke moped,

  • c)

    traktor som er konstruert for ein fart av 50 km/t eller meir,

  • d)

    motorreiskap som er konstruert for ein fart av 50 km/t eller meir,

  • e)

    tilhengjar med brems til motorvogn som er nemnd ovanfor.

Departementet kan ved føresegn fastsetje at visse reparasjons- og vedlikehaldsarbeid samt visse påbyggingsarbeid ikkje skal gå inn under reglane i første ledd, og at det skal gjelde særreglar eller unntaksreglar for visse verkstader, visse køyretøy og visse arbeid.

§ 2.

Departementet kan gje nærare føresegner til gjennomføring og utfylling av lova, herunder om vilkåra for godkjenning av verkstad, om plikter som godkjenninga fører med seg, om tilbakekalling av godkjenning og om kontroll av verkstader.

§ 3.

Den som med vilje eller av aktløyse gjer arbeid på køyretøy i strid med føresegner gjevne i eller med heimel i denne lova eller medverker til dette vert straffa med bøter eller med fengsel inntil 3 månader.

§ 4.

Denne lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt vert lov av 17 oktober 1947 om godkjenning av bilverkstader m.m. oppheva.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy