Innhold
Innhold
L23.06.1972 nr. 69

Lov om psykiatriske pleiarar [OPPHEVET]

Lov om offentleg godkjenning av pleiarar i psykiatriske sjukehus

L23.06.1972 nr. 69 Lov om offentleg godkjenning av pleiarar i psykiatriske sjukehus. [OPPHEVET]

§ 1.

Den som var i arbeid som pleiar ved psykiatrisk sjukehus den 1 januar 1965 og utan lengre avbrott framleis er i slikt arbeid, kan departementet gje godkjenning som pleiar i psykiatrisk sjukehus. Departementet gjev nærare føresegner om vilkåra for godkjenning. Søknad om godkjenning etter denne lova må vera kome inn til departementet innan 6 månader frå den dag lova vert sett i verk.

§ 2.

Når ein offentleg godkjend pleiar i psykiatrisk sjukehus har synt seg uskikka til å gjera arbeidet sitt forsvarleg, skal departementet kalla godkjenninga attende. Før ei godkjenning vert kalla attende, skal pleiaren få høve til å uttala seg.

§ 3.

Pleiar i psykiatrisk sjukehus som utan rett til det brukar nemninga offentleg godkjend eller ei nemning som er eigna til å få folk til å tru at han er offentleg godkjend, vert straffa med bøter.

§ 4.

Godkjende pleiarar i psykiatriske sjukehus har plikt til, med slike atterhald som er fastsette i lov, å teia om det som dei under sitt arbeid blir tiltrudde. Same reglar skal gjelda om det dei får kunnskap om om folks sjukdomstilhøve eller andre personlege tilhøve.

§ 5.

Denne lova tek til å gjelda straks.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy