Innhold
Innhold
L31.05.1974 nr. 17

Vass- og kloakkavgiftsloven [OPPHEVET]

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter

L31.05.1974 nr. 17 Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter. [OPPHEVET]

§ 1.

Når ein fast eigedom har tilknyting til kommunal vass- eller kloakkleiding, anten beinveges eller gjennom privat samleiding, har eigaren skyldnad til å svare vass- og kloakkavgift til kommunen . Det same gjeld når kommunen med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1 eller 27-2, har kravd at eigedomen skal ha slik tilknyting. Avgift kan krevjast jamvel av eigedom som det ikkje er hus på, når kommunen kunne kravd tilknyting til slike leidingar om det hadde vore hus på eigedomen. Er det ikkje bygd på eigedomen av di det, i lov eller i vedtak av offentleg styresmakt, er sett forbod mot bygging, kan det ikkje krevjast avgift så lenge forbodet gjeld. Det same gjeld når byggjehindringa er annan serleg grunn som eigaren ikkje har ansvaret for.

Avgift kan og krevjast for eigedom som slepp ut avløpsvatn i vassdrag når kommunen legg vassdraget i lukka leidning.

Når ikkje anna er avtala, skal avgift for bortfest grunn svarast av festaren og ikkje av eigaren, i fall festaren har arvefeste eller festerett for så lang tid at det er att minst 30 år av festetida rekna frå den tid avgiftsskyldnaden kom opp. Det same gjeld når avtala gjev festaren rett til å krevja festetida lengd så mykje at det vert att ei festetid på minst 30 år som nemnt, om festaren gjer bruk av retten sin.

Kommunen kan ta bort alt eller noko av avgifta for eigedom som det ikkje er hus på.

§ 2.

Avgiftene skal vera eingongsavgifter for tilknyting og årlege avgifter.

Kongen fastset i forskrift råma for avgiftene og hovudreglane om utrekning og innkreving. Likeeins kan Kongen fastsetje andre føresegner til gjennomføring av lova.

§ 3.

Kommunen fastset i forskrift storleiken på avgiftene i kommunen og gjev nærare reglar om gjennomføring av avgiftsvedtaket og innkreving av avgiftene.

§ 4.

Forfalt krav på årsavgift etter denne lova er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Både årsavgift og eingongsavgift for tilknytning er elles tvangsgrunnlag for utlegg. Avgiften kan krevjast inn av kommunekasseraren etter reglane for innkrevjing av skatt.

§ 5.

1. Kongen fastset kva tid lova tek til å gjelda.

2. Når lova vert sett i kraft er bygningslova av 18 juni 1965 nr. 7 endra såleis: – – –.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy