Innhold
Innhold
L21.03.1975 nr. 9

Lov om nordisk vitneplikt

Lov om nordisk vitneplikt

L21.03.1975 nr. 9 Lov om nordisk vitneplikt.

§ 1.

Etter reglane i denne lova kan personar som ved innkallinga har fylt 18 år og er busette og oppheld seg i Danmark, Finland, Island eller Sverige, påleggast å møte som vitne her i landet for dei vanlege domstolane og jordskifterettane.

Innkalling kan berre skje når det har mykje å seia at vitnet forklarar seg her i landet og forklaringa må reknast å vera viktig for saka. Ved vurderinga skal det takast omsyn til den vekt saka har og om innkallinga vil vera mykje ulagleg for vitnet . Innkalling til annan domstol enn den dømande kan berre skje når særleg sterke grunnar talar for det.

Reglane i straffeprosesslova og tvisteloven om innkalling og avhøyr av vitne gjeld tilsvarande, når ikkje anna følgjer av denne lova.

§ 2.

Vitnestemning med pålegg om å møte kan berre skrivast ut av retten. Stemninga skal innehalde slikt varsel som vitnet har krav på. Departementet kan gje nærare forskrift om innhaldet i stemninga.

§ 3.

Ingen må påleggast å gje vitneforklaring i strid med reglane i straffeprosessloven §§ 117 til 125 eller tvisteloven kapittel 22 (jf likevel barnelova § 21), eller med lovgjevinga i det landet der vitnet er busett.

§ 4.

Dersom eit vitne ikkje møter etter innkalling, eller på annan måte gjer seg skuldig i handling eller forsøming som nemnt i domstollova §§ 205-207, gjeld dei nemnde reglane. Let vitnet vera å oppfylle pålegg frå retten om å ta med seg dokument eller andre ting som det har plikt til å legge fram, gjeld domstollova § 209 tilsvarande. Elles gjeld domstollova §§ 213-217 så langt desse paragrafane høver ved bruk av reglane i første og andre punktum.

Reglane i straffeprosesslova § 115 første ledd og tvisteloven § 24-5 første alternativ, om avhenting av vitne som ikkje møter, kan ikkje brukast mot vitne så lenge det oppheld seg utanfor Norge.

§ 5.

Reglane i denne lova om innkalling og avhøyr ved retten gjeld og i høve til den som er fornærma ved ei straffbar handling, når vedkomande er busett i Finland eller Sverige, og etter lovgjevinga der ikkje reknast som vitne i straffesaka. Det kan likevel ikkje brukast tvangsmidlar mot den fornærma om han nektar å forklare seg. Heller ikkje kan han straffast for uriktig forklaring.

§ 6.

Den som møter som vitne etter reglane i denne lova, må ikkje under opphaldet sitt her i landet utsetjast for rettsforfølgjing eller fullbyrding av straff for straffbare handlingar som er gjorde før han kom hit for å gje vitneforklaring. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkomande anten sjølv gjev samtykke i rettsmøte eller han blir verande her i landet meir enn to veker etter at han ga vitneforklaring, trass i at han fritt kunne ha reist frå landet før.

Første leden gjeld tilsvarande for utlevering til ein annan stat enn den vedkomande kom frå.

§ 7.

Vitne som møter etter innkalling i samsvar med denne lova, har rett til godtgjersle for reise og opphald etter regulativet for reiser innanlands for statens rekning.

Dersom vitnet godtgjer at det har hatt økonomisk tap, kan retten fastsetje dekning for utlegg og tapt arbeidsinntekt så langt den finn det rimeleg.

Har vitnet på grunn av kroppsfeil, sjukdom, alder, språkvanskar eller andre særlege høve trengt følgje av ein annan, får denne tilsvarande godtgjersle.

Godtgjersla skal utbetalast av retten. Den som blir innkalla, skal få tilbod om førehandsutbetaling av utlegg til reise og opphald saman med sjølve innkallinga.

Fastsetting av godtgjersle etter denne lova kan ankast til høgare domstol etter reglane i rettshjelpsloven § 27.

§ 8.

§§ 1 første og andre leden, 2, 3 og 6 gjeld tilsvarande for partar i saker om farskap, foreldreansvar og samværsrett etter barnelova. Retten kan fastsetje at parten skal ha godtgjersle etter § 7.

Retten kan pålegge parten å ta med seg dokument eller andre ting som han både etter norsk lov og lova i det landet der han er busett, pliktar å legge fram.

Straff og skadebotansvar etter domstollova §§ 205 og 209 kan ileggast partar som ikkje møter eller som ikkje oppfyller pålegg etter andre leden. § 4 første leden tredje punktum gjeld tilsvarande. Ein part som ikkje møter og som oppheld seg her i landet, kan avhentas etter reglane i tvisteloven § 23-1 fjerde leden.

Elles gjeld reglane om partar i tvisteloven og barnelova tilsvarande.

§ 9.

Når eit vitne møter friviljug utan innkalling, gjeld §§ 3, 6 og 8 andre leden tilsvarande. Det same gjeld for ein part i saker som nemnt i § 8 første leden.

§ 10.

Personar som har fylt 18 år, som er busette i Norge og som oppheld seg her eller i Danmark, Finland, Island eller Sverige, pliktar å møte og gje forklaring for retten i desse landa etter dei reglar som gjeld i vedkomande land og som hovudsakeleg svarer til reglane i lova her. Det same gjeld personar som oppheld seg i Norge og er busette i Danmark, Finland, Island eller Sverige.

§ 11.

Avgjerd av ein dansk, finsk, islandsk eller svensk domstol, som pålegg ein person som er innkalla etter lov om nordisk vitneplikt å betale sakskostnader (fordi han ikkje har møtt eller for anna forsøming), skal fullbyrdast her i landet når dette blir kravd. Fullbyrdinga skjer etter reglane i lov om anerkjennelse og fullbyrding av nordiske dommer på privatrettens område.

§ 12.

Denne lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.

Kongen kan setje lova i kraft særskilt i høve til einskilde av dei statane den skal omfatte.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy