Innhold
Innhold
L12.06.1981 nr. 64

Lov om tilskott til livssynssamfunn

Lov om tilskott til livssynssamfunn

L12.06.1981 nr. 64 Lov om tilskott til livssynssamfunn.

§ 1.

Livssynssamfunn som ikkje krenkjer rett og sømd, kan krevje årleg tilskot frå rikskassen.

Tilskota skal nyttast til føremål som går inn under verksemda som livssynssamfunn.

§ 2.

Tilskotet skal vere så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja og skal reknast ut etter kor mange som høyrer til samfunnet.

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

§ 3.

Alle livssynssamfunn som får rikstilskot, kan kvart år krevje tilsvarande tilskot frå kommunar der det bur nokon som høyrer til livssynssamfunnet. Dette tilskotet vert rekna ut med grunnlag i dei budsjetterte utlegga kommunen har til Den norske kyrkja.

Kommunal avgjerd om tilskot kan livssynssamfunnet klaga over til departementet.

§ 4.

Offentlege utlegg som gjeld alle, skal ikkje takast med når tilskotet vert utrekna etter §§ 2 og 3.

Departementet kan gje nærare føresegner om utrekning og oppgjer.

For mottekne tilskot skal det sendast inn rekneskap.

§ 5.

Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar eller som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.

Departementet kan gje føresegner om kor mange medlemmer eit samfunn må ha for å få tilskot, om føring av lister over medlemskap, og om attest frå advokat/revisor.

Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for livssynssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter første ledd. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.

Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i tredje leddet.

§ 6.

Kongen avgjer om eit samfunn fyller vilkåra for tilskot.

§ 7.

Lova tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

§ 8.

Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slik brigde i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna: – – –.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy