Innhold
Innhold
L13.06.2008 nr. 41

Mediefridomslova

Lov om redaksjonell fridom i media

L13.06.2008 nr. 41 Lov om redaksjonell fridom i media [OPPHEVET]

§ 1. Føremål

Føremålet med lova er å sikre redaksjonell fridom i media.

§ 2. Verkeområde

Lova gjeld for

  • 1.

    dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt,

  • 2.

    kringkastarar, jf. kringkastingsloven § 1-1 tredje ledd og

  • 3.

    elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål og funksjon som medium nemnde under nr. 1 og 2.

Lova gjeld ikkje medium som har som hovudføremål å drive med reklame eller marknadsføring , eller som hovudsakleg er retta mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap .

§ 3. Plikt til å ha ein redaktør

Medium som nemnt i § 2 skal ha ein redaktør.

Med redaktør er i denne lova meint den som tek avgjerd om innhaldet i mediet eller om ein del av dette, anten han blir kalla redaktør, utgivar eller noko anna.

§ 4. Redaksjonell fridom

Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda skal redaktøren leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål.

Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine vegner leier føretaket , kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale før det blir gjort allment tilgjengeleg.

§ 5. Høve til å fråvike lova

Regelen i § 4 kan ikkje fråvikast gjennom avtale eller anna rettsgrunnlag til ugunst for redaktøren.

§ 6. Ikraftsetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen fastset.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy