Kontrakts- og entrepriserettsekspert Siv Snipsøyr

Kontrakts- og entrepriserettsekspert Siv Snipsøyr

Siv Snipsøyr er advokat og forfatter for Norsk Lovkommentar, Gyldendal Rettsdata. Snipsøyr har kommentert og àjourført bustadoppføringslova siden 2019 og har nylig kommet med en hovedrevisjon av kommentarene. Bli bedre kjent med våre forfattere og deres kompetanseområder!

Hva er din bakgrunn og hvor jobber du (ellers) i dag? 

− Eg har arbeidt med kontrakts- og entrepriserett både i det offentlege og i det private. For tida arbeider eg i advokatfirmaet Wiersholm, og tidlegare har eg vore tilsett hos Fylkesadvokaten i Viken.

 

Hvorfor synes du ditt felt er ekstra spennende? 

− Entrepriserett er eit praktisk viktig felt som også er spennande reint kontraktsrettsleg. At Høgsterett har avsagt ei heil rekke entrepriserettslege avgjerder dei siste åra, viser også at det er eit svært aktuelt rettsområde. Bustadoppføringslova, som eg har ansvaret for, er vidare ei av dei mest sentrale kontraktsrettslege lovene vi har, og er skore over same lest som kjøpslova. Å arbeide med bustadoppføringslova gjev meg dermed god oversikt over fleire kontraktslover.

 

Hvordan arbeider man frem kommentarene til loven?  

− For å kunne gje nyttige kommentarar til lova må ein ha oversikt over dei mest sentrale rettskjeldene og halde seg oppdatert på til dømes lovendringar, ny praksis frå Høgsterett, ny rettslitteratur osv. Lovkommentarane vert hovudreviderte med jamne mellomrom, og då vert alle kommentarane og grundig gjennomgått. Elles vert lovkommentarane laupande oppdaterte dersom det skjer noko nytt som bør med.

 

Hvordan forenkler Norsk Lovkommentar din jobbhverdag? 

− Eg brukar Norsk Lovkommentar til å få nyttige synspunkt eller svar frå kompetente fagfolk på ulike problemstillingar.


Hvorfor synes du Rettsdata er et så viktig verktøy? 

− Eg synest at Rettsdata er nyttig til både å få (raske) svar på konkrete spørsmål og til å sikre djupare kunnskap om ulike tema. Rettsdata er lagt opp slik at det er enkelt å manøvrere seg gjennom alle dei ulike rettskjeldene som er der.

 

Hva tenker du er det viktigste du kan bidra med inn i Rettsdata? 

− Det må vere at eg har nokså brei kompetanse innan entrepriserett, og at eg elles er genuint interessert i kontraktsrett.

 

Siv Snipsøyr er en av om lag 300 forfattere i Norsk Lovkommentar som arbeider med å skrive utfyllende og oppdaterte kommentarer til alle Norges lover. I tillegg inneholder Norsk Lovkommentar henvisninger til bl.a. rettsavgjørelser, lovforarbeider, uttalelser, rundskriv, internasjonale rettskilder og relevant juridisk litteratur. Våre forfattere er blant landets fremste eksperter på sine respektive områder, og arbeidene er underlagt faglig ledelse og kvalitetssikring av en redaksjonell stab på hhv. tre hovedredaktører og ni fagredaktører

 

 

 

Publisert 12. februar 2021