Innhold
Innhold
L28.04.1972 nr. 22

Lov om Statens Fiskarbank [OPPHEVET]

Lov om Statens Fiskarbank

L28.04.1972 nr. 22 Lov om Statens Fiskarbank. [OPPHEVET]

Kapittel I. Føremål.

§ 1.

Statens Fiskarbank har til føremål å hjelpe fram norsk fiskerinæring og kan:

  • 1.

    Gje lån til

    • a)

      fiske- og fangstfarkostar eller farkostar som for det meste vert nytta til føring av fisk og fiskevarer eller som er naturleg knytt til sjølve fisket på annan måte.

    • b)

      fiskereiskap,

    • c)

      føretak for tilverking, lagring eller omsetnad av fisk og fiskevarer (medrekna sild og skaldyr), eller føretak for klekking av rogn eller oppal av fisk og skaldyr,

    • d)

      opphalingsslippar, reparasjonsverkstader og anna serviceforetak som er viktig for fiskeflåten.

  • 2.

    Gje driftskreditt eller garanti for driftskreditt til fiske og fangst, tilverking og omsetnad.

  • 3.

    Gje lån, garanti, stønadslån og tilskot av pengar som Stortinget har set til rådvelde og som banken vert pålagd å administrere.

Kapittel II. Fond og innlån.

§ 2.

Banken skal ha eit grunnfond, innskote av staten på den måten som Stortinget fastset. Dessutan skal banken ha eit vågnadsfond på minst 10 millionar kroner den dagen lova tek til å gjelde. Fonda kan aukast om Stortinget gjev løyvingar til det.

Fondspengane kan ikkje verta kravde tilbake før banken er oppløyst og bankskulda er betalt. Korkje grunnfondet eller vågnadsfondet må setjast ut på andre måtar enn dei vedkomande departement fastset.

Driftsoverskot skal leggjast til vågnadsfondet og mogeleg underskot berast av dette fondet.

§ 3.

Når vedkommende departement samtykkjer, kan banken taka opp lån frå staten, men ikkje meir enn 10 gonger grunnfondssummen.

Kapittel III. Bankskipnaden o.a.

§ 4.

Hovudkontoret skal banken ha på den staden som Kongen fastset.

Kongen kan fastsetje at banken skal ha avdelingskontor på stader der dette synest vere tenleg. Slike avdelingskontor kan verte skipa i samarbeid med avdelingar for andre Statsbankar.

§ 5.

Banken skal ha eit hovudstyre og eit avdelingsstyre ved kvart avdelingskontor.

Hovudstyret skal ha 7 medlemar, og avdelingsstyra 5 medlemar.

Formannen og varaformannen i hovudstyret og formennene i avdelingsstyra, alle med personlege varamenn, vert valde av Stortinget. Dei andre medlemar med personlege varamenn vert oppnemnde av Kongen.

Val og oppnemning gjeld for 4 år.

Har ein varamann ikkje høve til å møte, kan ein annan varamann innkallast istaden.

§ 6.

Hovudstyret leier verksemda til banken og har ansvaret for at banken vert driven i samsvar med lov og føresegner.

Hovudstyret fastset arbeidsdelinga mellom hovudstyret og avdelingsstyra.

Saker som etter denne lova høyrer under banken, vert avgjord av hovudstyret, eller av avdelingsstyra om hovudstyret fastset det.

§ 7.

Banken skal ha ein administrerande direktør. Han vert tilsett av Kongen med ei oppseiingstid på 6 månader. Avdelingskontora skal i regelen ha ein avdelingsdirektør som vert tilsett av det departementet banken høyrer under.

Dei andre tenestemennene i banken vert tilsette av hovedstyret.

Dette kan og gje reglar om framgangsmåten i tilsetjingssaker, her medrekna om banken skal ha tilsetjingsråd.

Lov om statens tenestemenn gjeld ellers for alle tenestemennene i banken.

§ 8.

Administrerande direktør står føre det daglege arbeidet i banken og avdelingsdirektørane i avdelingskontora.

Administrerande direktør er med på møta i hovudstyret og likeins på møta i styra for avdelingskontora når det er høve til det. Avdelingsdirektørane er med på møta i styret for avdelingskontora. Men ingen av direktørane har røysterett på møta.

§ 9.

Ein av hovudstyremedlemane saman med administrerande direktør bind banken med sine underskrifter. Hovudstyret kan gjeva dei som sit i styret for eit avdelingskontor og andre tenestemenn avgrensa fullmakt til å binda banken.

§ 10.

(Opphevd med lov 12 juni 1987 nr. 47.)

§ 11.

Fiskerinemnda i den einskilde kommunen skal stå til teneste for banken i samsvar med retningsliner og pålegg som hovudstyret gjev. Dei som sit i fiskerinemnda, er i arbeidet etter denne lova, tillitsmenn for banken.

For tilsyn og synfaring som nemnda vert pålagd, skal nemndmennene ha så stort vederlag som hovudstyret fastset. Banken legg ut pengane, men kan krevja å få utlegget att frå lånsøkjaren.

§ 12.

I kvar fiskerikommune skal banken til vanleg ha ei fast takstnemnd på 3 mann og like mange varamenn. Dei vert oppnemnde av styret for det avdelingskontoret som kommunen høyrer under. Takstnemnda skal ha same tenestetid som fiskerinemnda, men styret for avdelingskontoret kan nemne opp nye takstmenn kva tid det vil når det meiner det er grunn for det. I serhøve kan styret for avdelingskontoret nemne opp ein eller fleire til å halde takst i staden for den faste takstnemnda.

Hovudstyret gjev takstnemnda eller den einskilde takstmannen føresegner om arbeidet for banken. For kvar synfaring og takst skal takstmennene ha vederlag som nemnt i § 11, siste leden.

§ 13.

Banken står under tilsyn frå det departementet banken høyrer under.

Departementet gjev reglar om ettersynet med rekneskapen til banken og kan gjeva nærare føresegner om korleis banken skal vera skipa og styrd.

Kvart år sender hovudstyret rekneskapen og melding om verksemda til departementet.

Årsrapport og rekneskap skal leggjast fram for departementet. Riksrevisjonen fører kontroll med verksemda etter instruks som vert fastsett av Stortinget.

Kapittel IV. Om utlån.

§ 14.

Kongen kan sette rammer for bankens utlånsøking og innvilgninger av lån. Det kan settes særlige rammer for spesielle utlånsformål og deler av landet.

§ 14 a.

Hovudstyret avgjer om banken kan gje lån og fastset vilkåra for det einskilde lån i samsvar med føresegner gjevne av Kongen.

Når arbeidsmengda gjer det naudsynt og omsynet til banken talar for det, kan hovudstyret overlate avgjerda til administrerande direktør, eller saman med eitt eller fleire styremedlemar.

Hovudstyret kan gjeve styret for avdelingskontora og avdelingsdirektørane, eventuelt saman med ein eller fleire frå dette styret fullmakt til å avgjere lånesøknader frå sin tenestekrins etter reglar som hovudstyret gjev.

§ 15.

Til trygd for lån etter § 1, punkt 1, skal banken som hovudregel ha pant med 1. prioritet i dei ting som er nemnde der og likeins i trygdesummen.

Panteretten for lån på farkost skal gjelde maskiner og alt anna utstyr til drift av farkosten som lånsøkjaren eig når lånet vert gjeve eller som han har vert eigar til medan lånet går. Lovleg salgspant i motorar og elektronisk utstyr i farty under 10 meter største lengde går likevel framom panteretten til banken.

Panteretten i fiskereiskap skal gjelde all den reiskapen lånsøkjaren eig når lånet vert gjeve eller som han vert eigar til medan lånet går. Når det er serleg grunn til det, kan banken krevja anna trygd óg.

Panteretten for lån etter § 1, punkt 1 c og d, skal gjelde alt som høyrer føretaket til av fast eigedom, maskinar og anna driftstilhøyrsle.

§ 16.

Til trygd for driftskreditt eller garanti for driftskreditt til fiske og fangst etter § 1 punkt 2, skal banken eller eventuelt den banken som gjev lånet, ha pant i all fiskereiskapen som lånsøkjaren eig når lånet vert gjeve og reiskapen han vert eigar til medan lånet går og/eller trygd i noko av fangstinntektene så som nemnt i § 17.

Banken kan gjeva avkall på trygd etter første leden om det vert gjeve god nok trygd på annan måte.

Til trygd for driftskreditt eller garanti for driftskreditt til tilverking og omsetnad, kan banken attåt pant i føretaket óg krevja pant i varelageret til skyldnaren i samsvar med reglane i pantelova §§ 3-11 til 3-13.

§ 17.

Når ein låntakar har gjeve trygd med pant i eller transport på fangstinntekter, jfr. § 16 første leden, får banken eller eventuelt den banken som gjev lånet, rettsvern andsynes kravsmennene til låntakaren og alle som har sin rett frå han, så snart kjøparen har fått melding om pantsetjinga eller transporten.

Hovudstyret kan gje reglar om kor mykje ein låntakar kan transportere av det han får til gode og korleis transporten kan gjennomførast.

§ 18.

Låntakar som løyser inn lånet, har same trygd og same rettsvernet som banken hadde, for det han måtte ha krav på hjå medansvarlege. Det same gjeld om ein kausjonist løyser inn lånet.

§ 19.

Lånesummen vert vanleg ikkje utbetalt før trygda som skal gjevast, er i full orden. Lån til slike ting som er nemnde i § 1, punkt 1 a, b, c og d, kan likevel utbetalast i byggje- eller reparasjonstida i takt med arbeidet som vert gjort.

§ 20.

Etter tilråding frå hovudstyret, fastset Kongen kva renta for låna skal vera til kvar tid.

Banken kan i serlege høve og i samsvar med føresegner gjevne av Kongen gje ein låntakar utsetjing med å svara rente og avdrag.

Ein låntakar kan kva tid han vil, svara større avdrag enn fastsett eller løysa inn lånet.

Hovudstyret kan ettergje ein låntakar noko av det banken har til gode når det meiner at han elles ikkje kan makte å sitje med driftsmidlane sine og halde fram med næringa si. For ettergjeving kan setjast det vilkåret at han får ein tenleg akkord med andre kravsmenn og.

§ 21.

Etter at lån er gjeve, kan eigaren ikkje selje eller på annan måte avhende ting som banken har pant i utan at banken samtykkjer.

§ 22.

(Opphevet ved lov 11 juni 1993 nr. 83 (i kraft 1 aug 1993).)

Kapittel V. Ymse føresegner.

§ 23.

(Opphevd ved lov 26 juni 1992 nr. 86 (i kraft 1 jan 1993 iflg. res. 23 okt 1992 nr. 765).)

§ 24.

(Opphevd ved lov 17 des. 1982 nr. 86, jfr lov 18 mars 1983 nr. 11.)

§ 25.

Kongen gjev føresegner om verksemda til banken.

§ 26.

Denne lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Frå same tid held lova 23 april 1948 om Statens Fiskarbank opp å gjelde.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy