Innhold
Innhold
L18.05.1990 nr. 11

Stadnamnloven

Lov om stadnamn (stadnamnlova)

L18.05.1990 nr. 11 Lov om stadnamn (stadnamnlova).

§ 1. Formål og verkeområde

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet , og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel som skal brukast i skolen. Departementet kan i særskilte tilfelle gi forskrift om at lova skal gjelde når selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut, skal bruke stadnamn.

Lova gjeld ikkje for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

§ 2. Definisjonar

I denne lova tyder:

  • a)

    stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar og adresser

  • b)

    gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til

  • c)

    bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer

  • d)

    nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar

  • e)

    nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk

  • f)

    rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift

§ 3. Namnevern

Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn , ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar.

Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som er på same språk, og som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

§ 4. Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.

Har skrivemåten vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren.

To eller fleire skriftformer av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast som sidestilte, dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:

  • a)

    det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde

  • b)

    to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde

  • c)

    det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene

§ 5. Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 8.

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet. Det same gjeld der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet.

I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.

Eigaren eller festaren kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.

§ 6. Igangsetjing av stadnamnsak

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av

  • a)

    eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd

  • b)

    eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom

  • c)

    ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

  • d)

    stadnamntenesta

§ 7. Avgjerder

Kommunen vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser.

Fylkeskommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.

Statlege organ vel namn på statlege anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namnet på distriktet. Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift.

Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative området.

Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd.

Ei namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk.

Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

§ 8. Kunngjering og høyring

Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Kommunane har ansvar for å kunngjere at det er reist namnesak.

I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn, der eigaren har rett til å fastsetje skrivemåten, jf. § 5 tredje ledd, kan skrivemåten vedtakast utan høyring.

Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet.

Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til.

§ 9. Tilråding

Før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal stadnamntenesta gi tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing.

Grunneigaren kan be om å få ei tilråding frå stadnamntenesta i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom.

§ 10. Gjenopning

Ei sak kan bli gjenopna av dei som er nemnde i § 6 bokstav a til d, dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt vedtak skal gjerast etter reglane i denne lova.

§ 11. Bruk av stadnamn

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd.

Samiske og kvenske stadnamn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal til vanleg brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register saman med eventuelt norsk namn.

Offentlege organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd, skal halde fram med å bruke dei skriftformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak.

§ 12. Klage

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 6 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her. Offentlege organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Ei klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av eit departement i medhald av delegert mynde, eller av Kongen, kan ikkje påklagast.

Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Språkrådet, Sametinget og departementet høve til å uttale seg.

Feilbruk og manglande bruk av stadnamn etter § 11 kan påklagast til det organet som er nærast overordna det organet som klagen gjeld. Fylkesmannen er klageinstans når klagen gjeld kommunale eller fylkeskommunale organ. Manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.

Eit departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i §§ 8 og 9 tilsvarande. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.

§ 13. Stadnamntenesta

Språkrådet er stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn. Sametinget er stadnamnteneste for samiske stadnamn.

Stadnamntenesta skal gi rettleiing og tilråding om skrivemåten av stadnamn, namneskikk og namnsetjing. Tenesta kan òg uttale seg om bruk av stadnamn.

§ 14. Stadnamnregister

Det skal førast eit sentralt stadnamnregister.

Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket.

Opplysningane i registeret er offentlege.

§ 15. Forskrift og unntak

Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av lova.

Når særlege grunner talar for det, kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i lova og forskrifta.

§ 16. Iverksetjing

Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Frå same tid blir det gjort følgjande endring i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven): – – –

Med Norsk Lovkommentar blir arbeidsmiljøloven lettere å forstå

SmartLawyer Writer forenkler ditt juridiske skrivearbeid 

Rettsdata Total ditt juridiske arbeidsverktøy