Innhold
Innhold
L14.03.1964 nr. 1

Plantesjukdomslova [OPPHEVET]

Lov om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (Plantesjukdomslova)

L14.03.1964 nr. 1 Lov om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (Plantesjukdomslova). [OPPHEVET]

Definisjonar.

§ 1.

I denne lova meiner ein med:

  • a.

    Planter: Alle slags planter, her medrekna tre og buskar, og alle slags delar av slike, som røter, lauk, knollar, blomster, frø, frukt, bær, grønnsaker, tømmer og trevyrke.

  • b.

    Plantesjukdommar: Alle skadelege avvik frå det normale som soppar, bakteriar og virus er årsak til på planter. Med plantesjukdommar meiner ein i denne lova også årsakene til plantesjukdommane.

  • c.

    Skadedyr: Alle slags dyr som kan gjere skade på planter, slike som nematoder, mit, insekt og andre lågareståande dyr og visse varmblodige dyr.

Tiltak.

§ 2.

Kongen fastset kva slags plantesjukdommar og skadedyr som til kvar tid skal gå inn under denne lova og kan påby naudsynlege tiltak for å motverke og hindre spreiing av slike plantesjukdommar og skadedyr. Kongen kan med dette føremål:

  • a.

    forby innførsel og utførsel av visse planter, plantesjukdommar og skadedyr og likeeins jord, emballasje og andre ting som kan føre med seg plantesjukdommar og skadedyr,

  • b.

    forby såing, planting, avhending eller sending av planter og forby bortføring av jord,

  • c.

    gje føresegner om øydeleggjing eller særskild behandling av planter, jord, lagerrom, emballasje og andre ting, maskinar, reidskaper og innretningar for transport og om særskild lagring av planter, emballasje og andre ting,

  • d.

    gje føresegner om isolering og særskild bruk av jordstykke,

  • e.

    gje føresegner om kontroll med innførsel av planter, her medrekna å fastsetje tider, stader og vilkår for innførsle til Noreg,

  • f.

    gje føresegner om kontroll med utførsel av planter, her medrekna å fastsetje tider, stader og vilkår for utførsle frå Noreg,

  • g.

    gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

Vedkommande departement eller den tilsynsmakt departementet gjer vedtak om kan i særlege tilfelle gjere unntak frå forbod eller påbod gjeve med heimel i denne paragrafen. Ved unntak skal departementet setje dei nærmare reglar og vilkår som er naudsynlege.

Opplysningsplikt.

§ 3.

Eigar eller brukar av fast eigedom som har kjennskap til eller mistanke om at det på eigedomen finnst plantesjukdommar eller skadedyr som lova gjeld for, har plikt til straks å melde frå om det til kommunen.

Er det moglegt skal det sendast med ei prøve til gransking.

Den som eig eller overdreg fast eigedom pliktar ved sal, bortforpaktning eller bortleige å seie frå til den andre parten før avtale vert gjort om påbod eller føresegner med heimel i denne lova er gjort gjeldande for eigedomen.

Tilsyn m.v.

§ 4.

Vedkommande departement fastset kven som skal føre tilsynet med denne lova og dei føresegner som er gjevne med heimel i lova. Tilsynet kan krevje framlagt alle naudsynlege opplysningar som skal ha uhindra tilgjenge til fast eigedom, gartneri, lagerrom, utsal, maskinar, reiskapar, transportmiddel og emballasje og til andre stader eller innretningar for å gjere etterrøkjingar vedkommande plantesjukdommar eller eller skadedyr som kjem inn under denne lova. Det har rett til utan vederlag å ta ut prøver til gransking og kan gje påbod om mellombels rådgjerder som det meiner det er naudsynleg å setje i verk straks for å hindra vidare spreiing.

Elles fastset vedkommande departement om dei tiltak som vert påbodne etter denne lova skal utførast av vedkommande eigar eller brukar eller av andre som vert godtekne til det.

Den som i medfør av stilling eller ombod etter denne lova får opplysningar om drifts- eller forretningsløyndom eller noko anna som ikkje er allment kjent, skal med dei avgrensningar som følgjer av hans gjeremål etter lova teie med det han får vite. Ingen må i næringsverksemd gjere bruk av slike opplysningar.

Når påbod ikkje vert etterkome.

§ 5.

Forsømer eigar eller brukar å etterkome påbod gjevne etter denne lova, kan departementet etter særskilt varsel få arbeidet utført for hans rekning. Kravet om refusjon for utgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.

Vederlag.

§ 6.

Kostnader eller tap som eigar eller brukar av fast eigedom får på grunn av rådgjerder mot plantesjukdommar og skadedyr etter denne lova, må som regel vedkommande eigar eller brukar bere sjølv. I særskilte tilfelle kan refusjon eller heilt eller delvis vederlag bli ytt etter avgjerd av vedkommande departement dersom det ville være urimeleg eller særs tungt å bere kostnaden eller tapet for vedkommande sjølv. Vederlag kan ikkje ytast dersom den skadelidne ved eiga skuld har valda utgiftene eller skaden.

Krav etter første leden fell bort dersom det ikkje vert reist for departementet eller for tilsynet etter § 4 innan seks månader frå den tid ein hadde utlegget, arbeidet eller skaden.

Om utlegg.

§ 7.

Refusjon og vederlag etter denne lova skal reiast ut av statskassa.

Melding.

§ 8.

Melding om dei forbod og påbod som vert gjevne etter § 2 til eigar eller brukar av eigedom, skal til vanleg sendast i rekommandert brev til dei personar vedtaket vedkjem. Der det er vanskelig å gje meldinga slik, kan meldinga lysast ut i lokalblad og ved oppslag på høvelige stader i vedkommande distrikt.

Kontrollavgift.

§ 9.

Til å dekkje utgifter med kontroll med innførsel og utførsel av planter etter denne lova kan Kongen pålegge vedkommande importør eller eksportør å betale avgift. Kongen kan òg påleggje slik avgift ved import av brukte landbruksmaskinar. Avgifta kan fastsetjast på grunnlag av mengd, vekt eller verdi av dei varer som blir innførde eller utførde. For utferding av sertifikat kan fastsetjast ei avgift som vert å betale av eksportøren. Vedkommande departement gjev nærmare regler om utrekning av avgiftene og om oppkrevjing og innbetaling og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid.

Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.

Straff.

§ 10.

Den som bryt denne lova eller dei føresegner som er gjevne eller som vert haldne ved lag med heimel i denne lova, vert straffa med bøter dersom strengare straff ikkje er føreskriven etter den vanlege borgerlege straffelova.

Ymse.

§ 11.

Kongen kan gje nærmare føresegner til gjennomføring av denne lova.

§ 12.

Denne lova skal ta til og gjelde straks. Samstundes held lov frå 21. juli 1916 om bekjempelse av skadeinsekter og plantesygdommer opp med å gjelde.

Føresegner gjevne etter den nemnde lova gjeld framleis til dess dei held opp med å gjelde eller vert endra etter den nye lova.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy