Innhold
Innhold
L24.06.1994 nr. 45

Lov om Televerket AS

Lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap

L24.06.1994 nr. 45 Lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap. [OPPHEVET]

§ 1. Føremål

Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga, eigarforholdet til aksjane og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap.

§ 2. Forholdet til aksjelovgivinga

Lovgivinga om aksjeselskap gjeld for aksjeselskapet dersom ikkje anna følgjer av lova her.

§ 3.

(Opphevd ved lov 24 sep 1999 nr. 75.)

§ 4. Overføring av offentlege rettar m.v.

Offentlege rettar, konsesjonar, løyve m.v. som gjeld for forvaltningsbedrifta Televerket blir frå omdanningstidspunktet overført til aksjeselskapet.

Omregistrering i grunnbok og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.

§ 5. Overføring av skyldnader

Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Televerket har frigjerande verknad for staten.

Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje motsetje seg overføringa eller gjere gjeldande at den utgjer ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.

§ 6.

(Opphevd ved lov 24 sep 1999 nr. 75.)

§ 7. Iverksetting

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

§ 8. Endring i andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik: – – –

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy