Innhold
Innhold
L17.06.2005 nr. 101

Matrikkellova

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)

L17.06.2005 nr. 101 Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)

Kapittel 1. Formål, verkeområde og definisjonar

§ 1. Formålet med lova

Lova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde.

Lova skal vidare sikre tilgang til eit felles geodetisk grunnlag, jf. kapittel 8.

§ 2. Geografisk verkeområde

Lova gjeld for heile landet. For sjøområda gjeld lova ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinjene.

Kongen kan bestemme at lova heilt eller delvis skal gjelde for andre sjøområde, Svalbard, Jan Mayen eller norske biland i Antarktis, og kan då fastsetje særskilde tilpassingar etter forholda på staden.

§ 3. Definisjonar

I denne lova tyder:

  • a)

    matrikkelen: landet sitt offisielle register over fast eigedom, og under dette bygningar, bustader og adresser, jf. § 4,

  • b)

    matrikkeleining: grunneigedom, anleggseigedom, eigarseksjon, jordsameige eller festegrunn, jf. § 5,

  • c)

    matrikkelnummer: den offisielle nemninga for kvar enkelt matrikkeleining,

  • d)

    matrikkelbrev: attestert utskrift av matrikkelen som viser alle registrerte opplysningar om ei matrikkeleining ved oppgitt dato,

  • e)

    matrikkelføring: føre opplysningar i matrikkelen,

  • f)

    matrikulering: føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen,

  • g)

    sentral matrikkelstyresmakt: det statsorganet som forvaltar matrikkelen,

  • h)

    oppmålingsforretning: den oppgåva som går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for matrikkelføring, jf. § 33,

  • i)

    geodetisk grunnlag: referanseramme som gjer det mogleg å bestemme eintydige geodetisk relaterte koordinatar,

  • j)

    grunnlagsmåling: etablering, kontroll og vedlikehald av geodetisk grunnlag,

  • k)

    fastmerke: varig merkt punkt til bruk i grunnlagsmålingar eller for å gjere geodetisk grunnlag tilgjengeleg for kart- og oppmålingsarbeid,

  • l)

    signal: merke, instrument eller konstruksjon som blir brukt for å vise eller kontrollere plasseringa til eit fastmerke.

Kapittel 2. Matrikkelen og innhaldet i den o.a.

§ 4. Matrikkelen

Matrikkelen skal innehalde opplysningar om den enkelte matrikkeleininga som er nødvendig for planlegging, utbygging, bruk og vern av fast eigedom, under dette offisielle nemningar og opplysningar om den enkelte bygning, bustad og adresse. Matrikkelen skal vise grensene for matrikkeleiningane, under dette grenser for uteareal som inngår i eigarseksjon.

Matrikkelen skal innehalde opplysningar om pålegg som gjeld bruk av grunn eller bygningar på vedkommande matrikkeleining.

Matrikkelen kan vise til opplysningar om fast eigedom i andre register.

Departementet kan gi forskrift om innhaldet i matrikkelen, til dømes om geografiske opplysningar om rettar i fast eigedom.

§ 5. Matrikkeleiningar

Følgjande objekt kan opprettast som eigne matrikkeleiningar:

  • a)

    grunneigedom, eigedom som er avgrensa ved eigedomsgrenser på jordoverflata og som med dei avgrensingane som følgjer av at det eventuelt er oppretta anleggseigedom etter bokstav b, strekkjer seg så langt nedover i grunnen og oppover i lufta som privat eigedomsrett rekk etter alminnelege reglar,

  • b)

    anleggseigedom, ein bygning eller konstruksjon, eller eit avgrensa fysisk volum som er tillate utbygt, og som er utskilt som eigen eigedom. Fast anlegg på eigarlaus sjøgrunn eller i eigarlaus undergrunn kan også opprettast som anleggseigedom,

  • c)

    eigarseksjon,

  • d)

    jordsameige, grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar, og der sameigepartane inngår i grunneigedommane, og

  • e)

    festegrunn, del av grunneigedom eller jordsameige som nokon har festerett til eller som kan festast bort, eller som nokon har ein tilsvarande eksklusiv og langvarig bruksrett til.

Ny matrikkeleining er oppretta når eininga er ført inn i matrikkelen.

Einingar, under dette rettar, som er tildelte matrikkelnummer etter tidlegare regelverk, blir rekna som matrikkeleining og kan stå oppført i matrikkelen.

§ 5a. Matrikkelstyresmaktene

Staten ved sentral matrikkelstyresmakt skal syte for ordning, drift og forvaltning av matrikkelen.

Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt, og har under dette ansvaret for å utføre oppmålingsforretningar og føre matrikkelen i kommunen. Kommunen kan etter avtale overlate til andre å utføre oppmålingsforretningar på sine vegner. Kommunen kan etter avtale overlate til ein annan kommune etter reglane i kommunelova kapittel 20, eller til sentral matrikkelstyresmakt, å føre matrikkelen på sine vegner.

Departementet kan gi forskrift om matrikkelstyresmaktene, under dette om organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver.

Kapittel 3. Vilkår for matrikulering og andre føringar som gjeld matrikkeleiningar

§ 6. Krav om oppmålingsforretning før matrikkelføring

Oppmålingsforretning skal haldast før følgjande kan førast inn i matrikkelen:

  • a)

    ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige,

  • b)

    umatrikulert grunneigedom eller umatrikulert festegrunn,

  • c)

    registrering av uregistrert jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling,

  • d)

    opplysningar om arealoverføring, grensejustering og klarlegging av eksisterande grense, eller

  • e)

    eigarseksjon som omfattar uteareal, eller nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon.

Når det ligg føre særlege grunnar, kan kommunen etter søknad frå den som har rekvirert forretninga, føre ny matrikkeleining inn i matrikkelen utan at oppmålingsforretninga er fullført.

Oppmålingsforretning er ikkje nødvendig for å matrikkelføre samanslåing etter § 18, referanse til avtale om eksisterande grense etter § 19, eller fastsetjing av samla fast eigedom etter § 20.

Departementet kan gi forskrift om oppmålingsforretning før matrikkelføring, under dette om fullføring av slik oppmålingsforretning.

[§ 7. Krav om klarlagd grense før tinglysing av heimelsovergang

Grensene for grunneigedom, anleggseigedom eller festegrunn skal vere klarlagde i oppmålingsforretning, eller tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving, før dokument som gir grunnboksheimel til eigedommen eller festegrunnen kan tinglysast.

Dette gjeld likevel ikkje dersom:

  • a)

    eininga er så stor at det er urimeleg å krevje oppmåling av alle grensene, eller

  • b)

    det av andre grunnar ikkje er formålstenleg å krevje at alle grensene blir klarlagde.

Kommunen avgjer kva for eigedommar som fyller vilkåra i første og andre ledd, og noterer dette i matrikkelen.

Tinglysing kan likevel finne stad dersom heimelsovergangen er ledd i arv, skifte eller tvangsfullføring, eller gjeld festerett for ei tid av 10 år eller kortare, jf. tinglysingsloven § 12a.

Departementet kan gi forskrift om krav til klarlagd grense før tinglysing av heimelsovergang.]

§ 8. Krav om matrikkelføring

Saman med krav om matrikkelføring, skal det leggjast ved dokumentasjon som er nødvendig for føring av matrikkelen og grunnboka. Når det er rekvirert oppmålingsforretning etter § 35, skal det ikkje setjast fram særskilt krav om matrikkelføring.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for matrikkelføring, under dette om innhaldet i og utforminga av krav om matrikkelføring.

§ 9. Kven som kan krevje matrikulering

Matrikulering av ny grunneigedom, anleggseigedom eller festegrunn kan krevjast av:

  • a)

    den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameige som den nye eininga blir delt frå eller oppretta på,

  • b)

    den som ved rettskraftig avgjerd ved domstolane er kjent som eigar eller festar, eller er tilkjent rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining,

  • c)

    den som lovleg har overteke grunn eller anlegg ved ekspropriasjon,

  • d)

    den som lovleg har etablert, eller fått løyve til å etablere, fast anlegg på eigarlaus sjøgrunn eller i eigarlaus undergrunn,

  • e)

    den som med heimel i lov utøver eigarrådvelde over grunnen når ingen har grunnboksheimel til denne,

  • f)

    staten, statsføretak, fylkeskommunen eller kommunen når grunnen er tileigna til offentleg veg- eller jernbaneformål,

  • g)

    staten eller kommunen dersom forretninga gjeld frådeling av heile teigar, eller når eininga blir delt av kommunegrense, eller

  • h)

    den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.

Matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller festegrunn kan også krevjast av:

  • a)

    nokon som har gjort det sannsynleg at dei eig, fester eller har del i grunneigedom eller festegrunn, eller

  • b)

    staten, fylkeskommune eller kommune.

Matrikulering av nytt jordsameige kan krevjast av dei som har grunnboksheimel som eigarar av grunneigedommane som skipar sameiget, saman med den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedommen som den nye eininga blir delt frå eller oppretta på.

Departementet kan gi forskrift om kven som kan krevje matrikulering.

§ 10. Felles vilkår for matrikulering

Før ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige kan opprettast i matrikkelen, må det liggje føre løyve etter plan- og bygningsloven § 20-2. For innføring av ny eigarseksjon må det liggje føre kommunalt seksjoneringsvedtak etter eierseksjonsloven § 13.

Ny matrikkeleining kan berre opprettast når det er klart kva for matrikkeleining eller matrikkeleiningar den nye eininga blir utskilt frå eller oppretta på.

Ny matrikkeleining kan opprettast med delar frå fleire matrikkeleiningar med ulike heimelshavarar dersom vilkåra for å slå saman delane elles er oppfylte.

Ny matrikkeleining kan opprettast sjølv om nokon av dei eksisterande grensene ikkje er merkte og målte, dersom dette ikkje er til ulempe for utnytting av matrikkeleininga, og:

  • a)

    det er godtgjort at vedkommande grense er omstridd,

  • b)

    eininga er så stor at det er urimeleg å krevje oppmåling av vedkommande grense, eller

  • c)

    det av andre grunnar ikkje er formålstenleg å krevje måling eller merking av vedkommande grense.

Ny matrikkeleining kan også førast inn i matrikkelen når opprettinga er bestemt av jordskifteretten.

Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av ny matrikkeleining, til dømes om unnatak frå plikt til matrikulering og innskrenking og utviding av vilkåra for matrikulering.

§ 11. Særskilt om matrikulering av anleggseigedom

Ved oppretting av anleggseigedom må det liggje føre dokumentasjon for nødvendig godkjenning etter plan- og bygningsloven som viser grensene for den bygningen eller konstruksjonen som blir søkt oppretta som anleggseigedom. Det same gjeld når eksisterande bygning og konstruksjon skal opprettast som anleggseigedom. Matrikulering av anleggseigedom som gjeld anlegg som ikkje eksisterer, kan først skje når vilkåra for igangsetting av tiltaket etter plan- og bygningsloven er oppfylte. Vedkommande anleggseigedom skal vere ei sjølvstendig funksjonell eining, klart og varig skilt frå den eller dei grunneigedommane eller anleggseigedommane den nye anleggseigedommen eventuelt blir skilt frå.

Anleggseigedom som skal delast frå annan eigedom, kan berre opprettast dersom:

  • a)

    bygningen eller konstruksjonen strekkjer seg inn over eller under ein annan eigedom, og

  • b)

    den delen av ein eigedom som ligg over eller under anleggseigedommen framleis kan utnyttast til eit sjølvstendig formål.

Grensene for anleggseigedommen skal svare til dei fysiske yttergrensene for eininga, med nødvendige tilpassingar. Anleggseigedom i undergrunnen skal omfatte nødvendig tryggleikssone.

– – –

Dersom anleggseigedom og grunneigedom skal utnyttast under eitt, må det liggje føre dokument om dette og fråsegn om at eigedommane ikkje kan omsetjast eller pantsetjast kvar for seg.

§ 12. Særskilt om matrikkelføring av festegrunn

Matrikulering skal gjennomførast før del av grunneigedom eller jordsameige blir festa bort, dersom festet kan gjelde i meir enn 10 år.

Tilsvarande gjeld ved forlenging for meir enn 10 år av festerett til umatrikulert festegrunn, og for festegrunn som skal nyttast som tilleggsareal til matrikkeleining.

Festerett som gjeld for ei tid av 10 år eller kortare, kan ikkje matrikulerast.

Oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren.

§ 13. Særskilt om matrikulering av umatrikulert grunneigedom og umatrikulert festegrunn

Lovleg oppretta umatrikulert grunneigedom og umatrikulert festegrunn, kan matrikulerast når eigedoms- eller festeretten kan dokumenterast gjennom avtale eller anna rettsgrunnlag.

§ 14. Registrering av jordsameige

Jordsameige kan registrerast i matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort sannsynleg at eininga er eit jordsameige. Jordsameige kan registrerast sjølv om det ikkje er fullstendig avklart kven som har partar i sameiget og kor store partane er. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd gjeld tilsvarande.

Registrering av jordsameige kan krevjast av nokon som har gjort sannsynleg å ha part i sameiget, eller av staten, fylkeskommune eller kommune.

Departementet kan gi forskrift om registrering av jordsameige.

§ 15. Arealoverføring

Areal kan overførast mellom tilgrensande matrikkeleiningar utan at arealet blir oppretta som eiga matrikkeleining. Før slik arealoverføring kan matrikkelførast, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny matrikkeleining. Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om overdraging av eigedomsrett, og om pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet.

Arealoverføring kan krevjast av dei som er nemnde i § 9 første ledd bokstav a og f. Arealoverføring som omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i sak som er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig med at einingane blir matrikulerte.

Departementet kan gi forskrift om arealoverføring.

§ 16. Grensejustering

Grense mellom matrikkeleiningar kan justerast utan at det blir innhenta fråsegn om pantefråfall. Grense kan ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.

Ved justering kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.

Panterett følgjer dei nye grensene slik dei blir fastlagt ved grensejustering.

Føresegna om panterett gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.

Grensejustering kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Grensejustering av umatrikulert eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om grensejustering, under dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom einingane.

§ 17. Klarlegging av eksisterande grense

Følgjande kan krevje klarlegging av eksisterande grenser utført som særskilt forretning:

  • a)

    nokon som har grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga, eller

  • b)

    staten, statsføretak, fylkeskommune eller kommune.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om klarlegging av eksisterande grense og om kven som kan krevje dette, under dette frita frå krav om oppmålingsforretning.

§ 18. Samanslåing av eksisterande matrikkeleiningar

Matrikkeleiningar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan slåast saman. Festeeiningar kan slåast saman dersom dei ligg til eller er utskilt frå same grunneigedom, og festekontraktane har same innhald og gjeld mellom same partar. Samanslåing kan ikkje skje i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.

Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel som eigar til vedkommande matrikkeleiningar.

Departementet kan gi forskrift om samanslåing, under dette innskrenke og utvide høvet til samanslåing.

§ 19. Avtale om eksisterande grense

Kommunen kan ta inn i matrikkelen referansar til avtaler om eksisterande grense som ikkje tidlegare er fastlagt i oppmålingsforretning eller i tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving.

Slik avtale kan berre tinglysast dersom avtala har referanse i matrikkelen.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om avtaler om eksisterande grense som kan få referanse i matrikkelen, under dette innskrenke og utvide kva for avtaler som kan få slik referanse.

§ 20. Fastsetjing av samla fast eigedom

Kommunen kan fastsetje at to eller fleire matrikkeleiningar som har same eigar og som blir nytta under eitt, og som i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom, skal registrerast i matrikkelen som ein samla fast eigedom. Eigar kan krevje slik registrering når vilkåra er til stades.

Finn kommunen at vilkåra er endra, kan kommunen endre eller oppheve registreringa.

Eigar skal varslast om registreringa på ein etter tilhøva formålstenleg og etterviseleg måte.

Departementet kan gi forskrift om fastsetjing av samla fast eigedom, under dette innskrenke og utvide høvet til å fastsetje samla fast eigedom.

Kapittel 4. Adresser til eigedommar og bygningar

§ 21. Fastsetjing av offisiell adresse

Kommunen fastset offisiell adresse. Før kommunen tek ei endeleg avgjerd, skal dei som avgjerda får verknad for, få høve til å uttale seg.

Departementet kan gi forskrift om utforming, tildeling, endring og skilting av offisiell adresse, og om kommunen sitt høve til å fastsetje utfyllande lokale forskrifter.

Kapittel 5. Føring av matrikkelen

§ 22. Generelt om føring av matrikkelen

Kommunen skal behandle krav om matrikkelføring utan unødig opphald. Krav om matrikkelføring som ikkje tilfredsstiller vilkåra etter denne lova, skal avvisast. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt. Dersom kravet har mindre manglar, kan kommunen likevel utføre matrikkelføring. Kommunen skal setje ein frist for å rette mangelen.

Kommunen skal også føre inn opplysningar frå saker for dei ordinære domstolane, jordskifteretten eller tilsvarande særdomstol. Føresegnene i første ledd gjeld så langt dei passar også for matrikkelføring av slike opplysningar.

Offentlege organ skal føre opplysningar i matrikkelen når det er bestemt i lov eller forskrift. Offentlege organ kan føre opplysningar i matrikkelen etter avtale med sentral matrikkelstyresmakt. Sentral matrikkelstyresmakt kan få utlevert frå Folkeregisteret og andre administrative register opplysningar som skal brukast i matrikkelen, utan hinder av teieplikt. Kommunen og sentral matrikkelstyresmakt kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å løyse oppgåver etter lova her.

Føring av opplysningar i matrikkelen kan berre utførast av person som er godkjend av sentral matrikkelstyresmakt.

Personvernforordningen artikkel 13 og 14 gjeld ikkje for føring av matrikkelen.

Opplysningar som er graderte etter sikkerhetsloven, skal førast i eit gradert register.

Departementet kan gi forskrift og fatte enkeltvedtak eller avgjerd om føring av matrikkelen og gi forskrift om organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om informasjon til heimelshavarar eller andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring og oppbevaring av matrikkelopplysningar og om godkjenning av personar som skal føre opplysningar i matrikkelen.

§ 23. Tildeling av matrikkelnummer

Kommunen tildeler matrikkelnummer ved innføring av matrikkeleining i matrikkelen.

Kommunen kan tildele nytt matrikkelnummer til matrikkeleining som ikkje er nummerert i samsvar med føresegnene i denne lova.

Departementet kan gi forskrift og fatte enkeltvedtak eller avgjerd om tildeling av matrikkelnummer.

§ 24. Tinglysing og utferding av matrikkelbrev m.m.

Så snart oppretting av ny matrikkeleining, samanslåing, endring av festegrunn eller eigarseksjon eller arealoverføring er ført i matrikkelen, skal kommunen sende melding om dette til tinglysing. Gjeld saka oppretting eller endring av eigarseksjon, skal kommunen likevel ikkje sende meldinga før eventuelle klager over seksjoneringsvedtaket er avgjort, jf. eierseksjonsloven § 17.

Det skal gå fram av meldinga som blir brukt for å registrere matrikkeleininga i grunnboka, om eininga er grunneigedom, anleggseigedom, eigarseksjon, jordsameige eller festegrunn.

Så snart kommunen har fått melding om at tinglysing er utført som føresett, skal kommunen fullføre matrikkelføringa, og stadfeste dette ved å utferde matrikkelbrev. Tidspunktet for endeleg oppretting, samanslåing, endring eller arealoverføring, skal reknast samstundes med tinglysinga. Kommunen skal sende matrikkelbrevet til den som har rekvirert oppmålingsforretninga. Er ei grense mot tilgrensande matrikkeleiningar merkt eller målt inn på nytt, skal kommunen sende relevant utdrag av matrikkelbrev til eigarar og eventuelle festarar av desse einingane. I oversendinga skal det opplysast om høve til å klage og klagefristar.

I sak som gjeld grunn til offentleg veg eller jernbane, skal tinglysing skje berre når det er kravd særskilt. Stat, statsføretak, fylkeskommune og kommune kan i sak som gjeld arealoverføring eller oppretting av ny matrikkeleining, stadfeste eigedomsretten ved eigenfråsegn for grunn som skal brukast til offentleg veg eller jernbane. For bortfall av pant i areal som inngår i grunn til offentleg veg eller jernbane gjeld reglane i panteloven § 1-11 fjerde ledd.

I sak som gjeld matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller umatrikulert festegrunn etter § 13, eller registrering av jordsameige etter § 14, skal tinglysing berre skje når det er kravd særskilt.

Departementet kan gi forskrift om melding til tinglysing, utferding av matrikkelbrev m.m. og høve til å stadfeste eigedomsrett ved eigenfråsegn, og kan under dette fastsetje rutinar som sikrar samsvar mellom matrikkelen og grunnboka.

§ 25. Matrikkelføring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar, kommunale pålegg o.a.

Kommunen skal tildele bygningsnummer og registrere nye bygningar i matrikkelen samtidig med at det blir gitt byggjeløyve. Fullstendige opplysningar om bygningar og bustader skal seinast vere førde inn når bygningen lovleg kan takast i bruk. Matrikkelen skal dessutan oppdaterast når ei byggjesak medfører at opplysningar i matrikkelen må endrast, eller når kommunen på annan måte får kjennskap til at opplysningane om ein bygning ikkje er i samsvar med dei reelle forholda.

Offisiell adresse med tilhøyrande opplysningar skal førast i matrikkelen straks adressa er tildelt. Tilsvarande gjeld ved endring av offisiell adresse eller tilhøyrande opplysningar.

Kommunen skal føre nye eigarseksjonar inn i matrikkelen når kommunen har gitt løyve til seksjonering. For eigarseksjon med eige uteareal skal det vere halde oppmålingsforretning, jf. § 6.

Pålegg frå kommunen som gjeld bruk av grunn og bygningar, skal førast i matrikkelen straks pålegget er vedteke, endra eller oppheva.

Kommunen skal elles føre inn opplysningar på grunnlag av anna kommunal saksbehandling når det i lov eller forskrift er fastsett at vedkommande opplysningar skal førast i matrikkelen.

Departementet kan gi forskrift om rapportering og føring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar og andre opplysningar kommunen skal føre i matrikkelen, og om kommunen sitt høve til å fastsetje utfyllande lokale forskrifter.

§ 26. Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining

Kommunen kan rette, endre og leggje til opplysningar som kommunen fører i matrikkelen, når det kan gjerast utan å halde oppmålingsforretning. Andre organ som fører opplysningar i matrikkelen, kan tilsvarande rette, endre og leggje til vedkommande opplysningar.

Kommunen kan slette matrikkeleining frå matrikkelen dersom eininga er urett oppretta. Det same gjeld for matrikkeleining som fysisk ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i grunnboka, kan ho berre slettast i matrikkelen dersom ho samtidig blir sletta i grunnboka.

Ein part kan krevje at matrikkelen blir retta når det blir dokumentert at opplysningane er urette eller ufullstendige, eller at grunnlaget for registreringa er falle bort. Dersom det er behandla opplysningar som er urette, ufullstendige eller som det ikkje er høve til å behandle, skal det organet, som har lagt inn opplysningane, av eige tiltak rette opplysningane. Opplysningar om grenser som er fastlagde i oppmålingsforretning eller i tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving, kan berre rettast på grunnlag av ny oppmålingsforretning eller rettskraftig avgjerd ved domstolane.

Part som retting, endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast.

Denne paragrafen går framom personvernforordninga artikkel 16 om retting av personopplysningar.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om rettingar, endringar og tilføyingar til matrikkelen, og om sletting av matrikkeleining, under dette om underretting og når underretting kan sløyfast.

§ 27. Komplettering av opplysningane i matrikkelen

Sentral matrikkelstyresmakt eller kommunen kan påleggje eigar, rettshavar eller leigar til eigedom, bygning eller bygningsdel å framskaffe opplysningar om eksisterande matrikkeleiningar, bygningar, bustader og adresser, når det går fram av lov eller forskrift at matrikkelen skal innehalde slike opplysningar.

Departementet kan gi forskrift om slik komplettering, under dette bestemme kva for organ som skal føre opplysningane i matrikkelen, og offentlege organ si plikt til å rapportere slike opplysningar.

§ 28. Tilsyn med matrikkelføringa

Sentral matrikkelstyresmakt skal føre tilsyn med at matrikkelen blir ført i samsvar med lov og forskrift, og kan gi pålegg om retting av opplysningar eller andre tiltak for å rette opp manglar ved måten føringa skjer på. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for tilsyn med kommunane.

Kapittel 6. Innsyn og bruk av matrikkelopplysningar

§ 29. Innsyn i matrikkelen

Alle har rett til innsyn i matrikkelen. Sentral matrikkelstyresmakt og kommunane skal syte for at informasjon om matrikkelen er tilgjengeleg på førespurnad.

Kommunen skal utferde matrikkelbrev når nokon som er nemnde i § 9 krev det.

Departementet kan gi forskrift om innsyn i matrikkelen.

§ 30. Utlevering og behandling av opplysningar frå matrikkelen

Matrikkelopplysningar kan utleverast:

  • a)

    for offentleg planlegging, saksbehandling og administrasjon,

  • b)

    for oppgåver etter denne lova, plan- og bygningsloven eller eierseksjonsloven,

  • c)

    ved søknad om offentleg løyve, eller

  • d)

    for å ta hand om andre interesser som gjeld rådvelde over matrikkeleiningar eller bruken av dei.

Matrikkelinformasjon kan utleverast for andre formål dersom den som får opplysningane utlevert, skal ta i vare ei rettkommen interesse, og omsynet til personvernet for dei registrerte ikkje overstig denne interessa.

Matrikkelinformasjon som ikkje inneheld personopplysningar, eller berre omfattar informasjon som identifiserer, kartfester eller typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser, kan utleverast i alle høve.

Det kan knytast vilkår til utlevering og behandling av matrikkelopplysningar.

Matrikkelinformasjon skal ikkje utleverast dersom vitale personlege eller offentlege interesser tilseier dette.

Utlevering av fødselsnummer kan berre skje dersom vilkåra i personopplysningsloven § 12 er oppfylte.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om behandling, utlevering og sal av opplysningar.

§ 31. Bruk av matrikkelnemningar i offentleg saksbehandling, bruk av kart saman med matrikkelen, o.a.

Offentleg saksbehandling som knyter opplysningar til matrikkeleiningar, bygningar, bustader eller offisielle adresser, skal nytte dei nemningane som er registrerte i matrikkelen.

Ved innsyn i matrikkelen, og til bruk i oppmålingsforretningar etter denne lova, skal det saman med opplysningar frå matrikkelen vere tilgjengeleg kart som viser tekniske og topografiske forhold på og i nærleiken av den aktuelle matrikkeleininga. Kommunen skal stille til rådvelde for sentral matrikkelstyresmakt dei opplysningane frå kommunen sitt kartverk som er nødvendige for å framstille slike kart.

Departementet kan gi forskrift om bruk av matrikkelnemningar i andre offentlege register og bruk av kart saman med matrikkelen, under dette reglar om overføring av opplysningar frå kommunen sitt kartverk til bruk i slike kartutsnitt.

§ 32. Offentlege gebyr og betaling for matrikkelopplysningar

Kommunen kan ta gebyr for oppmålingsforretning, matrikkelføring, utferding av matrikkelbrev og anna arbeid etter lova her etter regulativ fastsett av kommunestyret sjølv. Den styresmakta som tildelar landmålarbrev, kan ta gebyr for dette. Gebyra kan i sum ikkje vere høgare enn nødvendige kostnader styresmakta har med slikt arbeid. For matrikulering av eigarseksjon kan det ikkje takast andre gebyr enn det som er fastsett i eierseksjonsloven § 15.

Det kan krevjast betaling for utlevering av opplysningar frå matrikkelen. Det kan ikkje takast betaling for innsyn i matrikkelen ved personleg frammøte hos kommunen eller sentral matrikkelstyresmakt.

Departementet kan gi forskrift om gebyr og om betaling for opplysningar frå matrikkelen.

Kapittel 7. Oppmålingsforretning, krav til landmålar o.a.

§ 33. Oppmålingsforretning

Ei oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til partane og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare på interessene til alle partar og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.

Oppstår det under forretninga tvil eller tvist om ei eksisterande grense og det ikkje blir oppnådd semje, skal dette markerast i kravet om matrikkelføring.

I ei forretning som gjeld oppretting av ei ny matrikkeleining eller ei arealoverføring, skal dei nye grensene merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven. Nye grenser for uteareal til eigarseksjon skal merkjast i samsvar med vedtaket om dette etter eierseksjonsloven. Den som utfører forretninga kan samtykkje i mindre avvik, for å kunne få ei gagnleg grense ut frå tilhøva i terrenget.

Partane og den som utfører forretninga, har tilgang til privat og offentleg eigedom i samsvar med § 41.

Oppmålingsforretning over areal som inngår i sak for jordskifteretten, blir utført av jordskifteretten etter reglane i jordskiftelova med mindre jordskifteretten bestemmer noko anna.

Departementet kan gi forskrift om varsling og proklama, og om utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning.

§ 34. Merking og måling av grenser

I oppmålingsforretning for ny grunneigedom, ny festegrunn, nytt jordsameige og uteareal til eigarseksjon, skal alle grensene merkjast og målast i marka og oppgivast med koordinatar. Merking og måling er ikkje nødvendig for grenser som er tilfredsstillande merkte og koordinatbestemte i tidlegare forretning eller sak for jordskifteretten, når uteareal til eigarseksjon er eintydig fastlagt med koordinatar, eller når det er løyve til dette etter § 10 fjerde ledd. Koordinatane skal fastsetjast i eit geodetisk grunnlag som er godkjent av sentral matrikkelstyresmakt.

Anleggseigedom skal kartfestast på tilsvarande måte. For punktfeste skal festepunktet vere merkt og målt.

For matrikulering av umatrikulert grunneigedom, umatrikulert festegrunn og registrering av jordsameige, er det tilstrekkeleg at grensene blir viste på kart godkjent av kommunen for slik bruk.

Reglane om merking og måling gjeld tilsvarande for arealoverføring, grensejustering og klarlegging av eksisterande grense.

Departementet kan gi forskrift om merking, måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette om når grensemerking kan utelatast.

§ 35. Rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning

Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal setjast fram overfor den kommunen som skal matrikkelføre forretninga. Kommunen skal gjennomføre og matrikkelføre forretninga utan unødig opphald. Kommunen og rekvirenten kan avtale lengre frist etter reglar fastsett av departementet i forskrift.

Kommunen kan avvise rekvisisjon om klarlegging av eksisterande grense etter § 17 første ledd bokstav a, dersom det tidlegare er halde oppmålingsforretning, eller tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lovgiving, over vedkommande grense.

Fylkesmannen kan fatte vedtak om fullføring og matrikkelføring av oppmålingsforretning som ikkje er fullført eller matrikkelført innan oppgitt frist, for kommunen si rekning.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning, under dette om tidsfristar og avvising av rekvisisjon, og om utføring av oppmålingsforretning og matrikkelføring etter vedtak av fylkesmannen.

§ 36.

(Oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 94 (i kraft 29 juni 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 760).)

§ 37.

(Oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 94 (i kraft 29 juni 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 760).)

§ 38.

(Oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 94 (i kraft 29 juni 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 760).)

Kapittel 8. Om geodetisk grunnlag, oppmålingsarbeid o.a.

§ 39. Geodetisk grunnlag

Staten sitt geodetiske fagorgan skal bestemme og gjere tilgjengeleg eit geodetisk grunnlag for heile landet, slik at kart- og oppmålingsarbeid og annan bruk av geodetisk relaterte koordinatar kan skje innan ei felles, eintydig referanseramme.

Kommunen skal bestemme ytterlegare geodetiske data når kommunale oppgåver etter lova her eller plan- og bygningsloven krev det og gjere dei tilgjengelege for brukarane av slike data.

Departementet kan gi forskrift om distribusjon av geodetiske data, og om pliktig bruk av nasjonalt geodetisk grunnlag for kart- og oppmålingsarbeid.

§ 40.

(Oppheva med lov 29 juni 2007 nr. 94 (i kraft 29 juni 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 760).)

§ 41. Rett til å utføre oppmålingsarbeid på offentleg og privat grunn

Oppmålingsarbeid i samband med arbeid etter denne lova, plan- og bygningsloven eller eierseksjonsloven kan med dei avgrensingar som følgjer av lov, utførast på offentleg og privat grunn. Så langt formålet gjer det mogleg, skal arbeidet skje utan at det medfører ulempe for grunneigaren eller andre interesser. Tilsvarande gjeld for andre måleoppgåver som blir utførde på oppdrag av stat, statsføretak eller kommune, eller under rettleiing av kommunen eller staten sitt geodetiske fagorgan.

Ved oppmålingsarbeid etter første ledd kan det etablerast fastmerke og signal og setjast opp oppmålingstekniske instrument. Det kan ryddast siktelinjer for målingane der dette er nødvendig utanom i hage eller park. I utmark kan materialar til fastmerke og signal takast på staden.

Eigar eller brukar av eigedommen kan nekte etablering av fastmerke eller signal etter andre ledd på bygning, gardsplass, park eller i hage, dersom dette kan verke skjemmande eller bli til større ulempe.

Ferdsel i samband med etablering, kontroll og vedlikehald av det nasjonale geodetiske grunnlaget, og i samband med oppmåling av administrative grenser, kan skje ved bruk av motorkøyretøy, båt og luftfartøy også i område der slik ferdsel er avgrensa i medhald av lov eller i kraft av privat eigedomsrett, når dette er strengt nødvendig og ikkje er til større skade for flora eller fauna.

Dersom arbeidet valdar skade eller ulempe ut over det som er rimeleg å finne seg i, kan den som har lidd skade krevje erstatning.

Departementet kan gi forskrift om oppmålingsarbeid, under dette kva for andre lover retten til å utføre oppmålingsarbeid skal gjelde tilsvarande for og kven som har rett til å utføre oppmålingsarbeidet.

§ 42. Fjerning av merke og signal

Merke og signal kan krevjast fjerna dersom bruken av eigedommen eller eigedommane dei står på gjer dette nødvendig. Fjerning skal utførast av eigarane av merket eller signalet. Fjerning av grensemerke kan berre skje etter avtale med kommunen.

Merke og signal kan i alle tilfelle fjernast av kommunen eller staten sitt geodetiske fagorgan dersom dei er utforma og plasserte slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke og tilhøyrande signal. Utgåtte eller ugyldige grensemerke, eller merke som kan forvekslast med gyldige grensemerke, kan i alle tilfelle fjernast av kommunen eller jordskifteretten.

Fastmerke og signal som inngår i det overordna nasjonale grunnlaget, kan ikkje krevjast fjerna etter første ledd eller fjernast av kommunen etter andre ledd første punktum. Det same gjeld basispunkt og monumentale fastmerke.

Dersom det er gitt erstatning etter § 41, kan erstatningssummen krevjast heilt eller delvis tilbakebetalt ved fjerning etter første ledd, dersom summen overstig det tapet som er lidd.

Departementet kan gi forskrift om framgangsmåten ved fjerning av merke og signal.

§ 43. Varsling

Før oppmålingsarbeid blir sett i verk, skal alle som arbeidet vedkjem, få varsel på ein etter forholda formålstenleg måte.

Departementet kan gi forskrift om varsling.

§ 44. Ekspropriasjon

Kommunen eller staten kan utføre ekspropriasjon for gjennomføring og sikring av tiltak og innretningar i samband med grunnlagsmåling. Lov om oreigning av fast eigedom gjeld tilsvarande.

§ 45. Skjønn

Erstatning for ekspropriasjon etter § 44, skade og ulempe som skuldast tiltak etter § 41, og tilbakebetaling etter § 42 fjerde ledd, skal fastsetjast ved skjønn dersom partane ikkje blir samde seg imellom. Skjønn blir styrt av jordskifteretten.

Kapittel 9. Klage, sanksjonar, o.a.

§ 46. Klage

Enkeltvedtak etter denne lova kan klagast på etter kapittel IV til VI i forvaltningslova. Det kan alltid klagast over vedtak om:

  • a)

    matrikkelføring av saker som krev oppmålingsforretning etter § 6, under dette feil ved varslinga eller utføringa av forretninga,

  • b)

    klarlagt grense etter § 7 tredje ledd,

  • c)

    samanslåing, jf. § 18,

  • d)

    føring av referanse til avtale om eksisterande grense i matrikkelen, jf. § 19,

  • e)

    fastsetjing av samla fast eigedom, jf. § 20,

  • f)

    tildeling av offisiell adresse med heimel i § 21,

  • g)

    sletting av matrikkeleining med heimel i § 26 andre ledd,

  • h)

    avslag på krav om retting av opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje ledd,

  • i)

    avslag på førespurnad om innsyn i matrikkelen etter § 29,

  • j)

    utlevering av opplysningar frå matrikkelen, jf. § 30,

  • k)

    fastsetjing av gebyr, jf. § 32 første ledd,

  • l)

    avslag på rekvisisjon av oppmålingsforretning, jf. § 35 første ledd,

  • m)

    tvangsmulkt, jf. § 48.

Fylkesmannen er klageinstans for kommunale vedtak når ikkje anna er bestemt. Departementet er klageinstans for vedtak gjort av sentral matrikkelstyresmakt. Sentral matrikkelstyresmakt er klageinstans for kommunale vedtak om utlevering av opplysningar frå matrikkelen, jf. første ledd bokstav j.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om klage, under dette om kva for vedtak som kan påklagast sjølv om dei ikkje blir rekna som enkeltvedtak.

§ 47. Tvist om oppmålingsarbeid

Tvistar om gjennomføringa av oppmålingsarbeid etter § 41 eller om fjerning av merke eller signal etter § 42 blir avgjorde av fylkesmannen. Vedtaket til fylkesmannen kan ikkje klagast på.

§ 48. Tvangsmulkt

Kommunen eller sentral matrikkelstyresmakt kan gjere vedtak om å påleggje tvangsmulkt for å få gjennomført vedtak gitt i medhald av denne lova. Vedtak kan berre gi grunnlag for tvangsmulkt dersom vedtaket set ein frist for gjennomføring. Mulkta kan givast som dagsbøter eller som ein eingongssum. Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet kan gi forskrift om fastsetjing, utrekning og ettergiving av tvangsmulkt.

§ 49. Skadeverk på fastmerke o.a.

Den som med forsett eller aktløyse rettsstridig endrar, flytter, skadar eller gjer ubrukeleg eit fastmerke, signal eller instrument sett opp for målingar, blir straffa med bøter eller fengsel i inntil 6 månader.

Skadevaldar skal erstatte tapet som eigaren av fastmerke, signal eller instrument er påført som følgje av handlingar etter første ledd.

Kapittel 10. Iverksetjing, overgangsreglar og endringar i andre lover

§ 50. Iverksetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik tid.

Føresegnene i § 7 trer i kraft ikkje tidlegare enn fire år frå det at lova trer i kraft.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om iverksetjing, under dette reglar om iverksetjing til ulik tid i ulike kommunar. I kommunar der matrikkelen ikkje er sett i drift, skal opplysningar førast i GAB-registeret og på eksisterande eigedomskart.

§ 51. Overgangsreglar

Kart- og delingsforretningar som er kravd før lova trer i kraft, skal fullførast etter reglane i delingsloven. Krav om seksjonering av fast eigedom etter eierseksjonsloven skal fullførast etter reglane som gjaldt då lova her tok til å gjelde.

Staten ved sentral matrikkelstyresmakt har rett til å få overført alle opplysningar som ligg i kommunen sitt analoge og digitale kartverk, arkiv og elektroniske databasar, og som det er bestemt skal førast i matrikkelen, medrekna annan informasjon som er nødvendig for å få til ei rasjonell overføring. Det same gjeld tilsvarande opplysningar frå digitale kart og elektroniske databasar som kommunen eller statlege organ disponerer saman med andre, eller som blir disponerte av føretak på vegner av kommunen eller statleg organ.

Departementet kan i forskrift gi nærare overgangsreglar, under dette reglar om overføring av opplysningar frå kommunane og statlege organ.

§ 52. Endring av andre lover

Frå den tid Kongen bestemmer, blir det gjort følgjande endringar i andre lover:

1. Lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven) blir oppheva.

2. Lov 9. juli 1923 nr. 1 om anbringelse av signaler og merker for målearbeider blir oppheva.

3. I lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard blir § 25 oppheva.

9. I lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) blir gjort følgjande endringar:

– – –

12. I lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova) blir gjort følgjande endringar:

– – –

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy