Innhold
Innhold
L13.12.1946 nr. 14

Lov om straff for utlendske krigsbrotsmenn [OPPHEVET]

Lov om straff for utlendske krigsbrotsmenn

L13.12.1946 nr. 14 Lov om straff for utlendske krigsbrotsmenn. [OPPHEVET]

§ 1.

Fiendeborgar som har forbrote seg mot lovene og sedvanene for krigsførsle , vert straffa etter norsk lov så framt gjerninga er av det slaget som går inn under norsk straffebod og gjord i Noreg eller vend mot nordmann eller norsk bate. Det same gjeld annan utlending som har forbrote seg såleis medan han var i teneste hjå fienden eller undergjeven honom. Ligg dei vilkåra føre som er nemnde i den borgarlege straffelova § 12, nr. 4, jfr. § 13, første og tredje leden, gjeld det same om gjerning gjord i utlandet så framt gjerninga er vend mot alliert rettsgode eller rettsgode som etter fastsetjing av Kongen skal vera jamstellt med desse.

Føresegnene i §§ 3 til 5 gjeld ikkje der gjerningsmannen må reknes som krigsfange etter Genèvekonvensjonen av 12. august 1949 om behandling av krigsfangar.

§ 2.

Eigedomsinndraging, ulovleg rekvisisjon eller kontribusjon, ulovleg pengestraffing og all onnor ulovleg økonomisk vinning, gjennomførd med makt eller med trugsmål om makt, skal reknast for brot på straffeloven § 267, jfr. § 268.

§ 3.

Fengsel- og heftestraff for brotsverk som er nemnt i § 1, kann aukast til det duble. Domen kan setja tvangsarbeid istadenfor onnor fridomsstraff.

Domen kan gå ut på livsvarig fridomsstraff når:

  • a)

    gjerninga har valda stor skade på lekam og helse, mykje liding, langvarigt fridomstap eller stor øyding av framand eige,

  • b)

    gjerninga førde til at nokon misste livet, endå om ho ikkje var gjord med vilje (forsettlig) i det stykket,

  • c)

    gjerningsmannen har forbrote seg meir enn ein gong mot kapitel 21, 22 og 25 i straffelova,

  • d)

    det ligg føre serleg skuldaukande omstende.

Ei bot kan søkjast inn hjå den dømde eller arvingane hans etter reglane i lov om straff og økonomisk ansvar for landsvikarar.

§ 4.

Freistnad på slikt brotsverk som er nemnt i § 1, vert straffa på same måten som gjord gjerning. Medverking er det òg straff for.

§ 5.

Naudtilstand og påbod frå føresette er ikkje straff-fritakingsgrunn for brotsverk som er nemnt i § 1. Men retten kan taka omsyn til nemnde tilhøve og gå under minstestraffa som lova set for gjerninga, og nytta straff av mildare slag. Ligg det føre serleg skuldminkande omstende, kan straffa falla bort.

§ 6.

I saker om brotsverk som nemnt i § 1, skal det når strafferamma for brotsverket har prosessuell tyding, ikkje takast omsyn til føresegnene i § 3.

§ 7.

Denne lova tek til å gjelda straks.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy