Innhold
Innhold
L13.12.1948 nr. 5

Riksteaterloven

Lov om Riksteatret

L13.12.1948 nr. 5 Lov om Riksteatret.

§ 1.

Riksteatret har til føremål å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auka kjennskapen til god dramatisk kunst.

Denne oppgåva skal Riksteatret løysa ved:

  • a)

    å greida med den praktiske tilskipinga av spelferder som Riksteatret ynskjer å senda ut og som går ut frå og blir drivne av dei statsstødde teatra i landet i samsvar med dei plikter som desse teatra har for å få statsstønad,

  • b)

    å stø godtekne spelferder som går ut frå andre faste teater enn dei som er nemnde under bokstav a eller som med eller utan tilskunning frå Riksteatret kjem i stand etter opptak frå einskildpersonar, institusjonar eller grupper av skodespelarar, og som desse sjølve har det økonomiske ansvaret for,

  • c)

    å skipa til spelferder med skodespelarar som er tinga til dette beinveges av Riksteatret for den einskilde spelferda eller for ein heil spelbolk,

  • d)

    å få i stand lokale teaterlag til framhjelp for Riksteatret og det føremålet det har,

  • e)

    å fremja arbeidet med å reisa tidhøvelege teaterbygnader,

  • f)

    å fremja eller stø andre tiltak som er tenlege for føremålet.

§ 2.

Utgiftene til verksemda åt Riksteatret skal dekkjast med:

  • a)

    inntekter verksemda kastar av seg,

  • b)

    dei tilskot kommunane og andre gjev,

  • c)

    tilskot frå staten etter nærare vedtak av Stortinget.

§ 3.

Riksteatret skal ha eit styre på 7 medlemer med varamenn, oppnemnde av Kongen for 4 år. 2 av medlemene med varamenn blir oppnemnde etter framlegg frå dei tilsette ved teatret. Kongen fastset òg kven som skal vera formann og varaformann.

Kongen fastset arbeidsområdet og gjev instruks for styret.

§ 4.

Kongen tilset ein Riksteatersjef for 5 år. Riksteatersjefen står for den daglege verksemda i samsvar med dei vedtak styret gjer og med instruks, gjeven av Kongen.

§ 5.

Denne lova blir sett i verk frå den dagen Kongen fastset.

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy